tysdag, februar 23, 2010

Fine namn

Pamfylia er dotter til Marte. Litt lita, men frisk og fin.

Priskilla
Som ein del av blogglesarane våre veit, finn me namn på kvigekalvane våre alfabetisk, ny bokstav for kvart år. No er me komne til R, og har fenge Ronja og Rosalinn. Me har fenge to oksekalvar òg, og sidan det ser ut til at dei får leva, har dei òg fenge namn, Rudolf og Reidar. I fjor fekk me så pass mange kvigekalvar at me sleit med å finna namn på P. Me var inne og fekk litt hjelp på nettet, på namneleksikon, men det var mange namn som me totte var litt inkjevetta. Men me klarde finna namn som me er godt nøgde med, og dei som ber dei er ikkje vanskelege. Priskilla er dotter til Keyline Queen med nr 400.
Rosalinn har nr 499, så no ventar me nr. 500 i månadsskiftet, Natalia og Hege skal kalva då. Då må me ha eit fint namn, gjerne med queen i tillegg. Har du eit forslag? Namnet skal referera litt til mora sitt namn, med minst ein bokstav, då er det lettare å hugsa kven ho er dotter til.

3 Comments:

At 24 februar, 2010 02:12, Blogger Islandur said...

Eg skulle vel ha skrive didaktikkoppgåve, men så var det kome ennå eit nytt innlegg frå Tunheim...

I audmykje over at eg fekk innverknad på kattenamna, skal eg ikkje blanda meg no. Men eg tenkte med meg sjølv at de var litt "feige" som hoppa rett frå P til R... ;)

 
At 24 februar, 2010 19:16, Blogger Drusa og dei said...

I kveld oppdaga eg ein feil eg har gjort. Me har allereide fenge kyrkalv nr 500, nemleg ho som eg kallar Rosalinn! Me har berre ikkje sett merke i henne enno. Ventar alltid nokre dagar i von om at øyrene veks litevetta eller kanskje brettar seg ut.(?) Dei er jammen ikkje store desse nyfødde jerseyøyrene. Men Rosalinn Queen, er det fint?

 
At 24 februar, 2010 23:39, Blogger Islandur said...

Rosalinn Queen er nydeleg :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home