onsdag, oktober 28, 2009

Inn i varmen

Inn i varmen kan vera litt misvisande. Det gjeld altså ungdyra som til denne tid, 20 i talet, har gjenge oppi Bakken og ete haustgras. Med rimeleg fint og stilt ver har dei ikkje lide naud. Men i dag vart det surare, regn og heise med vind. Me gjekk til grinda med kvar sin stokk for å skilja ut dei som skulle få koma inn i dag. Akkurat som dei var i ei risikogruppe, men det er dei ikkje. Velfødde og blanke i pelsen og utan fåre for nokon epidemisk smitte. Det var berre det at dei båsane som desse skulle stå på var ledige og klare til innflytting. Før resten kan takast i bruk er det andre beist som må flyttast på, til stadln og grisabingen. 6 tassar i stadln og 6 kyrkalvar i grisabingen. I kveld står 462 Nanna, 470 Oli, 471 Olly og 475 Olava på bås. 481, ho heiter rett og slett Obama(var fødd under det am. valet i fjor haust), pilte forbi oss og lurte seg inn ho òg. No har dei fenge silo og mjøl, men det var berre så vidt at ikkje haustgraset var vel så godt som siloen, sa dei. Og så er dei klypte og står der så blanke og fine, klar til å leggja seg i den mjuke pelsen for siste gong. I denne frisørsalongen er det ingen som kostar vekk pels etter kvart, slik dei gjer i andre salongar.
No er det så koseleg i gamle floren, fredeleg og godt, litt varmare med fleire dyr og høg trivselsfaktor der hjorten går. .....Så fekk dei altså koma inn i varmen, men pelsen for...
I morgon er det fleire som skal inn.
Eg har trudd at eg veit det meste om eksteriøret på ei ku, framme og bak, oppe og nede. Men då det er for nokre veker sidan var snakk oom å gje ein medisin ved å setja sprøyta anten i halerota eller i dogglappen, då vart eg lika vis kvar det siste er.
Tre sp.mål i dag:
1. Kvar er dogglappen på ei ku?
2. Kvifor det namnet?
3. Kva vil dei oppnå med å setja medisin der?

9 Comments:

At 28 oktober, 2009 20:57, Blogger Gagn said...

Kjekt med Obama-ku!

1.Eg syns at dogglappen hørres ud som någe som he med monn (lippe) å gjer.

2. Lippene må ver mjuge å sedda sprøyte i + at det e der det går an å fanga opp dogg i frå graset. Men off - må ver vondt å bli stokken der.

3. Någen folk sprøyte inn botox i lippene for å gjer di større. Spørs om någen i fjose he behov for det.

Nei, eg sende ballen øve te folk som vett någe og som ikkje bara tulle :)

 
At 28 oktober, 2009 21:31, Blogger Drusa og dei said...

Puf har veldig frodige og koselege tankar om dogglappen, (sjølv om det kjendest litt vondt ut å måtta ta sprøyta i lippo.... Trur eg hadde fenge litt problem med å halda håve...), men er ikkje akkurat inne på det retta....

 
At 29 oktober, 2009 01:49, Blogger Islandur said...

1. Dogglappen er, som eg har forstått, den litle skinnposen som heng mellom framføtene på ei ku?

2. Kan sjå føre meg at dette er ein fin oppsamlingsplass av dogg.. Kan henda kua slår seg når det er kaldt i véret, og at dogget renn ned i dogglappen.

3. Kan henda medisinen skal hindra dogginfeksjon.

Nei, kanskje eg skal gjera som Puf, å senda ballen vidare til seriøse skribentar.. (sjølv om eg trur eg har rett på nr. 1)

God natt!

 
At 29 oktober, 2009 21:50, Blogger Drusa og dei said...

Kan seia så pass at Islandur imponerte med rett svar på spørsmål 1. Er det jobben som avløysar som ligg til grunn for så eksakt kunnskap, skal tru? Dogglappen er mjuk og god...
Svaret på spørsmål 2 er delvis rett. Når kua om morgonen beiter i doggvått gras, vert dogglappen klissvåt av dogg.
Men er det nokon der ute som har svar på spørsmål 3?

 
At 29 oktober, 2009 22:09, Anonymous Jofrid said...

Svar på spørsmål 3: Holde kua frisk frå dogglappikusma, og då funke det jo bare å setta sprøyta i dogglappen-naturligvis.
Ha en doggfri kveld:)

 
At 30 oktober, 2009 11:52, Blogger Islandur said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

 
At 30 oktober, 2009 11:53, Blogger Islandur said...

Jau, du veit, det eg ikkje veit, det er det ikkje verdt å vita..

 
At 13 desember, 2009 10:42, Blogger Drusa og dei said...

Hei! Nå er bonden i Trøndelag. Bryllup i går. Litt god tid før me reiser heimatt.
Dogglapen er det lause skinnet på nedre del av halsen og stoppar der brystbeinet startar. Mjukt godt skinn. Simmenthal-rasen har ekstra stor dogglapp.
Me har opp gjennom tida brukt dogglappen til å injisera medisin i. Oppsuginga av medisinen er treg i dogglappen. Det er berre to lag med skinn, blodgjennomstrøyminga i liten. Så dersom ein skal bruka medisin som er spesielt giftig, nyttar ein dogglappen som injeksjonsstad for å få sakte oppsuging, og dermed for å ungå forgifting. Det har vore brukt i forbindelse med piroplasmose på storfe. Piroplasmose er ein invasjon av parasittar som bryt ned dei røde bodlekamane. Dersom ein ikkje får stoppa dette, vil dyret krepera. Medisinen ein bruka mot piroplasmose for 30 - 40 år sidan, var så giftig at ein måtte vera forsiktig ved behandling.

 
At 15 januar, 2010 14:06, Blogger Islandur said...

Takk for leksjon om dogglappen, det var oppbyggjande lesing! Men Oktober er lenge sidan, vonaleg har ikkje alt gått i stå på Tunheim, sidan me ikkje får nyhende på verdsveven?

 

Legg inn en kommentar

<< Home