fredag, desember 09, 2005

Sporvehauk

BANG! Den store ruta i kvardagsstova heldt, men det måtte vera berre så vidt. Ute på verandaen låg ein sporvehauk. I svimeslått trudde me og venta på at han skulle kvikna. Men nei, han drog sine siste sukk og trekte opp augo. Der for han. Trist å stå og sjå på. Makteslaus, overfor liv og død. Ein flott fugl. Bortsett frå at han sikkert har ete andre fuglar, var det eit flott stykkje skaparverk. Kva han såg inni stova som likna på ein flokk træster eller sporvar og som fekk han til å tru at der var det mat å finna, veit ikkje eg. På bordet stod berre eit fat med frukt. Han kom stupande ned, sa bonden som "bivåna " dette frå sofaen. Det var forresten ei ho. Slo opp i fugleboka og då sa fargane at dette var ein hofugl. Ja, ja. No ligg ho i frysen til ein medlem i ornitologisk forening.
Elles nærmar det seg jol. I dag skal det gjerast reint i robotrommet. Der er det rett og slett "yveslept". Vaskast og pyntast litt til jol. Har investert i ny jolestjerna som skal hanga i glaset, inn mot floren, trur eg. Så kan kydna og få litt jolastemning.
Evy har vore skral. Føtene svikta. Me laga til sjukebinge der ho får omstenda seg åleine, og me mjølkar i spann. Etter nokre dagar med penc. behandling ser ho litt ljosare på livet. Men noko langt liv heretter, vert det nok ikkje snakk om for henne. Jomma og Trine kalva sist veke og me fekk Luther og Litagod. Endeleg ein kyrkalv. Jomma er så snill og me likar henne så godt at ho har skifta namn og fenge eit litt skikkelegare. No heiter ho Josefine. Eg brukar ofte begge. Roboten har ho vorte ven med og det meste går greitt. Littlebiggen og Ludura skal til Varhaug neste veka. No får dei berre mjølk om morgonane og har lært seg at det går an å drikka av drikkekar. Då kan dei reisa til ein bonde på Varhaug for så å verta gjødde fram til stor størrelse.
Men no skal det vaskast i robotrommet. Ha ein fin dag i adventstida.

Til neste pulje som kalvar i januar treng me namn på M.
5 av kvart kjønn så har me litt å velja i,( etter kva kjønn det er).
Har du tips?

6 Comments:

At 09 desember, 2005 18:39, Blogger Sildesotten said...

Stakkars foggel. Eg au gjekk rett på ein lyktestolpe i fjor, og d va ikkje så godt d heller. Men eg tog kje kvellen for d om, heldigvis.
Syns d e flott at dåkke he Lutherske kalva. Di he sikkar store gleda av julestjernå som ska hengast opp i vindue :)

 
At 11 desember, 2005 12:46, Blogger Drusa og dei said...

Flott med frodige namn. Me treng litt å velja i. Madrugada og Melkebart, passar ypparleg. Det som kan henda er at viss dei som ber namnet er eit flott stykkje kyr slik at me skal til Varhaug eller Seljord med dei då begynnar me plutseleg å stussa litt på om det namnet går an. Det er eit eller anna som skjer ved tanken på at dette skal stå i ein katalog og vera veldig seriøst. Slik var det med Jammen. Ho fekk 1. premie begge plassar, men etterpå vart namnet skifta til Juliane. Jomma har alt skifta til Josefine utan at det har vore snakk om utstilling. Slik er det. Mjukedal treng me og. men då må me kanskje ha eit førenamn, Mads, til dømes? Mads Mjukedal.

 
At 12 desember, 2005 21:00, Anonymous Anonym said...

Hallo gode jærbuar-
eg har myst litt på den gilde bloggen dykkar av og til, og då er det jo høfleg å gje seg til kjenne.
Trist å høyra om spurvehauken, men sånn er livet. Ser for meg at han(ho) kjem tilbake i ein flott, utstoppa skikkelse!
Her i fjordane går ting litt på tverke om dagen. Jutta blei litt for riven med av hormoner på torsdag, og hinka brått på tre bein. Eg måtte tilkalla dyrlegen, og me kom fram til at ytterklauven på høgre bakfot var problemet. Klauven fekk ein omgang med vinkelslipar, superlim og treklosse, og så var Jutta på høghælt sko. Med smertestillande om god pleie kjem ho seg forhåpentligvis på beina, men det ser ikkje så lyst ut. Foten er så vond, at Jutta helst berre vil liggja og sukka. Et litt, drikk litt og mjølkar litt- så må ho kvila. Bonden er VELDIG bekymra og har klump i halsen, medan drengen er avventande pessimist. De får kryssa fingrane for Jutta!
Elles har tre årslam vore sakna i over ei veke. Dei går ute i ulendt, overgrodd terreng og har IKKJE fått bjølle på seg. Dumt! Det er dei minst tamme i flokken, så det er som å leita etter ei nål i ein siloballe. I dag har eg trimma knallhardt og ropt "si,si" til eg var hes som ein påfugl (si,si er eit rop alle sauer i Ryfylke skjønar tyder "kom og få kraftfôr!"), men fann ikkje så mykje som ein ulldott. På an igjen i morgon.
Når det gjeld navn på M, tenkjer eg straks på Anne Cath. Vestly:
Marte,Maren, Morten Minstemann, Mina osv.

Ha ei fortsatt god førjulstid!
Helsing "dei innante"

P.S. Syns ikkje det er fint å mobba Øystein Djupedal slik like før jul. Han seier rett nok ein del klønete ting til tider, men det kan jo skje den beste (har eg høyrt). Gje mannen ein sjangs!

 
At 13 desember, 2005 07:47, Blogger Drusa og dei said...

Gildt å få respons frå "dei innante"
Ja det vert oppturar og nedturar når ein driv med dyr. Ein fokuserar mest på dei som skrantar, -og den klumpen du skriv om kjenner bonden godt til. Men hjå meg er klumpen i magen og ikkje i halsen.
Skal me diskutera litt fag, så er min kommentar: Dersom klauvskaden ikkje har resultert i ope sår, går det alltid utan komplikasjonar. Eit klauvbeinsbrot treng ca 25 dagar; så i løpet av få dagar er haltheten borte. Dersom det er ei vridning av klauva som har resultert i blødning i klauvranda, kan det fort verta ein pododermatitt, og ein må vera nøye med reinhald og bandasje på ytterklauva. Om nødvendig a.b. generelt. Men med dei rette tiltaka går dette og bra. Det gjeld om å stilla rett diagnose og gjera det som trengst. Men de har jo alt som skal til for å få dette til. Det som ein elles kan vurdera, er om kyr i brunst skulle vore i sjukegarden mens det står på. Det vert mykje uro når alt går laust.
Alle gode ynskje for dykk alle, både tobeinte og firbeinte. Så kan me håpa på eit smertefritt nyttår også for Jutta.

Helsing bonden på Tunai.

 
At 13 desember, 2005 08:42, Anonymous Anonym said...

Jaha, nå er det snart heimreise att. Sit no på skulen og ventar på ein slags tentamen kl. 9. Då får eg sjå korleis eg klarar meg.
Eg har jo fått ein ball frå "knoffå". Den må eg gjera noko med: Mindor, Mjølleif, Makk, Motting og Mensen. Det var til mennene, så fem andre: Myrra, Malli, Mosveig, Megga og Marla.
Dette var kanskje ikkje seriøst nok, men eg kjem kanskje over det.

 
At 13 desember, 2005 08:43, Anonymous Anonym said...

Jaha, nå er det snart heimreise att. Sit no på skulen og ventar på ein slags tentamen kl. 9. Då får eg sjå korleis eg klarar meg.
Eg har jo fått ein ball frå "knoffå". Den må eg gjera noko med: Mindor, Mjølleif, Makk, Motting og Mensen. Det var til mennene, så fem andre: Myrra, Malli, Mosveig, Megga og Marla.
Dette var nok ikkje seriøst nok, men eg kjem kanskje over det.

 

Legg inn en kommentar

<< Home