Bossi igjen
Bossi er gravid. No er me nokså sikre på det. Magen utviklar seg med noko tjukt og tungt. Andre ord for den situasjonen er å vera " om hender" (gamalt frå Voss) eller å vera i "lykkelige omstendingheter". Kanskje det siste passar best på Bossi? Ho verkar ganske lukkeleg, men det gjeld ikkje berre no, ho er nokså stabilt lukkeleg. Like blid kvar morgon når me kjem ned på vaskerommet for å ta på florskleda. Imponerande! Rundt joletider skal dei små koma. Sjølv tenkjer ho lite på det. Slikt er naturleg, seier ho berre. Ho og Nuskitusk er ofte med meg og sjodnar. Og medan eg svinsar att og fram mellom gamlefloren og nyefloren, set dei seg ofte ned attmed strøstryta i strørommet. Der sit dei så dirige attmed kvarandre og fyl meg med augo. Ganske forskjellige dei to og eit koseleg syn. Nuskitusk på under eitt kilo og Bossi med sine 40(snart)! Og halen til Nuskitusk full av sagamo!
Ein nydeleg dag, forresten. Sol og stilt. Me ventar på folk frå Hjelmeland som skal henta Jento og tre små "drallar", Likken, Lukas og Loke. Litt trist å senda Jento. Ho er så fin og så snill. Tilde kalva i går, nokre dagar før tida. Ho fekk Ludvik, men hadde laga seg så lite at ho hadde nesten ikkje mjølk til han. Eg måtte spe på med mjølk (frå Evy )som stod i frysaren. Det er viktig med god råmjølk og ein liten dash med E - vitamin oppi. Det skal gjera underverk, seier dei lærde. Ludvik er arg og livsfrisk.
Me har avløysar i helga og prøver få litt orden på saker og ting innomhus. Dessutan er det tid for å pynta med lilla dukar og lilla ljos. Det er kjekt og koseleg. God helg alle blogglesarar!
ÅJ! Her dukka det opp eitt bilete utav inkje! Dagens spørsmål: KVA ER DET?

HIHI =)