fredag, oktober 23, 2009

Siste nytt

Berre ei rask melding. Olivia har fenge, ikkje tre eller fem, men fira ungar. To var komne i den gamle, skitne farmorstolen og to i ei grøn fruktkassa med eit skite flanellslaken i. Alle vart "berga" inn på vaskerommet, fekk ny kassa og reint, fint flanellslaken. Og Olivia er i form, ho sleikjer og mel og står i. "Like kjekt kvar gong", seier ho. No har ho fenge litt mjølk i ei skål. To heilt gråe og to svarte, den eine med kvit bles slik som mor si og litt kvite sokkar . Kjønn er uvisst enno, men tenk ALLE ER SKIPSKATTAR! Slå den! Måtte berre få skriva dette, før me skal på kapellbasar... Ha ein fin kveld!

5 Comments:

At 24 oktober, 2009 02:35, Blogger ingvil said...

Ja, eg klarar i alle fall ikkje å slå den! Soooo kjekt! Dei må me ha når æg æ heima mæ jul! Tenk gråe skipskatta <3

 
At 24 oktober, 2009 09:41, Blogger Gagn said...

Åh, så søtt! Eg melde min interesse for ein gråe hukatt med kvitt på. Om det e mulig å få an med t Bergen e ein ann sak. Må vurderast nøye, kanskje eg må senda søknad te Doc.

 
At 24 oktober, 2009 10:46, Blogger Drusa og dei said...

Kjekt at Fløen er interessert i katt. Kanskje me kan vera med å spreia skipsføter i byen? (Mykje regn.....)Men grå hokatt har me ikkje. Berre ein hokatt og ho er prikklik mor si. To heilt gråe hankattar og ein svart hankatt som er lik mor si. Men råd med katt må det verta når det lid over nyttår...

 
At 25 oktober, 2009 15:32, Blogger Islandur said...

Gratulera!

 
At 25 oktober, 2009 15:58, Blogger Gagn said...

Svart og kvid kan gå det au:)...Så lenge an he Olivia sitt lynne, og ikkje sånn som dei svarte med stikkande aue som måtte bøda med livet heima tidligare i år..

 

Legg inn en kommentar

<< Home