torsdag, februar 11, 2010

Matglede

Eit oversiktsbilete
Her er mange koselege fjes og refleksen på plass, ser me.
Gleda er stor når silo står på menyen. Då er alle mann på dekk.
Men det var eitkvart i enden av forbrettet som stal merksemd, noko ho i andre enden nytta til å visa seg fram: Eg har LANG hals!
Budeia har altså vore ute og teke bilete av fleire aktører i floren og har planar om ein presentasjon, litt etterkvart.. Hadde eigentleg tenkt å begynna med kattane.., men no får me sjå. Det er dette tekniske òg med å få lagt bileta inn på bloggen...No hadde eg litt assistanse i dag, så det spørst korleis det går når eg skal gjera det åleine. Eg skal i alle fall prøva.
Dagens spørsmål:
1. Kva er det med den fyrste kyra til høgre? Kva og kvifor? Og namn?
2. Kan du sjå kyr som ikkje er heilt typiske jersey?
Ha ein fin dag!

Etiketter:

4 Comments:

At 11 februar, 2010 17:36, Anonymous Lars said...

Godt med nytt visuelt innlegg. Eg vil prøva meg på svar:
1. Ho har grima, men grunnen til det veit eg ikkje. Kanskje vil de binda henne i ein eller anna samanhang. Eller de vil leia henne. Kanskje som opptrening til eit eller anna dyrsku. Namnet er uvisst, har visst ikkje taket på slikt lenger. Kanskje er det Trine?
2. Vel eg trur de vil fram til dei som har kvitt i pannen. Men det er jo ein del Jersey-kyr som har det slik, sjølv om me ikkje har hatt tradisjon for slikt. Iallefall amerikanske J-kyr har høg prevalens av kvite flekkar.

 
At 11 februar, 2010 19:16, Blogger Drusa og dei said...

Du er inne på noko der Lars, i alle fall når det gjeld spørsmål 2. Ho på nr. 1 vert kanskje litt skuffa at ikkje du kjenner henne. Så der får andre få sjansen!

 
At 12 februar, 2010 01:39, Blogger Islandur said...

Eg held meg til spørsmål 1. Eg hugsar ikkje andre namn enn Drusa og Hanna. Men for det første bér panna vitne om at ho kan vera hovudmistenkt ved fjosbrannen på Opstad sist veke...

Når det gjeld grima, så har eg sett tilfelle der ein måler metangassutslepp ved hjelp av måleinstrument festa til ei grime. Kan henda ho er involvert i slike ransakingar..

 
At 13 februar, 2010 09:36, Blogger Drusa og dei said...

Interessant innlegg frå islandur. Kjekt å merka seg at du får med deg nytt stoff frå Jæren, sjølv om brann ikkje er noko kjekt då.
Metangass, utslepp og granskingar kjenner eg ikkje til her på huset, men ein kan aldri veta....?!
Fasiten på spørsmåla kjem i dag ein gong, då skal eg leggja ut neste bilete. Men fyrst må det handlast inn til bollebakinga...

 

Legg inn en kommentar

<< Home