tysdag, januar 10, 2006

Heime att

Så er bonden og budeia komne heim. I dag var det me som sjodna. Dyra hadde hatt det godt. Gina berre glytte litt opp då ho såg meg og høyrde meg ( helst det)og sa berre: Ja så, no er de komne heim! Det høyrdest nesten ut som ho ikkje sakna meg, men det meinte ho ikkje. Eg forstod ho tykte det var godt at eg kom att! Og det er ei god kjensle å starta dagen med! Den unner eg alle å kjenna!
Me har hatt ein fin tur. Sett utruleg mykje me aldri har sett før. At den veksande månesigden der sør ligg som ei skål på hinmmelen! Visste du det? Og at vatnet i doskåla kvervlar motsett veg av her? Eg visste det ikkje. Men Kåre visste det siste. Me har fenge 2 fried eggs med ham og bread til frukost , på senga! Og køyrt drosje som aldri før, meir enn alt til saman så langt i livet! Billigt! Me har sett fattige folk, nesten snubla i tiggarar som sit på gata, og sett inn i brune barneaugo som kikar bedande på deg gjennom bilvindauga: Hey, mum! Money! Hey, mum, hey, mum -- Eg høyrer og ser dei enno. Og me har sett glade syngjande born som fekk beskjed av læraren å syngja med action! Og det skal eg sei dei gjorde! Born som vert glade for å få høyra om korleis me har det her på andre sida av jorda. Dei har forresten eit utruleg klima der sør. Ikkje løye at Edens hage sikkert var i dei traktene!
Men no er me heime. Til grovskiva og brunosten. Kanskje det var det magen min sakna, han slo seg litt vrang dei siste dagane.
To kyr har kalva medan me var vekke, Hege og Jasmine. Dei fekk kyrkalv begge og no har dei fenge namn. Den som var fødd i 2005 skal heita Linros og den til Jasmine skal heita Marlen, eit namn frå Filipinane! Tenk me fekk med oss 9 namn på M frå den klassen me besøkte. Det var svært. Også male- namn, trudde dei eg måtte ha! Eitt ord lærde me på Bisaya, som språket heiter der i Cebu, og det var ordet: Bakka, med likt trykk på begge stavingar. Som tyder? Sjølvsagt : Ku!
Drallane til Bossi har vakse kollosalt og er flytta ut i sluserommet. No klarer dei lyfta seg opp på føtene og balansera rundt med den drallne kroppen sin. Gode å ta i og dodlige, men det ser nok ikkje Bossi, ho er trøytt. Ho vil vera med inn og kvila når ho ser oss i fjoset. Av og til ligg ho og knurrar når drallane set i gang på juret hennar. Ikkje spøk.
Snart skal me til å gje dei mat på fat og då vert alt lettare for henne.
Ha ein fin dag!

Dagens spørsmål: Kor mange spenar har Bossi?

4 Comments:

At 11 januar, 2006 14:15, Anonymous Anonym said...

Det er kjekt at det går godt og at Bossi er slik ho skal vera. Trur ikkje at eg skal svara på spørsmålet om det dyret. Få har vel studert bossi sin mage meir enn meg. Korleis går det med roboten? Då eg reiste var det litt problem med diverse kvigespenar... t.d. 390 og 384. I Troms er det mørkt, men med mykje lys invortes i menneska.

 
At 11 januar, 2006 15:13, Blogger Sildesotten said...

Velkommen tebage ijenn!
Dei der honnedrallane hørres ud t å ver så herlige alså :)Sikkar litt ann konsistens på di nå enn då eg såg di sist.
Ryktane seie at Bossi he 8 spena så virka og ein som bara e t pynt.

 
At 11 januar, 2006 20:28, Blogger Drusa og dei said...

Roboten fekk ei skikkeleg omvøla i går. Då kom her ein svenskje som hadde greia på slike og han ordna det som skulle ordnast. Roboten fekk ny gripeklo og sikkert noko meir. No finn han spenane og 384 er lagd inn på nytt. Pyntespenen til Bossi kjenner eg ikkje til. Dei ser litt slapsne ut alle, men sidan den opplyninga kom frå Bergen er det sikkert rett.

 
At 30 oktober, 2006 16:57, Anonymous Anonym said...

+ at eg fekk lappen i dag, gratulera til meg sjølv! =)

 

Legg inn en kommentar

<< Home