tysdag, februar 16, 2010

Fotografering

Dette skulle eg eigentleg ha skrive før eg skreiv om Olivia, for dette er som ei innleiing til presentasjonen. No kjem det altså. Eg rusta meg ut med fotografiapparatet mitt, eit lite, nusseleg eitt som ikkje skulle vekkja så mykje åtgaum, tenkte eg. Det var kattane eg ville "ta av". Eg ser dei i så mange koselege "modus" når eg går der og sjodnar, og tenkjer ofte at no skulle eg ha hatt apparatet med! Sist onsdag hadde eg det altså med meg. Dei fyrste eg møtte var juniorane (utan namn). Dei sat rett utforbi dørholet og var berre heilt "perfekte". Men før eg fekk klikka dei av, var gråpusen på beina. Så var det Bøgvald. Han sat så stor og rund på gamle kjøkkenbenken og såg reint herskapeleg ut. No, tenkte eg. Men trur du`kje der var han på beina og steig avgarde. Olivia sat i troppa til låven så fredeleg og flott og såg på meg, men då dette auga såg på henne, der smalna augo til og ho berre såvidt glirde litt mot meg.. Og der sa eg det. Auga. Akkurat. Då kom eg på det. At kattar og andre dyr opplever det ubehageleg når nokon ser eller stirer på dei, og vil helst koma seg vekk. Var det difor det var så vanskelg? Eg trur det. Men me fekk no fleire fine bilete og. Eg prøvde med eit familiebilete. Tenkte det var lurt å samla dei rundt matfatet. Men det var ikkje lett det heller. Då enda minst eitt medlem oppi matfatet.
Eg tenkte ho skulle fått ein jobb ho på fame-fotografane om ho skulle ha "teke av" denne firbeinte familien som likar så lite å verta beglodde. Kanskje ho hadde kome på noko lurt slik ho gjer med tobeinte? Enn om å setja fram ein liten monitor og surra film om myser som pilte att og fram? Skulle ha vore løye og prøvt .....

2 Comments:

At 16 februar, 2010 23:40, Blogger Islandur said...

Trur du dei hadde sete still dersom det var mys dei såg på skjermen? :)

 
At 19 februar, 2010 14:21, Blogger Drusa og dei said...

Eg ville nett prøvt, for kattane er ganske lure når dei er ute på jakt. Dei står heilt stilt eller kryp sakte mot byttet, med alle muskelfibrane i spenn... klare til å kasta seg over den stakkars musa....
Ein annan ting er at ansiktsuttrykket i ein slik situasjon kanskje ikkje høver så godt for eit familiebilete, med eit ganske kvast blikk og intens uttrykk..

 

Legg inn en kommentar

<< Home