søndag, januar 01, 2006

GODT NYTT AAR!

GODT NYTT AAR! Helsar me fraa Filipinane! Ei form for tjuvstarting, for me har alt brukt 13 1/2 time av det nye aaret! Og det har begynt godt. Me har litt vanskelg for aa faa sova ei heil natt i strekk, saa i jerkvelde bestemte me oss for aa halda oss vakne til ut i det nye aaret. Og saa satsa paa at me klarde aa sova 4-5 timar i strekk. Ikkje problem aa halda seg vaken. Det gneistra, spraka, small og kvein av rakettar, kinaputtar og eg veit ikkje kva (saa ut torde me i alle fall ikkje gaa). Men sova var ikkje heilt lett sjolv om det stilna utover natta. Ikkje heilt sant at me ikkje var ute, for det var me. Sjur kom ned til oss og fylgde oss bort i kyrkja som ligg i same kvartalet. The redemption church!Daa var klokka knapt sju(19) . Han skulle heim att til familien, men me bestemte oss for aa vera paa messa som skulle starta kl 8 og fann plass paa ein benk. Dette var forvitneleg. Folk kom og sette seg ein time foer gudstenesta skulle begynna. Somme berre sat, andre knelte paa boneskammelen som var framfor kvar benk og andre gjekk og kveikte boneljos. Ja, ein del gjekk og bort til Jesusbarnet som laag i krubba framfor eit kjempestort Betlehemsbilete. Kva var mest ukjent og annleis? Folk var ikkje redde for aa liggja der og bed sjolv om andre gjekk rundt dei. Eit svaert opptok opna messa og ei lang rekkje med ungdomar bar skaaler med roykjelse. Roykjen veiva dei rundt altaret osv. saa presten var til tider meir eller mindre innhylla i royk. Og saa var dei opptekne av Maria. Dei bad om at ho maatte gaa i forbon for dei. Det verka tungvint. Elles var songarane gode og mange kjende songar paa overhead! Med bassgitar og forsterkar! Begge sideveggane var 4 sett med doble dorer. Desse opna dei for messa, men songen og musikken var saa flott at den overdoyvde lyden av fyrverkeriet utanfor! Det var bra! Etterpaa fylgde me stimen ut og rusla heim, sveitte og klamme i varmen, men med mange tankar i hovudet!
I dag sa me til Sjur at me ville ha noko anna, ikkje katolsk! Og det fekk me! Ei lita forsamling som kallar seg: Life of bread! Dei held vanlegvis til i overste etasjen paa eit supermarked. Me norske er opptekne av kva konfessjon dei ulike tilhoyrer. Eg spurde ei av dei aktive om det, men det visste ho ikkje! Saa herleg! Det hadde lite aa seia for det var heilt bra aa vera der. Lovsong og lang undervisning. Den vesle dama snakka i 1 1/2 time med drama og videosnuttar inni mellom! Bra!
Me har det altsaa godt. Flott aa moeta kristne broer og systre paa andre sida av kloden og kjenna fellesskapet i trua.
No skal me ta drosje til Casa Rosario og saa vidare heim til Sjur! Ha ein fin dag!
Det einaste Kaare saknar er Nyttaarshopprennet i Garmisch partenkirchen!

6 Comments:

At 02 januar, 2006 14:28, Blogger Sildesotten said...

Godt nyttår t dåkke au! Hørres så jillt ud å ver på tur. Me her i gamlelande he au hatt ei jyseli jille nyttårsfeiring i farfarhuse. Så mange goe folk på same plassen måå jo bara bli fest meine nå eg :) Å så he eg passt på di tri guttane dåkka au, tenke d e trygt for dåkke å veda, som e så langt vekke.

 
At 04 januar, 2006 10:10, Blogger Drusa og dei said...

Paa nett igjen fraa Sebu.

I dag har me vore ein tur sorover til Sibonga, ca 5 mil lenger sor. Leiga drosje fraa kl 0800 til 1330; 1.500 piso; 200 kr. Ei anna verd.

Me var og besokte ein skule, 5. klasse. Ei utuleg oppleving. Ca 40 elevar. Ei oppleving alle norske laerarar kunna hatt godt av. Barna er opplaerde til aa respektera dei vaksne. Og det gir ein annan atmosfaere i klasseromet. Me fortalde fraa Norge, om landet, klima, aarstidene, om dyr, livet paa landsbygda, og om folk og mykje som er annleis. Dei laerde ogsaa korleis me tel til ti, og me song bordverset: AA du som metter... Ingen Djupedal paa Filippinene. Og takk for det!

I gaar var me i heimen til Gina (Zena) og hadde ein tur til fjells og besokte bl.a. ein bror hennar. Han har nokre purker. Elles er det mykje kokosnott-tre. Far til Gina klatra opp i eit slikt, 6-7 m oppover stammen. Han er 65 aar, men sprek og senesterk. Koseleg kar. Elles kjem me stadig i droes med nye. Den siste var ei som arbeidar paa ein vaffelbar.

Har og vorte kjent med eit ektepar paa omtrent vaar alder. Han, Bjarne, er fraa Austreim, Lindaas. Gift med ei her fraa Sebu. Kjem til Norge neste aar, og vil koma paa besoek.

I morgon reiser me til Manila, til Ma-Ma's Hope, Haven of Norway. Det vert ein lang dag. Startar om morgonen foer de har lagt dokke kvelden foer heime i Norge, og kjem tilbake til Cebu utpaa kvelden. Laurdag er det Beach.

Mange gode helsingar fraa Cebu. Det er saa at ein lurer paa kva som er det gode liv!

Bonden i utlendighet.

 
At 04 januar, 2006 13:05, Blogger Drusa og dei said...

Me reiser tidleg til Manila i morgon. Opp foer 5. Sjur ligg her paa Casa Rosario og. No gjekk me her til naboen og kjoepte oss kvar si flaska vatn, daa eg oppdaga internett kafen her. Nydeleg temperatur til aa sitja ute i. Hadde gjort seg med eit blogbidrag heimefraa! Ei litt meir detaljert utgreiing om smaakalvane og hundungane. Korleis dei ter seg?

 
At 04 januar, 2006 13:09, Blogger Drusa og dei said...

Ps. Har faat med 9 namn paa M fraa borna i Sebonga!

 
At 06 januar, 2006 05:33, Blogger Drusa og dei said...

Ny rapport fraa Cebu.

I gaar var me til Ma-ma's Hope, Haven of Norway. Trur eg saa vidt hadde registrert dette namnet tidlagare. Me tok altsaa fly til Manila, ca. 1 time. Inn i hundremeter lang drosjekoe. Endeleg framme til drosjane, hyra me ein for fast pris til ein bestemt moeteplass. 600 piso - 80 kr. Alfor dyrt i foelge Sjur, bror til Marta. Her kom Sally fraa Ma-ma's Hope oss i moete for at me skulle finna fram. For aa koma dit hadde ho skifta buss tre gonger (4 bussar). Bussane er nokre store jeepar med sete langs sidene. Gaar inn bak. Desse stuar dei inn i til det heng ut folk alle stadar om noedvendig. Kjem ofte 3 og 4 etter kvarandre, og saa kan det kanskje gaa eit halvt minutt til neste. Ingen stoppeplass. Stoppar der det er nokon som vil paa. Gjerne er dette eit lyskryss, for her maa dei saa likevel stoppa av og til. Naar me staar og ventar paa roedt lys, aular det fram med seljarar som gaar mellom bilane. Av og til kjem det ogsaa smaagutar, tiggarar, som ber om pengar. Hjerteskjaerande naar dei ser oss djupt inn i augo med store, moerke og bedande augo og uttrykk.

Me kom oss vidare i lag med Sally. Leigde ein drosje for resten av dagen. Sally fortalde sjaafoeren at me var fraa Norge, og at me hjelpte filippinarane med pengar, og derfor kosta resten av dagen i drosje berre 1800 piso - 230 kr. (Desto stoerre vart bidraget til Ma-ma's Hope.)

Vel framme i Cavite fekk me ei omvising i bygningane dei har bygd opp der sidan 1990. Ein merkar med det same ein kjem der, at dette er ei anna verd enn det som er utafor. Velstelt, med plen! Ryddig og greitt overalt. Ei gruppe med smaa paa under 7 aar, tilsaman 5 jenter og 10 gutar. Alle med sin bakgrunn og triste skjebne, men naa fulle av liv, og med ei utstraaling som vitnar om sprudlande liv. Ogsaa ei gruppe i skulealder, men dei var opptekne med sitt daa me var der i skuletida. Og saa ei avdeling med gamle. Fattige og hjelpelause. Dei fekk vera der til dei doydde. Her fekk dei god hjelp siste vegstykket her paa jord. Daa avdelingsleiaren fortalde om korleis ho hjelpte dei doyande siste vegstykket, vart doden noko trygt og naturleg. Fantastisk aa faa moeta slike menneske. Eit stort privilegium. Det roerer langt ned i sjela.

Kan verta noko lang comment dette her. Skal berre ta med ein liten episode til - fraa flyplassen i Manila. Mens me venta paa flyavgang, rusla me litt rundt i ventehallen. Heilt framm, ved sida av 4 - 5 utsjekkingsrampar var det plassert eit slags skap med opning inn mot ventehallen. Her var det ein Maria-figur, eit krusifiks, ein Bibel paa engelsk, eit nytestamente paa engelsk og eit paa det lokale spraaket. Alle boekene var velbrukte. Dei laag der, og folk brukte dei. Mens me stod der, Marta og eg, kom ein innfoedd og tok paa krusifikset, og sa "I love you, Jesus", og smilte. Katolsk, ja vel. Men det gjer noko med mentaliteten til folk at dei er saa opptekne av si tru. "You have choosen the right place, here in Philippines, being in Cebu. All people are Christian here, and they are kind" sa ein som er foedd her, men som naa bur i USA. Ne snakka med han for nokre dagar sidan paa Casa Rosario. Lenger soer er det ein del muslimar. Dei har ein ideologi som gjer at det vert braak og kriminalitet, sa han. Me har sett, og ser stadig at dette er ein rett observasjon.

Takk for fylgjet denne fredagen. Me er blandt vennlige, hoeflige og oppmerksomme folk. Og me har med oss mange inntrykk herfraa som gjer noko med oss. Paa sundag vender me nasen nordover att.
Soo long! Ha det godt alle lesarar.

Helsing bonden, snart ferdig med ferien.

 
At 18 mars, 2010 16:11, Anonymous Anonym said...

det jeg var ute etter, takk

 

Legg inn en kommentar

<< Home