fredag, oktober 16, 2009

Olivia

Eg må fortelja litt om Olivia. Ho er "still going strong", og er eit positivt innslag i tunet her heime, no på det tiande året! Lenge sidan det har vore ein så gamal katt her på garden. Bortsett frå Storepus då. Han vart vel rundt 16 år, trur eg. Endå han levde meir risikofylt sidan han hadde matfatet sitt i Tjensvollskogen. I "krigen" var han og. Olivia tek nok ikkje dei store sjansane. Ser sjeldan at ho bevegar seg mot riksvegen, og det er nok det luraste. Kattane her på garden får stort sett berre kjøpemat, og då tenkjer eg at Olivia reknar som so at ho har ingenting på andre sida av riksvegen å gjera. Men lagar det seg så ho treffer på ei mus her rundt husa så let ho ikkje sjansen gå frå seg.
Men det var det eg skulle fortelja, ho Olivia ventar små i desse dagar. Eg håpa vel for hennar del at ho var ferdig for i år, men den gong ei,nei. Me har Sofus frå sommarkullet. Han overlevde med eit naudskrik. Han var uheldig og datt or ei hand og rett i golvet då han var heilt liten. Han krølla og vrei seg, men kom i gang att. No er han ein halvstor hankatt, så glatt og fin i pelsen. Han likar å drøsa og er nøgd med livet. Det er ein viktig eigenskap. Slike skulle me hatt fleire av!
Dagens nôt: Kor mange ungar trur du Olivia har hatt til denne tid?

13 Comments:

At 17 oktober, 2009 00:22, Blogger Islandur said...

Som har overlevd eller totalt? Det er vel ikkje umogleg at produksjonen kan ha passert 30 individuelle kattungar, samtals..?

Det vert altså svaret mitt på dagens nôt; omlag 30.

 
At 17 oktober, 2009 00:40, Blogger ingvil said...

æg trur æg seriøst vil tippa på ront 60-70 kattonga :D

 
At 17 oktober, 2009 10:40, Blogger Drusa og dei said...

Gode forslag begge to. Så kom igjen folkens. Vil gjerne ha fleire forslag før me prøver å finna fasiten. Kan vel seia så mykje at ho har hatt 2 kull i året. Litt ymse med dei fyrste, men det har vorte stabilt relativt store kull no dei siste åra. Meir seier eg ikkje no.

 
At 18 oktober, 2009 20:14, Anonymous Jofrid said...

Viss hu e 10 år, 2 kull i året frå hu va ca. 1 år....då tippe eg 79 kattunger.

 
At 18 oktober, 2009 21:07, Anonymous Lars said...

Hei, jeg er Lars.
Jeg vil tippe 78 og 80. Det gjør jeg for å tippe fundt Jofrid. Slik at jeg vinner om det er mindre eller mer enn 79. Beklager at jeg er litt useriøs, jeg prater med Ingvil på telefon.

 
At 18 oktober, 2009 21:37, Blogger Gagn said...

Kjekt å koma heim te liv på ein blogg som he vore i kvilemodus ei stonn!

Når det gjelde kattakull, vil eg tippa på 86. Någen kull kan bli ganske store he eg hørt.

Imponerande at någen helle kontroll på antallet. Kanskje det finst ein protokoll med fødselsdato og små podeavtrykk på Tunheim? Akkorat den må eg ha gått glipp av..

 
At 18 oktober, 2009 21:38, Blogger Gagn said...

... altså ikkje 86 kattakull, men 86 onga ja..

 
At 19 oktober, 2009 20:00, Blogger Drusa og dei said...

Her var mange gode forslag etter kvart. Kanskje eg må prøva koma fram til ein fasit. Me prøver. Det vart skrive ei soga om Olivia for ein del år sidan. Greitt å ta med eit sitat derifrå, tenkjer eg, når me skal til å rekna. Dette vart skrive rett før jol i 2002, men Skipperen døydde våren 2001. Sitat som fylgjer:
"Olivia levde vidare utan Skipperen. Ho heldt seg tunn. Men utpå våren i fjor såg me det var ting på gang. Ho la dei to ungane inni ein presenning mellom dei gamle siloane. Me fekk tak i dei, men heilt tamme vart dei aldri. Den eine vart påkøyrd. Smygen levde opp. Det viste seg etterkvart at Smygia var eit rettare namn, i høve til kjønn og sånn.

Neste vår vart magen stor igjen. Fødselen kom så brått på Olivia at dei to fyrste ungane nærast "datt ut" på golvet på vaskerommet der hunden held til. Eine dauda. Sameleis dei to siste som kom etter at ho var flytta bort i brunnhuset. Men Tryggvald voks opp og vart ein flott staut kar, med grå pels, kvit hake og snipp, kvite hanskar og kvite sokkar. Retteleg ein sjarmør." Sitat slutt.
Altså i 2001 hadde Olivia berre 2 ungar, i 2002 hadde ho berre Tryggvald(reknar berre levande ungar), om hausten det året kom det fira ufullborne foster, hugsar eg. Frå 2003 seier me at ho har hatt 2 kull til året med gjennomsnittleg 5 ungar i kullet. Med det ho ventar no, skulle det verta 72 ungar. Var det noko som var i nærleiken?
Alle som deltok får premie!!
Neste nôt: Gjet kva premien er?

 
At 19 oktober, 2009 22:21, Blogger Drusa og dei said...

Viss me legg til dei som var daudfødte, eller dauda rett etterpå, vert det 79. Hurra for Jofrid.
Helsing bonden sjølv.

 
At 20 oktober, 2009 21:49, Anonymous Jofrid said...

Hurra!!!!!!!!!!!!!!!! Synd for deg Lars. Det gjelde å tippa akkurat:)

 
At 21 oktober, 2009 16:54, Blogger Islandur said...

Eg trur premien er ein liten kattunge, samt ein liten skvett or tanken på Tunheim.

 
At 21 oktober, 2009 20:25, Blogger Drusa og dei said...

Jammen! Der slo islandur te! Alle som har delteke med forslag til løysing på nôtæ skal få ein kattunge!!! 1. premien går til Jofrid og det vert ein med skipsføter!! No er ikkje ungane komne enno så det er vel litt farleg å lova for mykje, jmfr. å selja skinnet før bjørnen er skoten! Og sett at det vert berre 3 ungar, då vert det ein unge på deling til Fjellhaug -+ ei 2 literspann med jerseymjølk til han som knekte andra notæ. 1 kattunge til Fløen (Bergen) og 1 med skipsføter på deling til NordNorge, mest Tromsø, og litt Bodø! Reknar med ei sterk begeistring over premiane over heile fjøla! Ha ein fin kveld med knekta nætó!

 
At 22 oktober, 2009 23:14, Blogger Gagn said...

Sjå føre dåkke ein kattonge med så lange framføda (arma) som rekke frå Bodø te Tromsø. Ein fod i kver leir liksom. Kanskje midt i to rondkjøringa. Søtt syn :)

 

Legg inn en kommentar

<< Home