torsdag, september 29, 2005

Sorpa

Det haustar. Meir og meir. I natt var det dundrande torever. Då er det godt for kydne å få vera inne.
I Suldal har dei kvart år ein ungkarsfestival. Eit viktig innslag på denne tilstellinga er gjørmebad. Dette får mykje oppmersomhet i media, med bilete og diverse kommentarar. Men når kydne våre utfører liknande aktivitetar, er det ingen som bryr seg. Ettersom regnet silar ned, vert det meir og meir sorpa der kydne går. Dei likar det vel ikkje akkurat, men dei bryr seg ikkje så mykje heller. Det er verre for bonden som ser på alle skitne jura og spenane. Opprensking må til. Nå er det såpass gale at eg veit ikkje om me kan sleppa ut kyrne meir. Dei får kosa seg inne. Kanskje heilt til neste vår. Kanskje får me støypt ein større platting utforbi fjoset, slik at dkyrne kan ha ein tomleplass i vinter. Det kan sikkert vera litt interessant å prøva gliden i snøen, av og til.
For 2 dagar sidan kalva ei kvige som heiter 387 Jannicke. Far til kalven er ein kjøttokse av rasen Limosin. Det medfører store kalvar. Men Jannicke er stor og velutvikla, så
- dette var ikkje noko å grua for -, sa ho. Ho la seg langflat ute på beite, og pressa på, bånn gass. Noko hjelp fekk ho av "gubben og gamla", og vips så var "Litlebiggen" født. Ein flott, stram kar. Han fekk gå i lag med mor nokre timar. Så traktorskyss heim. Men han hadde ikkje særleg syn for å vera i ein bås for seg sjølv. "Eg må ut, eg vil ut, eg skal ut", sa han, og dermed jumpa han til. Kom berre halvveges, og vart hengjande med magen midt oppå kanten. Det måtte høgare stengsle til. Slike unge veit ikkje alltid å passa seg for farane i livet. Grenser kan vera gode og nyttige slik at ein kjem seg uskada vidare. Så kjem vitet litt etter kvart.
To av kyrne, 877 Tilde og 878 Trine skal snart gjeldast av. Då vert spørsmålet: Kva betyr dette begrept: Gjelda av?

Helsing frå bonden.

4 Comments:

At 29 september, 2005 20:22, Blogger Drusa og dei said...

I don´t like that type of comments. Shut up!

 
At 30 september, 2005 00:42, Anonymous Anonym said...

Når ei ku ska gjelda seg av, så ska o trappa ner på molkingå å itte kvert slutta heilt for d atte o ska kalva.

gonatt :)

 
At 30 september, 2005 23:06, Blogger Drusa og dei said...

1.5 , sitt ned! Som gamlelæraren sa når svaret var korrekt

 
At 01 oktober, 2005 01:04, Anonymous Anonym said...

eg kan slutta meg t systera mi sin definisjon angåande avgjelding.. eg vil i tillegg nemna at eg trur det er helt naturleg,da ho treng næringå til kalvefosteret,istaden for mjølk til de på tunheim.. dei kan henta næring frå andre dyr.Ellers kan tykkje eg det høver å gratla knut (nils) med dagen .. lykke te på salitkatz løpet .Kjekt å vera i bergen sjå såpass jilde folk

 

Legg inn en kommentar

<< Home