søndag, februar 14, 2010

Ein liten presentasjonsrunde av dei som held hus i floren vår

Olivia
Olivia er "the grand old lady" og stammor til dei andre kattane her på garden. Ho er faktisk begynt å dra på åra. No til våren er det 10 år sidan ho kom til oss frå det blide sørland. Ho og broren Skipperen vart frakta i personbil i 4 timar hit til Jæren. Fyrste timen var temmeleg traumatisk både for dei og for sjåfør og passasjer.
Skipperen var ein flott kar, men vart sjuk etter berre eitt år og strauk med. Både han og Olivia var skipskattar. Dvs. at dei har minst ei klo meir på kvar fot enn andre kattar. Men det som er det beste med Olivia det er måten ho taklar livet på, for det har slett ikkje gått på skinner for henne heller." Det går seg til", seier ho, når det krælar av eigne og andre sine ungar som skal ha ein sup, - og det har gått seg til, litt etter litt.
Så lenge det var hund her på garden såg me at ho hadde sin måte å takla det på. Ho brukte ikkje "klo og fres- metoden" som mange andre, men bukta seg bortåt hunden og let som alt var vel. Berre eit litt observant auga kunne sjå at heilt trygg var ho ikkje. Her om dagen høyrde eg litt oppstandelse frå brunnhuset der kattane held til. Då eg såg ut, for det ein hund på sjølstyr og snusa rundt i tunet. Alarmen hadde sikkert gått i brunnhuset og alle kattane heldt seg inne. Berre Bøgvald stakk hovudet ut i holet for å sjå korleis situasjonen låg an. Olivia hadde plassert seg i glaskarmen, litt intens i blikket, og var ikkje rygghåra litt stivare enn dei plar vera? Trur det. Heldigvis etter nokre rundar fòr inntrengjaren sin veg, og signalet gjekk: Faren over!
Så senka freden seg atter i gamla brunnhuset og Olivia hoppa ned or glaskarmen, tok einn lett vask og krølla seg ihop på soveputa. Det laga seg no òg, tenkte ho og tok seg ein dupp.

3 Comments:

At 15 februar, 2010 15:31, Blogger Islandur said...

Kjekt med slike kvardagsglimt frå Tunheim!

 
At 15 februar, 2010 17:48, Blogger Gagn said...

Det der e ein pys eg føle eg kjenne litt itte kvert :) Olivia ein stabil ledar for dei onna 20 cm i skulderhøyde på Tunheim. På (høg)skula og sånn, he di mellomledara som he ansvar for ein del av di ansatte og som rapportere vidare opp i systemet te hovedledelsen. Trur Olivia må ver ein sånnein, med personalansvar for avdeling brunnhus.

 
At 16 februar, 2010 13:07, Blogger Drusa og dei said...

God idè frå Puf! No skal eg fortelja Olivia at no har ho fått tittel, og det er: Avdelingsleiar. Bra! Då kjem ho nok til å knipa augo att og "glira" mot meg...

 

Legg inn en kommentar

<< Home