laurdag, februar 13, 2010

Det er ikje fint å hyva mat

TILDE må altså gå med grima med kjettingar på. Ho har nemleg den uvanen at ho slengjer og delvis hyve maten i veret før ho finn seg ei togga som ho tygg og svel. Det fører til at det viser godt kvar Tilde har stende ved forbrettet for der ligg det mykje godt silofor i renno i lag med mýkjæ. Dette foret tvirlar seg så fast i skinnene der skrapene skal gå og alt stoppar opp. Det er veldig trøyttande. Etter at ho fekk kjettingane på som gjev henne ein kraftig smikk på munnen kvar gong ho hyve så har det vorte mindre av det.
Tilde er bestevenninne med Trine. Dei er jamgamle og har vokse opp i lag. Ofte kan dei stå og sleikja kvarandre og kosa seg. Det er kjekt å sjå. Og rett som det er ser me dei har lagt seg på liggjebåsar attmed kavandre og ligg og jortar.
Eg kan seia mykje fint om Tilde. Ho er veldig snill, ho er fin (1. premie på Seljord på 4. kalven), mjølkar godt (litt lite innhald fyrst i laktasjonen, men..), ho har god sjøltillit, men utnyttar det ikkje med å vera ufin med dei som er lenger nede på rangstigen. Eigentleg syns eg litt synd i Tilde som må gå med kjettinggrima. Ho er den einaste. Trøysta er at når våren kjem og med den beitetida då får Tilde sleppa grimo! Ikkje løye me gler oss til våren!
Men det er stygt å hyva mat! Det er det mange folk som gjer òg. Skal tru det hadde hjelpt om dei fekk ein smikk kvar gong? Men det hadde vel ikkje nytta med grima, likavel...
God helg og god fastelavnssundag!

Etiketter:

2 Comments:

At 14 februar, 2010 09:30, Blogger Gagn said...

Jillt med bloggposting med bilda :) Eg he lagt merke te Tilde ja. Viss hu bara helle håve i ro, så trenge kjettingane ikkje virka stigmatiserande. Då kan di andre kjydnan tenka at det e smykke eller øyredobba som e festa litt lenger nere enn vanlig.

 
At 15 februar, 2010 15:29, Blogger Islandur said...

Interessant. Sjølv om det jo er litt synd på Tilde. Vonaleg lærer ho fort så ho slepp denne tukta.

 

Legg inn en kommentar

<< Home