måndag, november 07, 2005

Kalvastedl

Kalvastedl må vera ein vitenskap. No har eg drive med det i snart 11 år og skulle ha røynsle nok til å seia akkurat kva som må til for å halda kalvane friske og trivslege. Men, nei. Stundom går det bra med 2 liter surmjølk kveld og morgon, men rett som det er får ein av dei diaré. Slik var det sist veke. Då gjekk alt så bra. Alle 8 var friske og dreiv og nuska med både mjøl og silo i tillegg til mjølka. Ein kveld var me på besøk hjå vener og det kom til snakks om kalvastedl. Då tyktest eg vita godt kva som skal til for å ha friske kalvar. 2 liter varm, god surmjølk og litt mjøl og silo i reine bytter og turre lune bingar. Men neste morgon stod minstemann med bleik diaré! Så typisk. Det utvikla seg til sprut. Med rein diakurblanding og diakur i mjølka, overgang til Sprayfo (også med diakur) og nokre dosar av eit eller anna i sprøyeform, er no vetle Loke i full vigør. Set i gang med ei voldsom hypsing når han ser oss. Det er godt teikn. Hypsa seg gjer berre dei som kjenner seg friske og tykkjer livet er godt å leva! No har me redusert veskemengda til 1 1/2 liter og brukar berre Sprayfo. Trur kalvane går lettare i gang på mjøl og grovfor då enn når dei får kraftig jerseymjølk.
Jomma kom inn før helga. No har ho funne seg til rette i lausdrifta. Ho har funne ut at me kan klø henne på roestarten og der klør ho så åå- - fælt. Og så kan me klø på halsen, heila hove og håko, ja , alt! Dei fyrste dagane ho var inne la ho seg i renno. Det gjekk ikkje. Bonden og budeia greip inn, sette Jomma på bås og batt ho fast. Der stod ho ein ettermiddag. Då fann ho ut at dette var mykje betre enn å liggja i lorten. No har ho funne seg ein bås heilt i enden av fjoset attmed veggen. Der legg ho seg. Problemet er at ho forstår ikkje korleis ein skal koma seg ut frå båsen att. Ho har funne sin måte. Medan ho ligg vrir ho framkroppen bakover under båsskiljet og prøver å koma ned i renna med framføtene medan bakenden enno ligg i båsen. Det er ein skikkeleg vanskeleg manøver. Og ho fekk det ikkje til i dag. Det enda med at ho pressa heile seg så langt bak at ho datt ned i renna så lang som ho var og fekk ein del kav med å koma seg opp for ho glei og mjølautumaten stod i vegen. Men det gjekk. Ho reis seg opp og stod der og let som ingenting. Tenk så herleg. Ingen lo, ingen skjente kor domt ho gjorde det og sjølv var ho ikkje redd for kva "folket" skulle sei!
Jomma skal kalva om ein liten månad og er begynt å laga seg. Ho har òg funne ut kvar mjølet er å finna. Snart må me prøva oss i roboten. Det går nok òg for no har me vorte vener.
Ha ein fin dag!
(Apropos hypsing. No kjem snart Lars heim og då har me annonsert hypsekurs, viser til tidlegare blog. Viss veret held seg er det fint å halda til med hypsekurs rundt gjødselkummen. NB! Småkalvane vert med.)

4 Comments:

At 07 november, 2005 16:01, Blogger Drusa og dei said...

Du har rett i det med hypsing, Knut. Sjølvsagt må det koma innanfrå. Men kanskje ulike måtar og stilartar kan lærast? Festival likar eg mindre. I mine øyro høyrer eg samstundes ein del kunstige stimuli som ein ikkje treng når ein får lyst å hypsa seg. Eg føreslår leik, rett og slett hypseleik rundt kummen. Dvs. ikkje heilt rundt for då kjem me opp i ei forferdeleg surpa. Då kan det heile enda med gjørmebad og det er det Suldal som får ta seg av.

 
At 07 november, 2005 16:28, Anonymous Anonym said...

Surpa, - kæ æ dæ?

 
At 07 november, 2005 21:11, Blogger Drusa og dei said...

Surpa er ei blanding av mold og møk og ein del vatn som er godt samantrakka og blanda. Men kven er anonymous?

 
At 08 november, 2005 18:14, Anonymous Anonym said...

Anonymous er ein som står deg nær, og som tenkte du heller skulle skrive sorpa og ikkje surpa.

 

Legg inn en kommentar

<< Home