tysdag, april 08, 2008

Våren er her

Ein treng ikkje meir enn å stikka nasen utom døra for å oppdaga at det luktar umisskjennelg vår. Jæren vert i desse dagar bokstaveleg tala sausa inn. Eigentleg luktar det ikkje godt, men når me forbind det med sol og ljosare dagar så har me lært oss til å seia at det luktar godt. "Sausen" er restane etter det foret me køyrde inn i fjor og det vert no køyrt ut igjen for å gje mykje for til å køyra inn denne sommaren. Slik går det sin gang, rundt og rundt.
Lam høyrer og våren til. Her hjå oss er det eg som har det previlegiet å sjodna sauene. I år begynte det veldig trist. Då me endeleg fekk klypt sauene, fredag før palmehelga, (me venta på opphaldsver for ulla må vera turr når ho skal i sekkjer, )viste det seg at Tilla var forferdeleg vid og ho lukta aceton. Det var ikkje bra. Ho fekk alt godt ho berre ville ha, men ho ville ha mindre og mindre. Det einaste ho likte var grønt gras og helst løvetann, så eg for og grov i snøen for å finna litt til henne. Kåre kom med druesukker og energibalanse. Men det gjekk ikkje likevel. Ein kveld låg ho daud. 4 lam hadde ho inni seg, 3 kvite og 1 svart, men alt for. Trist.
Nokre dagar etter lembde Signe. Ho fekk 3, eitt av dei var daudt, no går ho med eitt svart gymbralamb og eitt kvitt veralamb. Dei heiter Svartapetra og Kviteper og har det veldig godt. No hoppar dei rundt på stive bein og leikestangast.
Tulla står for tur til å lebma, no til helga. Svanhild og Bolla kjem nokre dagar etter. Bolla er enorm, sterk og sprek, men sukkar og styn når ho ligg.
Kyrne ventar på å få koma ut. I alle fall ventar budeia på det og tida nærmar seg. No er møka ute og veret turt og fint og graset veks. Då er det helst velstand.
Ha ein fin vårkveld der du er!

4 Comments:

At 11 april, 2008 08:50, Anonymous Anonym said...

Kjekt å lesa om lemmingå :)
....i alle fall om dei skjebnan det gjekk godt med.
På Bjørnemo he di finge 8, eller 7,5 som mamma seie. D eina e visst litt svakt. Men eg he tru på at tytteflaska gjer susen. E jo kje alltid lamman vil ha med ei gong,tongå flyge i alle retninga. men på lange sikt kan di takka dei som he "pressa" i di melk, sjøl om halvparten rennt ner på halsen og gjort ullå stive :)

 
At 17 april, 2008 09:41, Anonymous Anonym said...

Budeia fyller år i dag. Gratulerer.

 
At 18 april, 2008 22:42, Anonymous Anonym said...

Gratulera med gårsdagen:)

 
At 21 april, 2008 20:06, Blogger Drusa og dei said...

Takk for helsingar frå Jofrid og den andre meir anonyme. Alltid kjekt å fylla året, det må eg innrømma, og alltid kjekt med litt merksemd i det høvet. Merkar eigentleg ikkje så mykje til alderen, men eg er litt spent på korleis det vert neste gong det kjem eit nytt tal framfor 0en. Det vil visa seg.

 

Legg inn en kommentar

<< Home