torsdag, oktober 15, 2009

Haust igjen

Me kan seia at eg surfa litt rundt då eg tilfeldigvis kom innom Tunheim blogspot og til min stor forskrekkelse såg at siste innlegg galdt hausten 08! Det er for gale, tenkte eg. ( Ikkje heilt sant, for me har snakka om det lenge å prøva få bloggen på beina att.) Så mange trufaste, flotte bloglesarar me hadde i si tid.
For å få til eit innlegg treng me noko å kobla tankar og ord til, som ein tråd å spinna rundt, og slik er me heldige som går så mykje i lag med dyr. Dei kjem med småe og store moment heile tida. Og viss det skjer litt lite ein dag, berre pratar (jærsk:drøse) me litt med dei så får me så mykje koseleg me vil. Sauabestanden på garden har vore gjennom ei stor omvelting, slik dei alltid må om haustane. Dei som har overlevd og er sauer på garden i vinter er fylgjande: Signe( mor til Sina, Sivert og Susan), Tone, Seri(dotter til Svanhild), Sina, Tonje og Svinta, altså 6. Sina er svart og var bitte lita då ho var fødd. Det er nok grunnen til at ho og eg har fenge slikt eit godt venskap. Me hadde to andre svarte gymbralam, Susan og Tina. Dei for til Figgen og skal vera med å føra texelrasen vidare der. Sivert er kanskje den det er mest grunn til å skriva heim om! Han skal vera avlsver hjå dei innante på Hjelmeland. Tre karar kom dei for å henta Sivert. Og det var som dei stod berre og geispa sauakarane då dei såg han, før dei sette i gang å skryta! Det var ikkje ende på kor fin han var! Det var vel nesten det finaste dei hadde sett! Det einaste: Han kunne ha hatt litt meir ull fram mot kjakabeinet og øyrene! Så for han til Hjemeland, og med sine 78 kg på strømpeleisten får me vona han får mange etter seg!
I kyrabesetningen har det og vorte ein del utskiftning. Fleir gode , gamle og trufaste har måtta fare den tunge vegen og bonden leier dei på bilen med tungt hjarte! Men så kjem her nye. Kvigene er koselege dei òg. No sende me nett to av dei innover same veg som Sivert, berre at dei tok ei ferja til. Der får dei det sikkert godt. Me har beint fram planar om å ta turen ein gong me og.
Dette vart ein liten rapport. Kanskje er me komne i gang no, slik at det kjem fleire dei neste dagane? Ikkje godt å vita, men i alle fall er det gildt når me veit at nokon les det og gjev seg til kjenne med ein liten kommentar! Ha ein fin og frisk haustkveld! Helsing frå budeiea.

2 Comments:

At 15 oktober, 2009 22:44, Anonymous Jofrid said...

Hei!
Eg les og ska fortsetta med det, viss det bare komme fleire innlegg(forhåpentligvis litt oftere enn ein gong i året).
Tips:(tippe)konkurranser e alltid gøy!!!

 
At 17 oktober, 2009 00:18, Blogger Islandur said...

Oi! Kjekt med innlegg att. Tenkte nett det same her om dagen då eg var innom (at det var eit år sidan sist..!), men då tok eg ein dukk i arkiva og las litt om ein viss montør frå DeLaval.. Kjekk lesing =)

 

Legg inn en kommentar

<< Home