torsdag, april 24, 2008

Tjo og hei

Det er alltid gildt å opna dørene og få ut kyrne fyrste gongen om våren, løysa, som me sa før. Med lausdrift har me ikkje behov for å løysa nokon, berre opp med dørene og la det stå til. Det gjorde me i gårkveld og det gjekk godt. Ingen snubla og skrubba seg på knea og ingen var halte då dei kom inn. Men det var veldig stilt i fjost då me kom ut halv sju i dagtidleg. Om ikkje alle sov, var det tydeleg godt å kvila. Me opna altså dørene litt utpå kvelden. Fyrst måtte dei eta litt silo.
Det er igrunnen litt merkeleg når dei går lause heile året at det då skal vera så eineståande å få springa ut gjennom ei opa dør?. Veit du kva eg trur? Det er som for deg og meg: NATUREN! Det å få vera ute i frisk luft og vandra rundt i ulendt tereng, høyra fuglane syngja og kjenna vinden ruska i pelsen. Me er skapte til det både folk og dyr!
Då kyrne skulle ut, hadde eg stengt sauene inne på kalvabeitet ved kummen. Då dette springande fylgjet kom, trekte dei seg heilt ned i vestre kråna med lamma tett rundt seg. Dette må vera Åsgårdsreia, tenkte dei, då flokken kom eksande så støvskya stod. Sauene var stille og tydeleg prega lenge, stod berre og stirde på.
Det var ikkje mange av kyrne som hadde behov for å prøva krefter, men nokre var det. Det kan jo henda dei tenkte at om eg ikkje er sterkast inne så kan eg vera sterkare ute! Det har litt med omgivelsane og spenntak og sånt å gjera, kanskje. Men det var som sagt lite behov.
Frida er tungt drektig og den eldste av kyrne no. Kanskje det vert feil å seia at ho sprang. Det likna meir på ei feminin jogging. Men var tydeleg glad for å vera ute og ein ting hadde ho lyst til: Ho strena rett opp i Moldbakken, sette kruno i torva og gauv laus så molda fauk, føtene brukte ho og. Svart og lurvete i hovudet, rette ho seg opp då fornøyelsen var over. I morgon er ho dagalaus.
Trine stod i roboten og vart mjølka då dørene gjekk opp. Tenk så fortvila! Å sjå alle dei andre fara på dør og så vera fullstendig innesperra. Men skal sei ho kom! Ho sprang som ein travhest, strak og flott i ryggen og strekte godt ut, stoppa litt for å sjå om dette verkeleg var sant og så full fart på neste etappe!
I dag var alle klar for ut når berre dei kom seg opp. Siloen freista lite, me måtte på med to bytter byggrøyp. Nei, gras er best!
Så var det sauene. Litlesven får flaska no i tillegg til spenen til mora. Eg tømde og vaska ei flaska med hostesaft, ei koseleg brun ei. Den tek 1 dl og er nok i meste laget. Han fekk vel 2 slike i går og i dag var magen framleis stor. Kanskje han hadde soge mora i natt, det veit eg ikkje. Han ser ynkjeleg ut, men mora er utruleg snill. Når ho ser at han ikke klarer fylgja, går ho tilbake til han, og ho drøser heile tida. Då tenkjer eg at det er sikkert koseleg og trygt å høyra at mor er der.
Bolleguten Baltasar er ein flott kar. Mora er i grunnen ikkje det og ikkje særleg grei heller, men no har ho beint fram kome seg. Bolleguten kjem til meg for eg skal hjelpa han med å få tak i dei store spenane. Når eg held han, kjem Bolla og. Ho må mjølkast, ein halv liter i ny og ne er ikkje problem så viss det er nokon som har tru på sauamjølk, (det kan jo vera at det kan hjelpa for nok!), må de ta kontakt så skal me setja litt i frysen!
Som de forstår er våren i full gang, og det som plar henda om våren, det hender. Olivia går stor og svær og har problem med å koma seg inn holet til gamla brunnhuset. I staden for at ho smett inn, går heile døra opp med Olivia i holet. Ho er oftare på utedøra vår no og skrapar med dei store labbane. Og ofte får ko koma inn. Det er greiaste for oss at ho kjetlar inne, då har me kontrollen og ungane vert vane med folk.
Ha ein fin dag! Helsing budeia!