laurdag, september 17, 2005

Opne dører

Bortsett frå at tittelen i dag òg er namnet på ein misjonsorganisasjon får eg litt sprikjande assosiasjonar med "opne dører". Ein litt kulsen trekk som snikjer seg inn gjennom dei opne dørene til ein hjarteleg invitasjon om at her er du alltid velkomen inn. Kyr i lausdrift lever med opne dører ein del av året. For dei ser det ur til å vera ein sjanse til å koma seg ut. Og av og til ein fluktveg bort frå ein pressa situasjon. Før når dei stod opplina på bås var dei treeege å få ut når det regna og bles. Så vride var det at dei ofte fekk stå ei stund til i von om at veret skulle gje seg. No i lausdrifta med dørene opne, ruslar dei ut og står ute på plattingen med regnet silande nedover øyrer og vom. Det ser ikkje ut til å gjera noko. Dei ser ikkje ut til å mislika det. Tvert imot, hjorteballane kjem og går i ein avslappa dont. Er det så stor skilnad på det å leva under tvang og det å vera fri? Litt filosofisk, kanskje, men likevel.
Me har hatt ein del plager med klauvbeinsbrot og sår mellom klauvene. I går var det Gerny sin tur i klauvboksen for å verta oppreinska. Ho lika det lite. men med litt dop, gjekk det greitt. Antibiotika på ein dott og god bandasje rundt og pencillin i skrotten. No skal det koma seg. Emma, med klauvbeinsbrot, haltar framleis. men ho pinkar seg ut, og inn. og fram til roboten kjem ho seg òg. Banar seg veg, med eit tydelg kropsspråk. No har ho bestemt seg. Ho skal mjølkast.
Har teke inn den minste av kalvane som gjekk ute, Lindy. Ho stod mykje og hutra og fraus. No er ho glad for å vera inne med Linefina. Liselotte skal inn over helga viss det no vert regn. Koseleg å få dei hus.
Etter fullmåne i natt og ein storslegen regnboge i dag tidleg, har skyene samla seg. No dryp det tett. Me har hatt ein del regn i det siste. Men ikkje så mykje som lenger nord på Vestlandet. Tidlegare, i sommar, hadde me lite nedbør så regnet no har beint fram gjort godt. Kvigebeitet og Nubbatoppen er " fornya" og held seg godt.
Kåre vaska forromet og forvogna i går. Mykje graps. men no er det ute. I dag tok han liggjebåsane ved forbrettet.
Og så er det helg. Det kjennest godt.

Ikkje spørsmål i dag, men ei oppgåve: Me treng namn på M til kalvane neste år. Tips tre namn på M!
God helg!

10 Comments:

At 17 september, 2005 19:04, Anonymous Anonym said...

Milli, Mina, Maren og Mari.. M goe inspirasjon frå Mormor og di åtta ongane. Vett kje heilt kå navn dåkke lige, kansje dessa va litt for menneskelige.
Heldige kjye så får robot t jul, hos åkke får di litt ekstra mjøl den dagen :) og så kan d jo henna at me klør di litt ekstra bag øyra. Di seie at di lige d au.

Go tur t Ingvill så reise t Tyskland!

 
At 17 september, 2005 19:10, Anonymous Anonym said...

Kanskje uttrykket "hjorteballe" må utdjupast og forklarast? Er det ei oppgåve for bloggaren? I Tromsø er det no opplett og kaldt, snø over 500 meter. Har vore på joggetur i dag, bom stopp 2 km før mål. No kjenner eg eit visst ubehag. Ikkje van med joggetur med svensk drahjelp. Når det gjeld namn på M; Myrra, Malli og Minken-Fossheim.

 
At 17 september, 2005 20:39, Blogger Drusa og dei said...

Takk for gode tips til namn. Alle er brukande bortsett frå dei som skulle vera på NRF dyr. Hjorteballe er den dotten med fôr som må tyggjast ein gong til. Han vert gulpa opp og svelgd ned att. Så kjem neste. Ser ut til å vera eit avslappa tidtrøyte.

 
At 17 september, 2005 20:42, Blogger Drusa og dei said...

Ps. Gløymde å sei at me likar godt å ha menneskelege namn på kyrne. Men me har sagt at me helst ikkje kallar opp nær fam. for det----

 
At 17 september, 2005 21:55, Anonymous Anonym said...

Namn på m: Mori, Miljøa, Mamma. Helsing ei anna budeia...

 
At 18 september, 2005 01:36, Anonymous Anonym said...

Hei tednan! Danke schön! Kjæme nok t å stortrivas i tyskland, må kosa dæg her heima i gamle landet ;) Tschüß, helsing litla-tåå :)

 
At 18 september, 2005 21:26, Anonymous Anonym said...

javel eg e syster t na silje ... kjekt å lesa frå et dynamisk fjosmiljø på tunheim. Kan dokke skriva meir om aktuelle trivseltiltak i fjoset og hms? mayso e ett godt nabben... mildrid og e ganske spenastigt

 
At 18 september, 2005 22:17, Anonymous Anonym said...

E eg på nett med kommentarane mine?

 
At 18 september, 2005 22:51, Blogger Drusa og dei said...

Til siljesyster: du æ på nett. Kosele med mange kommentara. Nå trua budeia med ein tur til Voss, så då må vel gamlebonden sjøl trø te.

 
At 20 september, 2005 17:49, Anonymous Anonym said...

Hallo! Jetzt sende ich eine Comment direkt von Deutschland. Ich habe mit den ganzen Familien gesprochen, und das Mädcen, bei dem ich wohne ist sehr nett. Ich und sie haben in die Stadt spaziert, und ein Eis gegessen. Tscüss !

 

Legg inn en kommentar

<< Home