laurdag, september 24, 2005

Helg i september

Budeia har vore vekke nokre dagar. Det er ikkje å venta at "dei heime" skal makta både å ta fjosjobben hennar og å ajourføra bloggen. Difor så stille på den fronten.
Drusa og dei har det bra. Litt spennande å koma i floren att når ein har vore vekke. Dei kyrne som stod ved forbrettet lyfta hovudet då eg sa: God morgen! Har de da bra? Ingen svara, men det hadde dei!
Me skifta bandasjen på venstre framklauv på Gerny i dag. Såret er der enno, men ho haltar mindre. Emma har godt mot. Klauvbeinsbrotet gjer ikkje så vondt lenger ser det ut til, og mjølkemengda aukar. Paserer 20 liter no. Ho får i seg både mjøl og for , ja beite og. 20 liter imponerer nok ikkje. Ho er jo ei vaksæ kyr. Me i jerseyforeninga har lært oss å rekna med energikorrigert mjølk. Med god feittprosent og høgt proteininnhald, får me høgare tal. Og det er viktig, i alle fall gjer det godt. Etter den siste kontriollen, kom Hanna høgst med vel 29 liter innvege mjølk. Utregna etter innhald utgjorde det 50 liter enegikorrigert, utfrå ein middel på 4% feitt og 3,2 % protein. Slikt er kjekt for Jerseybønder å kunna fortelja. (Me må finna noko me er gode på, det er visst viktig for dei fleste!?!
Nydeleg haustdag i dag. Sol og stilt. Kyrne kosa seg ute og tenkte dei trong ikkje gå inn så tidleg. Det vert "tiå" vinter då me ikkje kan vera ute, tenkte dei. Roboten venta, sette på alarmen og spylte og vaska. Då kom dei inn. Om mjølkingslista er lang, ruslar dei nok ut att i kveld.
Det er ein som ikkje har det bra. Tigergutt. Kjenner du ikkje han? Han er ein koseleg kar, son til Olivia. Trygg og god. Med skipsføter og branne pels. Det var noko merkeleg med han i gårkveld då eg ville helsa på han. Noko ekkelt der i mørknå. Har du dotte ned i måttingjæ? spurde eg. Det var han ikkje sikker på, men det var ikkje bra det han hadde vore borti, sa han. Han er alt i gang å reinska opp pelsen, så han er nok snart same gode karen.
Bossi har slanka seg! I dag fekk me besøk av ei dama som ikkje hadde sett Bossi på to år. Neimen Bossi, har du slanka deg? Det var kjekt å høyra, såg me. Ho var så stolt att og følte seg så flott.

Dagens spørsmål: Kva kallar du dei klauvene som sit bak og oppføre dei klauvene kyrne går på? Forstod du spørsmålet? Viss ikkje er her eit anna.

Spørmål to: Kva var det Tigergutt hadde dotte ned i?

3 Comments:

At 24 september, 2005 23:13, Blogger Drusa og dei said...

Heia Steinsdalen! seier no eg. Budeia og Bonden har vore på konsert med Skruk i kveld. Treng stor ord for å beskriva den opplevinga! Mi oppfordring er: Reis langt for å høyra dei!Men me her heime lurer på kva O`en etter Knut står for?

 
At 26 september, 2005 16:52, Anonymous Anonym said...

På spørsmåla så er eg meste grøne, men ein kan alltid freista lukka likevel .PÅ første spørsmålet så trur eg at bakre klauvene kallast: bakstreversk ballast. Og tigergutt på andre spørsmålet har etter mitt hove føye ned i lorten eller grapset itte ei ku så har kalva???

 
At 26 september, 2005 21:28, Blogger Drusa og dei said...

Bra Varhaug! Du er på sporet. Kan tyda på bondeblod i årene!?
Men, etter nøgnare etterrøking viser det seg at Tigergutt ikkje har vore i måttingjæ, då skulle lukta ha vore annleis. Nei, det lukta heller ei form for drivstoff. Kva som er verst? Ikkje godt å seia. Det viktigast er å overleva, uansett.

 

Legg inn en kommentar

<< Home