søndag, september 25, 2005

Sundag

Det haustar. Vinden ruskar i tretoppane. Men temperaturen er ennå til å gå i skjorta. Og Drusa, Emma, Frida, Gerny, Hanna, Ivonn, Juliane og dei andre har fått sleppa inn på Gosen i dag. Der er graset saftig, og smaken er god. Gosen ligg berre nokre meter frå husa. -på andre sida av bekken. Koseleg å sitja på kontoret å sjå på dyra. Utruleg kor mange gode kjenslar som kjem opp i meg når eg tenkjer på alt eg har opplevd i lag med dei. Nei, livet er ikkje pengar. Livet er opplevingar og glede over i vera til. Ha positive relasjonar. Gode relasjonar til dyr har det i seg at ein aldri vert skuffa over at dyra har ein ufin baktanke i det dei gjer og er. Dei er alltid ærlege. Det er tydelege i sine reaksjonar og ærlege i det dei føretek seg.
Dagens ku er 345 Hilde. Ho har trakka hardt på noko som har gjort henne vondt. Det har vorte blødningar under klauvhornet på eine bakfoten - såleknusning. Ville berre liggja i dag. Derfor fekk ho ekstra stell og omsorg. Ein kvit bandasje fekk ho òg. Den er snart svart, for ho går ute ilag med dei andre nå. Det hjelper med plaster. Litt blåsing og plaster har alltid gjort underverk. Så med tanke på hms: Pass på at dyra ikkje kan trakka på noko kvasst. "Ein skal fara vel med dyr, slik at dei ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål", - står det i dyrevernlova.

Sundagshelsing frå bonden.

3 Comments:

At 26 september, 2005 16:32, Anonymous Anonym said...

ja du å du.. Tunheim,om det er langt frå sælandskogen og bjødnaliå? He vore der i dag,eg og min gode venn pinky(labrador,border collie,terrier, og diverse udefinerbare greier) . Godt å høyra at skada og vonbrotne kyr får stell og omsorg,plaster og blåsing. KNUT:Godt å sjå at du klarer deg så godt på framandspråk(når du talar med anonymus) ,enn vert vel van med andre målformer når ein valfarter i kriker og kroker på vestlandet som hestalækjar. Nyttig lærdom og ta med seg

 
At 26 september, 2005 23:56, Blogger Drusa og dei said...

Tunheim er ca 6 km frå Sælandskogen, i retning Nærbø - og Varhaug. 2 km frå Onnai, i vestleg retning.

 
At 28 september, 2005 17:29, Anonymous Anonym said...

Eg saknar kyrne.

 

Legg inn en kommentar

<< Home