søndag, desember 25, 2005

God jol!

God jol! Seier me i dag. Ein stille, fredeleg jolamorgon. Trea står heilt stilt endå til her på Jæren, ikkje ein kvist som lear seg. Nokre minusgrader og hæla. Sauene har det godt ute ser det ut til. Dei et frose gras i dag og er nøgde med det. Og inni den tjukke pelsen har dei det varmt og godt. Det ser så deiligt ut med den pelsen, tenk å kunna gøyma seg i noko slikt! Hadde eg vore sau i dag så hadde eg sikkert no gjenge og tenkt på dei sauene som beitte på Betlehemsmarka for lenge sidan og ynskt at eg kunne ha vore med i den flokken. Då engelen kom i skya. Eg trur ikkje sauene vart redde, slik som me veit gjetarane vart. Nei, dei vart ikkje forskrekka, men dei lyfte hovudet og let gras vera gras ei stund og fekk med seg engleskaren og songen og alt og tenkte sikkert at dette var no voldsomt! -- Før dei åt vidare. Og voldsomt var det. Dei skulle berre ha visst----!
Sidan sist har Evy fare. Snill og medgjerleg rusla ho på bilen om torsdag. Det er "medaljens bakside " med å vera bonde. Tenk om alt kunne levt!? Men det kan det altså ikkje. Det var det triste og sorgen. Så var det gleda: Natta til måndag "losna" det for Bossi. I middagstida var alt kome, då kom den niande. Dei to siste var daude og så vart tre til tekne vekk. No ligg ho altså med 4 "dollerottar" på vaskerommet og slankar seg. Ho et glupsk alt ho får. Du ser sikkert for deg korleis ein dollerott ser ut. For akkurat slik er dei: Knødde igler med blank pels! Pinnakjøtbeina frå jolamiddagen fekk bein å gå på. Men Bossi fekk ikkje alle restane på ein gong, siste resten i dag. Jau det var godt kjøt, litt salt kanskje, men godt med smak.
Budeia har avløysar i helga og er difor ikkje heilt oppdatert. Men etter det karane fortel er alt vel i floren med kyrne, og jolestjerna i robotrommet lyser for dei. Kvigene me har inseminert er drekige, kan dei fortelja, så kalvingslista for neste år er lang og lengre enn før og då går vel bondelivet sin gang!
Me ynskjer God jol til alle bloglesarar! Onsdag reiser bonden og budeia til Filipinane i barnedåp! Tenk på det! Kanskje de kan senda ein liten tanke når me fer over skyene i timevis og over framande land! Når me snakkast att er det nytt år så difor kan me lika godt seia godt nytt år med det sama! Godt nytt år!

7 Comments:

At 25 desember, 2005 12:56, Blogger Sildesotten said...

Så fine sauerefleksjon :) Fekk mesten lyst t å bli sau sjøl eg.

Ellars så må eg få ønska bonden og budeiå go tur t anra siå av verå! Så heldige dåkke e som ska ner i varmen. Eller bårt og ner e d vel.
Lykke t m flyging og flyplassa og alt sånt :)

Dei der dollerottane he eg veldi tru på. Glede meg t å sjå di!

 
At 29 desember, 2005 17:45, Anonymous Anonym said...

Hei, adle Tunai-biuar!
Eg fullde ivrigt me på denne bloggen for vel eitt år si, men trudde d heila va lagt i grus itte ansvaret blei lagt öve på Ingvil, og hu ikkje gadd meir!

Men nå oppdagte eg at eg hadde gått glipp av ein heile haust på Tunai, någe eg tog tungt! Men nå har eg henta meg inn igjen, og e klar t å fulla me på Drusa, Bromma og dei andre. D e spennande å fulla me på dyrå, d e liksom som å fulla me på ein spennande serie på fjernsyne.. Sitt vekk i frå at eg ikkje pleie sjå på fjernsyn då.. Men sånn ellers...

Så vil eg jo ynskja bonden og budeiå ein glimrande tur t bodnadåp, sjöl om eg ser eg e litt seint ude me akkurat d. Men dåkk får ta d t dåkk når dåkk kjeme heim igjen! Men jaffal, Go Jul t den resterande gjengen på Tunai frå Ryfylkjet...

 
At 29 desember, 2005 19:39, Blogger Drusa og dei said...

Takk for jille kommentarar!
Sjøl om krumtappen og budeia er vekkreiste, sviv det omtrent som vanleg her på garden. Dyra mjølkar og skit, mens me andre fôrar og reinskar opp. I desse dagar er mjølkekvoten akkurat fylt (+litt), gjødselkummen likeså (obs!)og alt tyder på at det kommande året vil innebera liknande arbeidsoppgåver som det gamla.

 
At 30 desember, 2005 03:28, Blogger Drusa og dei said...

Saa, forste kommentar fraa Cebu, Filippinene. Me har det godt og varmt, ca 30. Ut paa shoping. Ein lit annan kultur enn me er vane med. Folk paa alle kantar, ca 5 mill. innbyggjarar her paa oya. I motgon er den store barnedaapen. Haapar eg faar kofferten min med alle klaerne til daa. Den vart igjen i Amsterdam. Dersom ikkje, faar eg vel gaa i kyrkja i shorts. Me faar sjaa. Ha det godt daa i gamlelandet.
Helsing bonden, naa paa 10 gr.nordleg breidde.

 
At 31 desember, 2005 07:49, Blogger Drusa og dei said...

Hei igjen fraa Filippinene. Naa har me vore kyrkja. Etterpaa paa restaurant med mykje god mat. Me satsa paa frityrsteikt svinekjot i sursot saua. Kjempe. Diverse frukt til desert, bl.a. mango og annanas.

Planlegg neste veka med diverse utfluktar, to beach, til familien til Gina, til ein norsk fraa Strilalandet som bur her nede. Paa torsdag eller fredag til Manilla. Paa vegen til kyrkja saag me faktisk nokre sebufe, kyr og kalvar. Dei treng nok ikkje fjos, men dei ser ut til aa faa mager kost. Skin and bones.

Kofferten som me mangla, kom i gaarkveld til Casa Rosario, der me bur. Alt av Vossakurv og makrell i boks, samt pinnakjot var inntakt. Elles er alt vel.

Mynteininga her er piso. 800 piso er ca 100 kroner. Saa me vert vane med litt storre tal enn heima. Men saa er alt billeg; midag til ca 10 kr. Drosje i 15 min (tida det treng fraa der Sjur bur og til Casa Rosario) kostar 55 piso, eller 7-8 kroner. Tlsynelatande ingen trafikkreglar, saa det gaar friskt for seg.

Saa lukke til alle heime. Melder meg snart igjen paa nett.

Helsing bonden paa Cebu

 
At 01 januar, 2006 04:32, Anonymous Anonym said...

Eg må ynskja godt nyttår t Tunheim! Eg for min del, har såde åleina heima og hosta i kveld, mens adle andre har vore i Årdal og hatt d kjekt.. Men sånn e live. Sko ynskt eg og konne vore på ei breddegrad nermare 0°.

Lukka t me alt i 2006, og måtte Gud få beriga kvardagen!

 
At 01 januar, 2006 06:47, Blogger Drusa og dei said...

Saa er eg paa nett igjen. Sjur, Marta og eg har vore paa mote i ein liten menighet som kallar seg Bread of life. Tydeleg inspirert fraa Willow Creek. Alle som deltok var unge, under 30 aar, trur eg.
Etter motet var det juice og litt aa bita i. Oyeblikkeleg var det ei jenta som tok kontakt med oss. Dei er jo saa imotekomande paa alle vis. Og etter faa minutt kom ho som hadde halde talen, og ho som leia lovsangen og helste paa oss, og prata litt. Og saa er det ei god oppleving for meg, som er litt halvliten, at dei alle fleste er mindre enn meg. Godt aa kunna sitja paa bakerste benk og sjaa over hovudet paa alle.

Stor kontrast fraa i gaarkveld daa me var paa gudsteneste i ei katolsk kyrkje. Men ein kan jo registrera ei fornying der og, saerleg m.h.t. sangvalg. Ikkje orgelmusikk, men eit band med gitar og diverse moderne instrument leia sangen. Mykje roykelse og mykje snakk om jomfru Maria. Saa - det var godt aa koma i ein annan atmosfaere i dag.

Overalt der me er innandors, er det avkjolt luft, likeeins i bilane. Saa snart me kjem ut staar den varme og fuktige lufta som ein vegg. Men me er ikkje utadors saa lenge om gongen.

Alle gode ynskjer for det nye aaret til alle lesarar. Me tenkjer paa dykk heime.

Helsing bonden, framleis paa Cebu, Filippinene.

 

Legg inn en kommentar

<< Home