onsdag, november 23, 2005

Bøgvald, kvigene og hypseleiken

Bøgvald sit ofte på skrivehylla i strørommet. Der kruksar han seg godt i hop og nyt livet og freden. Framlabbane bøyer han fint inn under pelsen. Eg prøvde å setja ein kulepenn oppi den høgre, kvite "hansken" hans, men det såg domt ut, sa han. Eg sa han likna på ein kjøkkenskrivar. Kva det er? Då kom eg i stuss.
Bøgvald er son til Malaria( med trykk på I-en) og dotterson til Olivia. Men sidan det har lett for å verta mykje kattungar vart det ordna slik at Bøgvald berre kan verta onkel. Og det er han nøgd med. Kattungar vert det visst nok av og han plar nærma seg dei med ein viss skepsis. Men ingen har enno sett at Bøgvald har klabba te nokon slik Storepus gjorde. Bøgvald er for snill til det.
Kvigene har vore inne i snart to veker. No har dei fenge opp matlysta. Silo og ballefor går ned på høgkant. Forbrettet er heilt reinska morgon og ettermiddag. Me er samde om at kvigene har aldri vore så rolege og "jille" som i år, og fine. Passeleg i hold. Eg syns dei er finast i fjeset. Dei fleste ser ut som ein mossapeias. Ein mossapeias er slik at du får lyst å kosa med han. Og slik er kvigene. Dei har godt med pels i fjeset og ein rufsen pannelugg. Og så klør dei så fælt på halsen. Slik var det med Kossagomma i dag. Ho måtte eg berre klø rundt heila hove og halsen med.
Hypseleiken ved gjødselkummen vart ikkje avlyst, men utsett. Lars var puskjen då han kom heim og Knut vart litt puskjen medan han var heime. Veret var heller ikkje godt. Men budeia og bonden fekk sjå ekta hypseleik inne. Utøvarane var Litle Biggen og Svartamarta Oktobra. Ho har forresten fenge nytt namn. Eitt fint på L. Det kom rekande på ei fjøl frå Bergen! No skal ho heita Ludora, på grunn av fargen. Me måtte ommøblera litt i gamlefloren då kvigene skulle inn og då fekk Litle Biggen og Ludora koma ut or dei småe bingane dei var i og ut i ein stor binge som er fira meter lang. Dei vart så -- begeistra, at dei sette i høge vræl, ikkje fine, men løygne. Bøæiiiiii, bøæiiiii. (med høg lyd på). Berre prøv. Og dei hypste seg, og pilte att og fram i stekken under magane på kvigene så dei vart heilt klumsa og stod berre rett opp og ned og såg på. Og me lo. Ja, me brølte litt me òg. Så kjekt kan det vera å ha dyr!
Ha ein fin dag der du er!

Spørsmål 1: Kva er ein kjøkkenskrivar?
Spørsmål 2: Kva er ditt ord for ein mossapeias?

3 Comments:

At 24 november, 2005 10:08, Blogger Sildesotten said...

Ja, Knuto e inne på någe her ja. Eg trur au at knorv på ein måde e et synonym t mossapeias. Einaste e at me som bruge knorve-ore, helst bruge d som verb (å knorva) og ikkje substantiv (ein knorv). Men kem he sagt at d ikkje går an å udvikla egne or? Ludora e nok et godt eksempel på d :)
(Knorva kjeme i frå sunnmørsk og betyr egentlig d å krølla i hob et papir)

 
At 24 november, 2005 18:16, Blogger Drusa og dei said...

Takk, romleknoff. Gode comments lyser opp i kvardagen; kryddddrar tilværet.

Helsing bonden

 
At 24 november, 2005 18:19, Blogger Drusa og dei said...

Du, romleknoff. Var du på Jærmessa? Var det eit hint om det i ein tidlegare kommentar?

 

Legg inn en kommentar

<< Home