måndag, april 21, 2008

LitleSven

Heile sist veke gjekk eg og venta på at dei to siste sauene skulle lemba. Men det varde og rakk, og dei vart berre drygare og drygare. Spesielt Bolla. Såvidt ho kom seg ut døra. Så, i går bar det til for både henne og Svanhild. Før eg fortel meir om dei, må det forteljast at Tulla lembde sist laurdag. Ho hadde ordna alt sjølv om natta då me kom ut. Ho fekk Tone og Truls, har godt med mjølk og er glad i begge, altså er ho det me kan kalla ein god sau med ei "stright" lembing. Men ho er vel og den einaste av sauene våre me kan seia det om.
Eg tykte at både Bolla og Svanhild var litt løygne om laurdagskvelden. Dei ville ikkje inn. Det er ofte dei vil gøyma seg vekk når dei skal lemba. Då det ikkje hadde vorte noko om natta og Svanhild ikkje ville ha mjøl sundagsmorgon, fekk eg Knut til å kjenna i dei. Hjå Bolla var det ikkje opning, men med ein gong han kjende på Svanhild, sette ho i med rier, og rett innføre låg LitleSven, på tvers. Så vidt dei fekk liv i han. Med sine 1.6 kg er han noko av det minste me har sett av lam, men så ferdig skapt og fin. Etter han var det å få tak i StoreSven, og ut med han, med heile 3 kg, og så til slutt, fekk Knut tak i Seri og ut med henne og, ho er 2.5 kg. Svanhild kom seg på føtene med ein gong og var så glad (trur eg!) og fornøgd og sleikte og humra heile tida.
LitleSven var skral og kald. Me fann varmepæra, men eg ser at dei ligg heller attmed mor enn under ei varmepæra, var ikkje den fin?! Eg har drive på med han, gjeve mjølk med skei når han ikkje ville suga. I tillegg har me mjølka Bolla og gjeve LitleSven med sprøyta. Den saug han av, det gjekk utruleg. No er han på banen saman med dei andre, finn spenen og får i seg litt. Kjekt viss det går. Minste føre når mora er så snill, no får me vona det varer. Det var mor til Svanhild, Synnøve som aldri vile ha meir enn eitt. Godt at ikkje det arvast.
Så var det Bolla. Me hadde kontroll med henne med kikkart, og då eg var oppe og såg om henne etter at eg hadde sjodna i gårkveld, såg eg at vassblåsa var komen. Eg gjekk heim og fekk Kåre med meg. Me fekk ta henne, ho er eigentleg helst litt skyr. Eg heldt sauen og Kåre begynte å dra i fosteret, men det var stort og opningen trong. Me fekk lagt Bollo ned, men nei. Kåre heim etter kjetting og då kom storegubben ut. Baltasar heiter han, men sidan han er son til Bolla, kan han heita Bolleguten Baltasar. Der var eit lam til. Eit saulam, men det var vanskapt, med veldig underbet og pukkel på ryggen. Hjarta slo, men det kom aldri i gang med å pusta. Hadde mykje slim i seg og var kanskje ikkje levedykig. Bolleguten, stor og flott, ( han skal på vekta, han og)kom seg på beina, men mora vil ikkje sleppa han til på spenane, endå ho har spenar som ei kvige. No fer han opp når han høyrer eg kjem og han veit han får hjelp. Trur nok det vil gå seg til etter kvart.
Jau, det er interessant å vera bonde, og det skal ikkje mange sauene til før ein har det interessant!

Spørsmål: På Voss seier me at ein sau kan vera skyr (det er negativt). Kva heiter det motsette?

7 Comments:

At 24 april, 2008 03:54, Blogger Islandur said...

Det første eg tenkte på var å ta vekk "r"'en, for å få ordet "sky".

Men eg har ikkje peiling, og tenkte eigentleg mest på det islandske mjølkeproduktet Skyr... Hadde det vore noko å satsa på på Tunheim?

Eg høyrer forresten at våren er komen heime. Kjekt for dykk, kjipt for oss i Tromsø. Eg er lei av snø. Det ser ikkje ut til at April får tina den siste snøen som ligg i skàret i Tromsø. Menmen. Juni e rett ront hjyddna..! =)

 
At 24 april, 2008 08:09, Anonymous Anonym said...

Eg trur det må vera ein variant av det dei i Ryfylke kallar "skjerr", som tyder skvetten eller lite tam. Det motsatte er spage; rolig eller tam.
Helsing Silje (har sjølvsagt gløymt passoret mitt for å logga meg inn...)

 
At 24 april, 2008 08:51, Anonymous Anonym said...

Silje nommar to stemme au for at skyr betyr det motsatte av tam.
Sko gjerne hatt LitleSven her på lesesalen som trivselsfaktor :)

 
At 24 april, 2008 09:39, Blogger Drusa og dei said...

Gode resonnement og forslag. men kanskje eg skal spørja på ein annan måte: Kva er ordet for "spag" på Voss?

 
At 28 april, 2008 05:00, Blogger Islandur said...

Då vil eg føreslå at skyr er dialektform for "skjør"? Altså, det motsatte av solid, eller noko i den duren...

 
At 28 april, 2008 11:53, Blogger Drusa og dei said...

Godt forslag! Trur berre eg skal koma med svaret. Mild er det motsette av skyr. Og me likar best når sauene er milde!

 
At 29 april, 2008 01:31, Blogger Islandur said...

Kan skyr nyttast om véret óg då, eller? T.d.; det har vore skyrt i Tromsø, men idag var det mildt?

 

Legg inn en kommentar

<< Home