laurdag, november 26, 2005

Bossi igjen

Bossi er gravid. No er me nokså sikre på det. Magen utviklar seg med noko tjukt og tungt. Andre ord for den situasjonen er å vera " om hender" (gamalt frå Voss) eller å vera i "lykkelige omstendingheter". Kanskje det siste passar best på Bossi? Ho verkar ganske lukkeleg, men det gjeld ikkje berre no, ho er nokså stabilt lukkeleg. Like blid kvar morgon når me kjem ned på vaskerommet for å ta på florskleda. Imponerande! Rundt joletider skal dei små koma. Sjølv tenkjer ho lite på det. Slikt er naturleg, seier ho berre. Ho og Nuskitusk er ofte med meg og sjodnar. Og medan eg svinsar att og fram mellom gamlefloren og nyefloren, set dei seg ofte ned attmed strøstryta i strørommet. Der sit dei så dirige attmed kvarandre og fyl meg med augo. Ganske forskjellige dei to og eit koseleg syn. Nuskitusk på under eitt kilo og Bossi med sine 40(snart)! Og halen til Nuskitusk full av sagamo!
Ein nydeleg dag, forresten. Sol og stilt. Me ventar på folk frå Hjelmeland som skal henta Jento og tre små "drallar", Likken, Lukas og Loke. Litt trist å senda Jento. Ho er så fin og så snill. Tilde kalva i går, nokre dagar før tida. Ho fekk Ludvik, men hadde laga seg så lite at ho hadde nesten ikkje mjølk til han. Eg måtte spe på med mjølk (frå Evy )som stod i frysaren. Det er viktig med god råmjølk og ein liten dash med E - vitamin oppi. Det skal gjera underverk, seier dei lærde. Ludvik er arg og livsfrisk.
Me har avløysar i helga og prøver få litt orden på saker og ting innomhus. Dessutan er det tid for å pynta med lilla dukar og lilla ljos. Det er kjekt og koseleg. God helg alle blogglesarar!



ÅJ! Her dukka det opp eitt bilete utav inkje! Dagens spørsmål: KVA ER DET?




HIHI =)

5 Comments:

At 27 november, 2005 18:29, Blogger Sildesotten said...

Ja, eg au e med i den der me'en. Altså Bøggvald. Va ein fine snude.
Så kjekt å greit m Bossi! Honnonga appellere någe voldsomt t meg. Blir sikkert någen flotte vofsa :)

 
At 27 november, 2005 21:32, Anonymous Anonym said...

Det var kjekt å høyra om Ruff. Då vert det ekstra kjekt å koma heim til jul. Når det gjeld bildet vil eg tippa at det er nuskitusk, sidan bøggass-tipset er oppteke.
Ha ein fin kveld!

 
At 27 november, 2005 22:06, Blogger Drusa og dei said...

KnutO he ikkje finstudert kattane på brugje sikkele. 1 - 0 te Lars.

Fint ver her med eit par minusgrade.

Terje he stellt i heljå, så dæ he vorte litt møgje inne. Må vera litt oppdatert. En del praksis på lordag, og ein pp kl 0600 i dag.
Helsing bonden

 
At 28 november, 2005 22:49, Blogger Drusa og dei said...

God kommentar KnutO. 1 - 1.

For uinnvigde (og det er nok dei fleste utanom KnutO og budeio) betyr pp Paresis puerperalis. Det er noge nogen gamle kye får ved kalvingstid. Di verte sengjaliggjande.

 
At 30 november, 2005 08:33, Blogger Drusa og dei said...

Idag æ det nydele. -7, og kvitt teppe øvealt. Heilt utan vind. Det æ ikkje så mange timar om gongen på Jæren. Men som "Han innante" seie om pessimistrane: "Me ska nok få det igjen"!

Lat oss heller sjå det positive. Mykje å gleda seg over. Kattane er friske. Bossi sin mage veks fort, så ho liknar på ei gamal salryggja ku med 8 spenar. Kydne er friske. Og sauene kosar seg ute i snøen. Tenk å ha det så godt og varmt inni den gode pelsen. Frisk luft heile tida. Jau, det er godt ute på bygda. Har igrunnen budd lenge nok i by med eksos, svevestøv og vaudl. Landsbygda er topp.

Helsing ein forholdsvis fornøgd bonde.

 

Legg inn en kommentar

<< Home