tysdag, september 06, 2011

Sauene

Mykje har hendt sidan sist. Du verden! Sist blogg var det snakk om 7 sauer så vidt eg hugsar. No sit me med 7 igjen. Det var dårleg avkastning, kunne ein tru. Men slik er det ikkje. Me hadde faktisk 22 smalbeist gåande på Nubbatoppen i sommar. 15 lam fekk me av 6 sauer. Det er meir enn nok, tenkjer eg. Tone, som me òg trudde venta lam, vart me litt i tvil om, for det drog ut langt over terminen, og lite jur var det. Men ein dag hadde ho hatt frå seg eit foster, daudt. Neste dag såg me noko me aldri har opplevd. Ho stilte seg opp og tydeleg ville at ein av trillingane til Signe skulle suga. Han sa ikkje nei takk, for heime hjå dei var dei 3 om beinet(to spenar). Her fekk han to åleine. Ja, men er dette ditt lam, då? Spurde eg Tone. Ho var nok litt i tvil, men valde å svara bekreftande. Ja, det er mitt?! Ho gjekk i lag med Signy og hennar 3 lam då ho fekk frå seg det daude fosteret så det er nok då ho har kobla.. Ho tok seg av Sigurden heile sommaren, og han vart ein stor "dralle". No er dei nok farne begge to.. Det er den triste sida av saka.
Sauene var altså på Nubbatoppen i omlag 3 mnd. Me fekk dei ut der i god tid før fyrsteslåtten. Då tykte me at me gjorde det godt. Det har vore ei plaga at sauene sjølvsagt helst vil både beita og kvila der det er høgaste gras og mest gras. Og sidan me ikkje har skikkeleg nettinggjerde over alt, berre piggtrådar, lurar dei seg under og tykkjest ha tilgang til dei beste grøne engjer! Det i sin tur att, fører til ein god del mýk i siloen. For som regel når sauene har kvilt godt og hjorta opp det dei har hatt i seg, kjenner dei lyst på meir gras. Då kjem dei seg på føtene, sukkar litt, strekkjer seg og slepper med det same or seg ei rua. Ikkje som fjellsmalen, småe parler fint strødde utover. Nei, kleisne gode ruer som føl med graset i ballen eller siloen og vert ein ufysen "surdeig" som gjer at me må kasta ein del fôr. Det likar me ikkje. No , i sommar slapp me det. Sauene var på Nubbatoppen heilt til me var ferdige med andreslåtten. Då opna me for kyrne òg oppi Solbakken og sauene fekk koma heim. Det lika dei godt. Lamma la på seg 10 kilo på to-tre veker.
Solvor og gamlemor(Signe) fekk jurbetennesle medan dei var på Nubbatoppen. Solvor måtte fara. Gamlemor er ikkje så øydelagd i juret, og sidan ho avlar så godt, har me bestemt at ho skal få ein sesong til etter ein del press frå sauakarar som har greie på sau. Eg kjenner berre at eg set pris på henne og har lyst ho skal få leva, men viss ho får 3 vert det nok eit alelam, og det veit eg ikkje om eg har så lyst til. Ho kan få koma til Figgen, og får det heilt sikkert godt der, men eg har i grunnen lyst ho skal få vera heima så lenge ho lever.