tysdag, januar 24, 2006

Kryss og hasar

REGN

Så kom Gumman tø på besøk igjen. Det minkar på snøen, men det var såpass med snøfenne at det skal meir enn to dagar til å ta knekken på dei.

I fjoset kalvar det. Først 324 Greta. Ein dralle på lordag. Men Greta har hatt litt for lang pause. Det er stridt å starta opp etter ein lang tur på benkjen. Ga på Calsiumsuplement. Likevel vart det paresis puerperalis. På sundagskvelden var ho heilt i ørska. Fekk ein delvis lammelse av høgre bakfoten og. Me flytte na inn i sjukegarde, så ho skulle få ta livet i sitt tempo. I dag ser det mykje betre ut. Nå står ho tåleg bra på foten, og matlysten er for fullt på veg oppover.

Sundag kalva 319 Frøken. Ein liten, fin kosse. Og sidan me skal ha namn på M dette året, må jo dotter til Frøken heita Miss. Den første kossen me fekk i år er oppkalla etter ei dame på Filippinene: Marlén. Frøken har helde seg frisk. Ho er godt i rytme; et og går inn i roboten og vert mjølka, slik som me ynskjer.

Helsa inne i huset her er sånn delvis. Marta begynte med litt i halsen for nokre dagar sida, og det har vorte berre verre etterkvart. Men det pleie vera slik at når det er på det verste, så snur det og vert betre att. Me satsar på besning i morgon. Sjølv er eg litt opp og ned. I går var det ned. Det er tungt å leva med 40 kg for mykje, anten det er 40 kg eller det berre kjennest sånn. I dag er det mykje betre.

Hundongane er nysselege nå. Og dei set pris på besøk. Fodla fanget med det same ein set seg ned, og det gjeld om å koma seg opp i fjeset. Det kitlar. Helsebot.

Elles går livet nokonlunde sin vante gang. Me nærmar oss rett døgnrytme. Merkeleg kor lang tid det tok. Det har vel kanskje noko å gjera med den virusinfeksjonen me fekk med oss.

Takk for praten, helsing bonden

2 Comments:

At 26 januar, 2006 15:18, Blogger Drusa og dei said...

Det er godt du heng i stroppa. På den måten liknar du meg slik eg var i din alder. Du nærmar deg raskt den alderen eg var i då eg bygde hus....

Toxoplasmaen: Dei var visst ikkje heilt nøgde med meg i så måte. Dei ville ha det til at mange andre enn katten kunne vera hovudvert. Eg er ikkje så sikker på det. Men, som kjent, det er mange mellomvertar.

Utanom det var visst forsamlinga nøgd. Dei ville ha meg med på neste møte også, 10. mai. Og når det er så langt fram, er det ikkje så enkelt å seia at ein ikkje kan.

Elles står det ein del undervisning på programmet. Startar på måndag på Vinterlandbruksskulen. Dette vert 4 mandagar framover, og 4 timar kvar gong. Elles litt undervisning på ungdomstrinnet, føreløpig på Vikeså. I tillegg eit møte i Nærbø Sau & Geit. Så det er litt å skjerpa seg på.

 
At 26 januar, 2006 22:55, Blogger Drusa og dei said...

Du kan helsa Sildesotten og seia at det er berre 2 timar i kvar klasse på ungdomstrinnet, og at betalinga er <1000 kr timen.

Viss lærarane meiner dei er kvalifiserte til å undervisa i det som er vår profesjon, så kan dei så gjerne behalda timane sjølv. Men der finst altså lærarar som innser at dei ikkje kan alt. Det er eigentleg å visa styrke og å vera ærleg.

 

Legg inn en kommentar

<< Home