tysdag, januar 17, 2006

Småplukk

Janicke er ikkje bra. Ho kalva fyrste kalven i slutten av september, Litle Biggen, mjølka voldsomt for å vera kviga, rundt 30 l til dagen. Ut i november begynte ho å skranta. Eit eller anna i luftvegane og behandla for det. Batt opp hovudet og gav penc. rett i blodåra på halsen. Det hjelpte, ei stund. Slik har det gjengje opp og ned, men siste veka forverra det seg. Fredag fekk ho noko mot lungeorm. I går kom det skum (fraoa) blanda med blod or munnen hennar. I dag var valet å ringja til mattilsynet og få dei til å ta prøve og så avliva henne eller å gje ny behandling med nytt preparat . Me valde det siste. Ho fekk og smertestillande. No har ho vore ved forbrettet, i roboten og i drikkekaret! Kanskje det lagar seg? Me håpar og trur sterkt på det!.
Elles er budeia i gang med eit stort skippartak i dei ulike romma i floren, no skal det ryddast opp! Spindelvev, lort og skit og rusk og rask får fyken og ting skal få sin eigen plass. Sette i gang hjå kattane i går. Dei likte det eg gjorde, hoppa rundt meg og kjelte oppetter føtene og tykte visst dette stod til. Eg bruka nemleg ikkje høgtrykkspylaren og det var nok det dei lika best. Tvåga og kost er dei ikkje redde. Men sløsing med vatn er ikkje for dei. Nuskitusk har utvikla ein kollosal vetrapels, ho ser nesten litt mektig ut! Og så ho som var så nusseleg?! Ja, ja,så er det altså ein overgang der frå det nusseleg til det mektige, det var interessant?!
Er begynt å gle meg til sauene skal inn i garasjen! Men det er nesten 2 månader til enno. Snakka med dei i går då var dei her i mellom husa. Synnøve må eg fortelja litt om. Ho er eldst no, skal lemba for fjerde gong og det i seg sjølv er nesten utruleg for dei to sister gongene ho har lembt har me sagt at no skal det vera siste gongen! Dette klattet skal me ikkje ha! Men Synnøve lever. Det har seg slik at etter at Synnøve har lembt og slikka lamma sine( får to kvar gong) skjer det noko i hove hennar og ho trur at det eine lammet er naboen sitt for ho fekk berre eitt, trur ho. Så vert Synnøve sint som eit krut og må i band. Der må ho stå i ti dagar. Då har ho nesten gjeve seg. Det lammet ho ikkje vil ha klarar seg i alle fall. Eg trur Synnøve får svangerskapspsykose eller noko slikt. No er det lite litteratur innan psykiatri hjå dyr, så eg kan berre ha mine tankar om dette. Synnøve får så store fine lam og sjølv har ho eit flott særpreg. Ho er så stinn og rund at føtene peikar utover frå kroppen som tunne stikker. Og så vaggar ho lett når ho går. Og skal ho prøva å springa så ser det rett og slett løye ut. Då ler me!
Lisa er ein kalv på ca. tre månader. Eg kom på henne då eg tenkte psykiatri, for Lisa har hatt angst for glatte golv! For to veker sidan vart ho flytt frå bingen sin inn i ein stor garde i lag med to litt større kalvar. Den garden har ein liggjeplass med matter og berre støyt golv der dei står og et. Det er der det kan vera glatt. Lisa fekk problem med i det heile å føta seg. Bakføtene gjekk berre ut i spagat og til slutt vart ho liggjande slik. ( Dette kan Knut fortelja meir om). Det var då eg trur Lisa fekk angst for glatt golv. Berre ho tenkte på å gå ned på det golvet vart føtene hennar heilt stive og bevega seg utover frå kroppen. Då måtte me strø med sand! Det gjorde me, og no har Lisa funne ut at det er ikkje så glatt som ho trudde. Det går beint fram fint å stå der å eta. No er me slutta å strø sand og det går godt det og. Strøinga er vel då ein slags terapi, vil eg tru.
Ventar fire kalvar no i slutten av januar. Greta er dagalaus den 19. Har sagt at eg vil ha kyrkalv for me har ingen etter henne. Det vil eg ha hjå Frøken og , ho skal kalva den 25. Ho er mor til Jento som no er i Ryfylke. Greta og Frøken er drustelege begge to. Så blanke i pelsen at det skin av dei. Så no gjeld det å passa godt på slik at dei held seg friske!
Ha ei fin dag!

Kva er ei tvåga?

2 Comments:

At 18 januar, 2006 12:33, Anonymous Anonym said...

Eg veit kva ei tvåga er. Mang ei gong har mor gjeve meg ei tvåga i ei grønsåpe-vatn-bytta for å renska opp rommet mitt. Seinare hadde innsida fått ein gunstig eim, og utsida var klårare å sjå.

- Bilete er viktige hjelpemiddel for å få fram tydinga til ord og uttrykk. At bileta faktisk har rot i røynda, er ikkje naudsynt.

Når eg tenker meg om så trur eg ikkje dette er eit bilete, men noko anna. Kva kan ein slik tekst kallast?

 
At 19 januar, 2006 15:26, Blogger Drusa og dei said...

Som mor registrerer eg at de har kvar dykkar opplevingar heimefrå som har gjort inntrykk. Lars er nok nærast tydinga av tvåga, Knut refererer til ein klut, vil eg sei. Elles måtte me i går berre innsjå at Janicke ikkje var liv laga. Ho fekk blodstyrting frå lungene. No er ho vekke, trist.
Ser at du Lars slår til og boltrar deg med i norsken, så pass at eg har problem med å fylgja deg. Men er det ikkje noko som heiter metafor? Og kva er det?
(Her er det pannekaker til middag!) Og snjostorm ute, så Kåre får vera sjåfør i dag til det som må køyrast!

 

Legg inn en kommentar

<< Home