laurdag, oktober 16, 2004

Plopp

Mjølkinga går fort for tida. Enn så lenge er det god plass til alle kyrne rundt matfatet. Men alle endringane gjer kyrne litt skvetne. Alle båsskilja vart fjerna i dag, og slikt kan gjera sterkt inntrykk. 315 Frøydis og 339 Hulda bruker begge eit par minutt før dei tek steget heilt inn i fjoset, og då kjem det som oftast som eit byks. Godt å få spenninga ut. Ellers har det vore litt dramatikk i dag. 283 Drusa fekk eit kutt rett over klauva på venstre framlem. Ein del blod vart utaust og Knut måtte finna fram sysaker. Pasienten har det godt no, med sveitteband rundt handleddet.

Dagens ku: 362 Imba
Fordi: Ho er ein dagdrøymar. Stod etter kveldsstedla attmed brua med attlatne auge og tenkte på varmare stader, då ho tok eit lite steg for langt bak. Det vart for bratt for bakføtene og baken vart uhorveleg tung. Ho forsvant nedover med panikk i blikket og utstrekte armar. Dyret landa så breitt det var og det vart ein skikkeleg jurvask. Heldigvis er det ingen fiskar i bekken. Dei hadde vel vorte flate, og flyndrer trivst ikkje i ferskvatn. Men kua kom seg opp og fram. Alt vel.