torsdag, november 10, 2005

Merkedag: Robotsmesse

Til minne om at ein trufast svein vart kopla til for nett eit år sidan, har me ved Tunheim markert dagen slik: Fly og bil frå ulike utkantar av landet vårt. Stedl av dyra her med alt det det inneber (..ikkje mjølking). Eplepai og is :)
Adle er samde om at dagen har vore fin, og me gler oss til å feira same messa neste år.
Hipp, hipp, må han sviva!

(..roboten og me andre tek gjerne imot gratulasjonar og evt. andre refleksjonar..)

Dagens ku-kamerat: Roboten
Dagens spørsmål: Kva er eigentleg bakgrunnen for ordet "robot"?

6 Comments:

At 10 november, 2005 23:31, Anonymous Anonym said...

javel alltid svært med messe... Og robot.. Kan det slekta på det engelske ordet rabitt,hvis ein legg godvilja til?.. Rabitt tyder kanin. men kvifor skal ein kalle ein dugande hjelpemiddel for ein kanin??. Ikkje veit Har bondekvinnelaget vore å selgt lapskaus? var det gråtass show og kåring av miss jæren (særdeles velutstyrt og ven kvige) ???? PÅ messa altså

 
At 11 november, 2005 10:07, Blogger Drusa og dei said...

Rabitt og robot kan vel ha ein del sams trekk; ivrige og trugne i tenesta. Elles hadde bondekvinnelaget alltid vore velkomne (kanskje me skal annonsera messa på førehand neste år?)og fjoset står jamt fullt av MissJæren-kandidatar som Kåre kan kåra når han vil. I fokus på årets tilstelning stod grunnpilarane i tilveret: Arbeid og Mat. Det får heller badla på seg med annan åtgaum ved framtidige høve, og me tek imot adle forslag med takkseiing og smil:)

 
At 11 november, 2005 19:51, Blogger Sildesotten said...

E visst sesong for ulige sorta messe for tiå. Dåkke m robotmessa og me her i Bergen m julemessa.og begge samlingane tjene t någe godt, så då kan me vel ver fornøyd?
Gratulera jaffal m jubilee:)

 
At 13 november, 2005 13:28, Anonymous Anonym said...

møring said...
Det blir helt malplasert med østlandsprat her så i går over te normørsk...Robot trur i kjæm tå ro og bot som igjen gjær livet meir komplisert for bonden--for med all den roa som robot gir for han meir tid til å dvela over ka han skal gjera bot for og det kan bli strevsamt.I forstår godt at her på nordmøre er robotar så og si ikkjeeksisterande--det er fordi dei har så mykje å gjere bot for at dei vil ikkje ha meir ro enn dei har!!Ellers synes i messe er ein god ting,spesielt med ljos i florvinduet DET vil i foreslå her nord.Et anna godt forslag mot depresjon i mørketida er god musikk og MASSE skjokolade,i fast form eller flytende med ein kremdott!

 
At 13 november, 2005 20:00, Blogger Drusa og dei said...

Hei, møring! Kjekt at du ville kommentera litt. Og du har heilt rett i at østlandsprat ikkje passar for oss.
Når det gjeld ro og bot, løysest ro-problemet effektivt ved å laga seg anna arbeid: Bonden byggjer ein ny veg, han dyrkar eit beite og aukar på med sau osb. Slikt er det lange tradisjonar for herikring. Det med bot må me kanskje tenkja litt meir på..

 
At 15 november, 2005 09:16, Blogger Drusa og dei said...

..men "robot" er i alle fall eit tsjekkisk ord og tyder "maskinmenneske".
Altså ein mekanisk innretning som kan utføra visse menneskelege funksjonar. Litt skummelt at Noreg spelar fotball mot Tsjekkia for tida..(?)

 

Legg inn en kommentar

<< Home