laurdag, september 10, 2005

Fager brud treng lite skrud

Mange har nok venta ei stund på nytt frå fjoset på Tunheim, og ventetider er alltid lange. Det er òg kuhalane etter kvart (truleg ikkje klypte sidan sist blogg), og desse sveipar over og innom det meste for tida. Få ting er vel som eit venleg dask i andletet. La varmen frå ei som er glad i deg tenna stjerner i mørkaste natt..

Elles har sommaren gjenge sin gang med ivrig beiting og jamt over god avdrått. Kalvar kjem, og kalvar går. Særleg dei med feil kjønn gjer seg fort ferdige, og det er ikkje få stutkalvkroppar som legg ut på siste reis med altfor mykje ulevd liv liggande att i ein tom kalvagarde. Ein annan kar som har reist er Lars, som brått hamna langt nord i landet vårt - frykteleg fjernt frå flyterennene på Tunheim. 283 Drusa og dei saknar guten, men vonar at jula kan feirast i samla flokk.

For flokken er viktig for vennindene våre. Når ei vil ut og beita, vil alle ut og beita. Og når ei vil inn og mjølkast, vil alle tømma seg. Eit slikt feminint samhald er sjølvsagt fyrst og fremst ein styrke, men ulempen er at roboten vert ståande einsam i lange bolkar midt på dagen. Roboten stussar på dette fenomenet, og til slutt går alarmen: "Ingen besøk i stasjon 1 i det siste". Men kyrne kjem alltid attende og leverer varene..

Og så endeleg; dagens spørsmål. Og sidan me har venta så lenge på denne bloggen ligg det an til 2 denne gongen. Me veit at denne sida apellerar til eit relativt breidt segment, og det vil difor vera noko ulik vanskegrad på spørsmåla. Nr. 1 kan truleg svarast på av folk med fjosfagleg bakgrunn, medan nr. 2 er ei utfordring til dei meir urbane av lesarane våre.

1. Kva er normal kroppstemperatur for ei ku? (slingringsmonn: +/- 0,3'C)
2. Kva kan omgrepet "drektig" omsetjast med?

Tek imot alle gode svar. Innsendarar av rette svar vert inviterte til fjoset for ein varm dask i andletet.

Dagens ku: 296 Emma - har knekt klauvbeinet, men ikkje livsmotet. Drog foten med seg ut i sola.

2 Comments:

At 12 september, 2005 10:46, Anonymous Anonym said...

Kjekt å høyra heimanfrå. Merkeleg å tenkje eit år tilbake, stoda var veldig annleis då. Men det var greit å mjølka òg. Når det gjeld svar på spørsmål; Halvanna grad høgre enn for menneske, og at ho er "på tjukka".

 
At 12 september, 2005 15:27, Anonymous Anonym said...

Flott svart Lars, du he nå vonne dæg hajm!! Ti kjæme diu?? Bossi sakne dæg ;)

 

Legg inn en kommentar

<< Home