tysdag, oktober 05, 2004

OIOIOI!

Endeleg i gang igjen. Etter ei veke med mykje rot og lite overskot til skriving, er me no komne over dei fleste sjokka rundt DeLaval sitt arbeide. Eg skal igjen gje eit innblikk i tralten her heima.

Sidan det manglar ein del kåringar av dagens ku, får me ta det i ein fei her. Ingen fødslar, dumme påfunn eller intellegente vriar. Sånn kumessig går det igrunnen godt. Einaste måtte vera at melkemengda går kraftig ned, men slikt er oftast bonden sin feil. Fokuset vårt gjekk sist veke i retning av eit stykk austlandsk arbeidskraft, difor har eg bestemt:

Sist vekes ku: Montør frå DeLaval
Fordi: Klarte terga opp Lars og Marta, irritera Kåre og snakka i mobiltelefon 70% av arbeidstida. Klarte ikkje å montera ferdig noko av det han kom for å montera. Og stakk av utan å fortelja kvifor ting ikkje vart ferdig, og heller ikkje korleis me skulle få i gang eit måkeanlegg som hasta å få i drift. I tillegg til alt dette lova han å koma igjen 2 veker seinare enn det me hadde rekna med/var lova. Difor tek det nok ein månad til før roboten sviv.

I dag kom første gladsak på ei stund. Me fekk skrapa som mangla i førre leveranse frå DeLaval. Difor håpar me at måkeanlegget er i drift i morgon, ei veke etter planen. Men det er ikkje berre DeLaval som har problemer med leveringa. Då me skulle skifta ut fronten på innreiinga såg far at ikkje alt var som det skulle vera. Reime, som er produsenten, opplyste om at på grunn av ein tastefeil hadde me fått feil type hekk og 1 meter røyr i staden for 18. Jaja, 1 meter er iallefall nok til ein bås, nesten.

Det går greit med kyrne. Enkelte er litt skitne sidan ikkje måka er i gang, dei legg seg i renna. Masse møkk på spenar og kropp.

Dagens ku: 357 Ingelin
Fordi: Mor fann ut at ho ville kalla henne ei "horpa". Dette utfallet kom då eg etter mjølking stod og klødde Ingelin bak øyret. Det vart forklart med at Ingelin av og til under mjølking: "Høpp te og sparkar." Ingelin har kvasse klauver, men ikkje så mykje kraft i sparka.