tysdag, april 01, 2008

Så var det heile over!

På grunn av at TINE nyleg har bestemt å avslutta betaling for feitt og protein ser me oss nødde til å gå over på ein annan rase. Me kan ikkje fortsetja å bruka så mykje ressursar på feitt og proteinproduksjon. Kva slag rase me skal gå over til er enno ikkje bestemt, men antakeleg vert det holstein. Me kunne ikkje halda ut å måtte bruke NRF sidan det er geno som har pressa igjennom denne endringa hjå TINE.

17 Comments:

At 01 april, 2008 22:31, Anonymous Anonym said...

dette er jo heilt tragisk. Kan de ikkje prøva å gå rettens vei?

 
At 01 april, 2008 22:31, Anonymous Anonym said...

fytti grisen!

 
At 01 april, 2008 22:32, Anonymous Anonym said...

for oss i NRF er dette ein geno-dag, eller motsatt.

 
At 01 april, 2008 22:33, Anonymous Anonym said...

Eg har alltid drukke lett-melk

 
At 01 april, 2008 22:35, Anonymous Anonym said...

Korleis smakar eigentleg protein?

 
At 01 april, 2008 22:35, Anonymous Anonym said...

Er melk sunt?
Hilsen Knut Pedersen Fremmegård Olsen

 
At 01 april, 2008 22:37, Anonymous Anonym said...

Mjølk er sunt, by og land hand i hånd, har no eg alltid sagt, venner
hilsen oss i bakken

 
At 01 april, 2008 22:38, Anonymous Anonym said...

heia geno og dei!

 
At 02 april, 2008 11:38, Anonymous Anonym said...

Eg synes godt at slike komentarar kan vera signerte. Det er vanskeleg å svara når ein ikkje veit kven som står bak.

 
At 02 april, 2008 21:57, Blogger Maria og Erlend said...

det var meg..

 
At 02 april, 2008 22:34, Anonymous Anonym said...

Er dåkke like overbevist om å bytta rase i dag, som i går?:) Det hende ein forandre meining etter ei god natts søvn...

 
At 02 april, 2008 23:00, Anonymous Anonym said...

Det var heilt sikkert deg, Maria. Ellers så er mor og far sikkert opne for å diskutera rase-spørsmål. Eg derimot er ihuga JERSEY-fan.

 
At 03 april, 2008 08:31, Blogger Drusa og dei said...

Du Lars, du Lars.
Ikkje verst til å vera 1. april.
Me er nok litt for glade i desse småe, "gule" til å skifta dei ut. Men det var ein fantastisk respons.
Helsing bonden sjølv

 
At 03 april, 2008 14:58, Blogger Drusa og dei said...

No "føler" eg at eg må koma med eit bidrag eg og. Trur eg kan seia det med handa nokså nær hjarta at det kjem ikkje nokon annan rase her på garden så lenge noverande bonde og budeia er brukarar. Då legg me heller ned!
Har akkurat teke imot eit nytt individ av jerseyrasen, så her går livet sin gang. Like stort kvar gong, når berre det er liv laga. No var det rett nok eit hankjønn og det er som alle jerseybønder veit ikkje fyrst på ynskjelista, men han kan sjå framtida ljost i møte og rekna med å få eit lengre liv enn mange andre jerseystutaposar. Han skal nemleg til Ryfylke og verta mellomkalv!
Kalven treng eit namn, på O!

 
At 03 april, 2008 15:38, Anonymous Anonym said...

Olav!!! Det enkle er ofte det beste:) Kongenavn te ein kongekalv(?). Et bedre forslag har eg ikkje, men det e det kanskje andre som har.
Ka e egentlig ein mellomkalv?

 
At 03 april, 2008 18:37, Blogger Drusa og dei said...

Fytti grisen, var ein kommentar. Og det er sikkert nok. Viss han berre er frisk.
Korleis smakar eigentleg protein, var eit spørsmål.
Protein smakar ikkje så mykje. Helst smaklaust i forhold til sukker of feitt. Skal du få god mat, er det vanskeleg å koma utanom feitt. Det treng ikkje vera så mykje, og det treng heller ikkje vera med langkjeda, metta feittsyrer.
Er melk sunt?, var eit anna spørsmål.
Ja ganske ba sunt, etter det ein omsider har kome fram til. Anklagen mot mjølk har først og fremst vore feittet. Nyare forskningsresultat viser at mjølkefettet er ikkje langt frå nøytralt med hensyn til virkning på hjarte- og kar-sjukdomar. Dei langkjeda metta feittsyrene med 18 - 20 carbon-atom er ikkje bra for blodårene våre. Men mjølk inneheld mykje kortkjeda feittsyrer med berre 11 - 12 carbonatom. Og dei er snille. Dessutan er det CLA (Conjugated linoleic acid = konjugert linolsyre) i mjølka, særleg om sommaren hjå dei kyrne som går på beite. Dette er ei umetta fettsyre som er essensiell for kroppen vår. Dvs. den er nødvendig for kroppen, og kroppen kan ikkje produsera den sjølv. Den må altså tilførast i maten. Denne syra er spesielt gunstig mht. hjare- og kar-helsa. Så konklusjonen i dag er at mjølkefeittet er ikkje så verst. Men det er framleis ein del ernæringsfysiologar som ikkje har fått dette med seg. Og er tenkjer med gru på den tida då Ingrid Espelid og prof. Norum preika på fjernsynet at Margarin var så sunt. Og då var det ikkje plantemargarin, men gamaldags margarin med marint, herda fett. (Med mykje transfett). Verre kan det mest ikkje verta, etter det eg veit.
Så konklusjonen kan verta: Kva som er rett og gale i fysiologien, varierer med tida. Det er berre anatomien som er konstant, og som ein kan stola på.
Takk for praten!
Helsing bonden.

 
At 10 april, 2008 18:07, Blogger Drusa og dei said...

Hei Jofrid!
Mellomkalv er ein kalv som vert fôra fram fort til slaktevekt 120 - 140 kg. Ein god oksekalv av NRF skal kunna vera så tung ca. 6 mndr. gamal på god mellomkalvfôring. Ammekalvar veks fortare, og kjem opp i den vekta mellom 4 og 5 mndr. gamle.
Nå kallar ikkje slakteria det mellomkalv lenger. Nå heter det kvalitetskalv.
Helsing bonden.

 

Legg inn en kommentar

<< Home