onsdag, november 09, 2005

Kraoko

Ein tung, våt og mørk novemberdag. Du verden så tungt og trist det kan vera! Viss veret skulle bestemma vårt indre, vart det mange tunge sinn i Rogaland i dag.
Dyra har det annleis på det feltet, trur eg. Lite depresjonar. Kvigene ser eg går og et oppi Bakken. No skal dei rett nok inn om fredag. Då kjem "drallane" heim og hjelper til. Men det veit ikkje kvigene noko om. Ikkje så urimeleg at dei held motet oppe viss dei veit at det er berre to/tre dagar att så vert livet lettare. Men det veit dei altså ikkje. Nei, vert veret for gale, krummar dei ryggen, står tett saman og set bakenden mot veret. Også ein måte å takla livet på!
Kva gjer så folket i slikt ver? Me finn i alle fall på noko å gjera. Ta mjøkeprøvar, til dømes. Vaska tak og vegger med grønsåpevatn, trekkja kaffi, kveikja ljos og summa seg litt. Det gjer godt.
I floren går livet sin gang. Alle er friske, unntatt Greta. Ho haltar på venstre bakfot. Ja, så vondt er det at ho vert helst berre liggjande på ein bås. No skal ho snart på avgjelding likevel, så i dag kjem ho til å verta avstengd saman med to andre. Då vert det nok òg ei nærare undersøking av foten. Det lagar seg nok.
Og så var det kråka. I dette veret som eg klagar så over, set ho seg i høgast toppen på eit av lønnetrea attmed bekken og sit og sveiar i vinden. Skal tru kva ho tenkjer på? Ho har i alle fall god oversikt over alt som rører seg. Me likar òg å ha oversyn over situsjonar me er oppe i. Har liksom kontrollen då.
Dagens ordtak: Betri er ein kráka í hendi en tvær í skogí!
Ha ein fin novemberdag og finn din måte å takla veret på! Kom med tips!
Dagens spørsmål: Kva er ein dralle?

3 Comments:

At 09 november, 2005 16:09, Blogger Sildesotten said...

Drallane må vel ver Knut å Lars? Di e jaffal snart på vei heim vett eg. Men meir sånn generelt så må d vel bety "kjekk og grei gutt", eller någe i den duren.

Måden eg takle vere på for tiå e å praktisk talt å flytta inn i di kvide støvlane mine. Di siste daene he eg au måtta ty t regnkler, både jakke å boksa. Ja, sånn klare eg å halla vere sånn fysisk vekke frå meg, men meir sånn psykisk, så trur eg d e viktig å eda litt goe middag, og kanskje unna seg ein sjokolade t kaffien på lesesalen. Fyra i peisen e au ein goe måde å takla vere på, men d e kje liga jillt når røygen slår innøve.

Tednan he forresten blitt t Sildesotten :)

 
At 09 november, 2005 21:37, Blogger Drusa og dei said...

Sildesotten er inne på det. Ein fin definisjon på dralle, det må eg sei. Min definisjon går meir i retning av ein litt tjukk klump som du har på fanget og stappar mat i til kjakane buler. Slik var nemleg ingen av gutane våre, difor dralle i hermeteikn!
Å ja, fyra i peisen høyrdest så kjekt og koseleg ut. Då kjem eg berre på stølen og då vert eg utruleg nostalgisk. Me hadde ikkje peis, men det "slo ofte ned" som me sa, dvs at røyken kom inn. Endå til det var koseleg slik som eg tenkjer om det no. Det har sikkert noko med fortida sitt slør å gjera.

 
At 10 november, 2005 16:12, Blogger Sildesotten said...

sildesotten (tednan) he nå au gått t d steg å finge seg blogg :) så nå e d bara å ta turen innom www.sildesotten.blogspot.com

 

Legg inn en kommentar

<< Home