måndag, januar 23, 2006

Fira små

På biletet nedanfor ser me Bossi sine 4 små. I midten er dei to "komande " damene, ei brun og ei som me trudde var heilt svart, men som det viser seg har brune flekker over augene og litt brunt framme på labbane. Sjarmerande det, men det er nok dama med gemytt, ho går ikkje av vegen for ein slåstkamp med brørne. Kanskje den brune er litt mildare" i tyå" ( godt jærsk uttrykk), men ho kan det ho og, går og nappar og bit litt i dei andre når dei har lagt seg til å sova! Hannhundane er svarte. Den til venstre har berre litt kvitt heilt framme på tærne, og litt på bringa(?), trur eg. Den til høgre har mykje kvitt over nasen og på bringa og flotte sokkar på føtene, reine skisokkane til nikkersen!
Bossi er nok glad i dei, men ho vil berre vera hjå dei ei kort stund om gongen. Heile natta vil ho vera inne på vaskerommet, men då er ho voldsomt i farten etter å koma seg inn til dei når me skal ut og stedla. I dag er dei fem veker gamle så det nærmar seg at dei er store nok til å reisa frå mor. Skal dei ikkje helst vera 8 veker då? Trur det.
Ha ein fin dag med eller utan kvite sokkar!

3 Comments:

At 23 januar, 2006 15:14, Blogger Sildesotten said...

Ååå, di va vel søøde! Heilt nydelige rett å slett. He dåkke finge folk som vil ha di?

 
At 24 januar, 2006 09:44, Blogger Drusa og dei said...

Damene er lovde vekk, ja. Ei skal til Eksingedalen og ei til Åndalsnes! Ikkje noko rusk når dei legg ut på tur! Men eg har sagt at det går an å angra for eg trur ikkje det er vanskeleg å verta av med dei. Set ei lita annonse i avisa. Sist me prøvde det fekk me 18 interesserte til to kvelpar. No får dei skivebetar i mjølk til frukost og kvelds. matlysta er det ingenting å sei på. Den er eit syn verdt!

 
At 26 januar, 2006 12:55, Blogger Drusa og dei said...

Drallane til Bossi veks fort. No får dei ein porsjon mat på fat til dagen og det gjer vel ikkje veksten mindre. Produksjonen til Bossi minkar det på, men i dag fekk eg henne til å leggja seg ned hjå ungane, då vart ho tømd. Ein av ungane har fått namn, ho heiter Mixa og er verkeleg ei godt blanda blanding, sånn fargemessig. Må berre sjåast! Pelsen vert meir og meir rufsete og sjølv er ho ei med futt og vilje i. Dei andre er forsiktige, spes ein av hannane, han vågar nesten ikkje gå ut, står helst i døra. Men no er dei på utetrening nesten kvar dag.

 

Legg inn en kommentar

<< Home