tysdag, september 13, 2005

Berre Drusa, ikkje dei

For dykk som ikkje har sett Drusa og ikkje kjenner henne, trur eg me kan seia det slik at ho er mellom dei som ikkje har så mykje til overs for lausdriftsfjos. Ho hadde i alle fall ikkje det. Mellom hennar meiningsfellar finn me nok fleire firføtingar som seier mø, men og ein del tobeinte, til dømes litt gråsprengde, trauste bønder med lang røynsle frå mjølkeproduksjon og ein og annan dyrlege som har sett seg lei på skit og lort over alt.
Men no var det Drusa. I fjor haust fall ho ofte i tankar om kor mykje greiare alt var i den tida då kvar kyr hadde sin eigen eteplass der dei òg hadde liggjeplass. No fór det ungkyr og kviger i vegen for henne overalt. Ikkje kom ho seg til å få tak i mjøl for der fekk ho ikkje stå i fred og framfor roboten kom alltid dei frekke og freidige og skubba seg plass. Til slutt tok Drusa ei avgjerd: Ho gjekk ikkje i kraftforautomat eller mjølkerobot utan at folket fylgde henne! Og den praksisen heldt ho på, lenge.
Ei svært traumatisk oppleving i sommar, eit ormebit under haka, heldt på å senda heila Druså til dei evige jaktmarker. Men ho overlevde, og er no i gang i gjen. Mjølkar ein liten skvett, er drektig(?), pelsen har vort meir grå og bustet og ho har endra haldning til lausdrift. Drusa ventar ikkje på tur, lenger! Ho går på! No er det min tur! seier ho. Som regel går det greitt, men ho tek ikkje opp nokon kamp. Då får det heller vera til seinare, seier ho. Drusa har det betre. Slik kan motgang føra noko godt med seg når berre ein ikkje vert bitter!
Emma slit famleis med høgre bakfoten. men ho får kraftforet i båsen medan ho ligg. I dag tidleg var det over 10 liter i henne. Det er bra. På veg opp. Ho pinkar seg bort i roboten når dei fleste kyrne har gått ut. Då tek ho den tida ho treng. I dag vaska eg juret og sette på manuelt. Tenk det var ei som hadde måtta på do akkurat når ho gjekk forbi der Emma låg. Blautt var det og. Over heile juret, spenane låg og sprikte. Typisk lausdrift!
Me har ein pasient til. Ein liten. Det er vesle Lava. Ho begynte med hjrnebarksår sist veke. Står med hovudet på skrå opp og ser rett og slett ikkje heilt "god" ut. No har ho fenge sprøyter,og i gårkveld var ho så glad etter at ho hadde drukke mjølka si at ho "hypste" seg rundt i bingen sin. -Kva er det som føregår?, spurde Kåre.

Dagens spørsmål: Kva var det som føregjekk når Lava "hypste" seg?

Dagens kyr in spe: 419 Lava. Fordi det er viktig med tydeleg kroppsspråk!

Ha ein fin dag! Helsing budeia!

6 Comments:

At 13 september, 2005 15:32, Anonymous Anonym said...

Er svaret bare at ho hadde fått melk, eller kanskje såret i hjernebarken vart helbreda? Men logikken tilseier klart at ho er ei skikkeleg arbeiderpartikvinne som ikkje klarde styra seg då Karita sine sjangsar for ein velfortent ministerplass vaks. Trur vel kanskje at Lava ikkje har tenkt på at ho skulle vore abortert om Karita fekk vilja si. Ha ein fin dag.

 
At 13 september, 2005 15:45, Blogger Drusa og dei said...

Eit interessant svar du hadde! Men kva vil det seia å hypsa seg? Du kan forklara det med ord eller visa det på golvet når du kjem heim.

 
At 13 september, 2005 17:16, Anonymous Anonym said...

Då vil eg seia at hypsinger er eg flink til. Det har eg gjort mange gonger. Kan godt visa det til dei som vil, men de må venta til eg kjem heim. No er eg i Tromsø. Måtte i dag for fyrste gong berøra ei kvinnes lepper med mine, det gjekk greit. Kjende ingen spenningar eller sitringar i kroppen under munn til munn - øvinga. Det vart heller ingen hypsing.

Eg er klar over at eg enno ikkje har svart på kva hypsing er, så sånn er det.

 
At 13 september, 2005 18:44, Blogger Drusa og dei said...

Jau, no er eg nøgd med svaret.

 
At 13 september, 2005 23:49, Anonymous Anonym said...

"Hypsa seg" e vel ku-verdenens svar på d å "ta av"????
Så jille blogg dåkke he altså :)

 
At 14 september, 2005 09:18, Blogger Drusa og dei said...

Du er inne på noko der. Å hypsa seg er eit teikn på gleda og livsmot, ikkje berre for dyr. Lars vil visa "hypsing" når han kjem til Jærs i november. Alle bloglesarar er velkomne då. Kanskje til eit lite hypsekurs?

 

Legg inn en kommentar

<< Home