fredag, februar 19, 2010

Småpusane


Småpusane vart fødde seint på året i fjor og fekk ein vanskeleg start. Dei var fira, no er dei berre to. Den eine strauk med nokså fort. Trur Olivia hadde for lite mjølk til dei, og for lite ansvar for dei. Ho kan nok skulda på dårleg hormonproduksjon så seint på hausten, i tillegg til at det var for kaldt for dei i kjellaren. Den andre fôr for ein månad sidan. Ho hadde vorte att i strørommet då eg gjekk inn. Eg prøvde å få henne ut då eg henta mjølk, men det stod ikkje til. Om morgonen då eg skulle finna surmjølk til kalvane, såg eg noko som låg og flaut oppi tønna og trudde fyrst det var ei huva som hadde dotte oppi. Då såg eg kva det var og vart ganske dårleg. Loket var ikkje på tunna, og så hadde vesle katten kome seg opp på den andra tunno og sete og strekt seg for å smaka på kalvamjølka. -Så kan me tenkja oss resten. Eg orkar ikkje tenkja på det meir. ..
No har me att to, altså , to hankattar, ein heilt grå og ein som er lik mora, begge med skipsføter. Dei har ikkje fenge namn enno, så me treng tips!
I går var dei med meg på låven. Dei kom då eg var ferdig med kappsaga, dei er litt lure slik. Dei kom fira, Sopus og Bøgvald var òg med. Det er kjekt å ha kattungar med seg når ein arbeider. Dei finn alltid noko løye og noko å leika med. Eg lødde ved og dei dreiv med sitt. Etterpå tok eg fatt på halmen, den skulle i sekkje og der var det mykje for dei å gjera. Det levde alle stader og dei for som vindar hit og dit, berre så det skraoma i halmen. Sopus var delvis med på leiken. Eg såg han koste sg. Bøgvald hadde lyst, det viste, og han gjorde nokre byks før han fann seg ein plasss der han sat og hadde kontrollen.
Olivia var ikkje heime i går. Eg gjekk og såg etter henne fleire gonger. Då me kom ut i floren i firetida, var ho komen. Eg såg straks at det var noko gale, ho var skamfaren i munnen. Soglet rann, og ho skalv og smatta heile tida. Viste ingen ting elles på kroppen. I dag såg det betre ut. Ho hadde reinska seg opp og var i matfatet. Kjende eg vart redd for henne. Ho har vore lite på vegen, men det var nok der ho hadde vore i går.
Då eg gjekk inn or floren i dag tidleg var dei mange i farmorstolen. Bøgvald er stor og svær no og varmar godt for dei som ligg attmed han. Trur eg såg fem håve som kikka på meg. Og småpusane hadde på "motoren", med flott høg koselyd. Då ligg det godt an!
Ha det godt der du er, og god helg!
Og kom med nameforslag!

6 Comments:

At 19 februar, 2010 16:34, Blogger Islandur said...

Uffdå, trist! Vanskeleg å tru det, men har høyrt drukning skal vera den mest humane måten å døy på... :/

Naboen vår på Solbakk hadde ein katt som heitte "Martin Dagfinn".. kan henda den gråe kan kallast opp etter han?

Ellers, "Pandus" til den bakerste pysen.. :)

 
At 20 februar, 2010 10:03, Blogger Drusa og dei said...

Det var gode forslag, eller framlegg som det eigentleg heiter. Men kanskje Martin Dagfinn verkar litt tungt? Kanskje den eine kan heita Dagfinn og den andre Martin? Nokon betre?

 
At 20 februar, 2010 10:05, Blogger Drusa og dei said...

Men kven skal heita kva? Eg får høyra litt med dei, og betrakta dei litt. Så ser eg sikkert kven som er Dagfinn.....og Martin..

 
At 20 februar, 2010 12:06, Blogger ingvil said...

så skjønne di va! :)den gråe må jo i følge tradisjonen hetta jonas!! Å den svarte Gunnval(d), si me allereie he Tryggvald?

 
At 20 februar, 2010 16:39, Blogger Islandur said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

 
At 22 februar, 2010 20:35, Blogger Drusa og dei said...

Eg trur me seier Dagfinn og Jonas. Det er gode namn, og dei som skal ha dei er godt fornøgde. Takk for hjelpa!

 

Legg inn en kommentar

<< Home