onsdag, desember 14, 2005

Bossi og Evy

Det nærmar seg no. Bossi er stor, rett og slett. Om måndagskvelden skulle ho få vera med meg til Nærbø etter Ingvil. Då hadde ho problem med å koma seg inn i bilen og opp i baksetet! Men det gjekk. Så let eg opp vindaugo bak (berre litt) og så sat Boss med snuten opp over ruta og luktar. Nasaborna vibrera og gjekk att og fram. Sikkert ei oppleving. Skulle vore gildt å vita kva lukter ho kjenner.?! Forbi Risa t. d. Kanskje luktar det hest? Eller steikt flesk? Eg kjenner ingenting, berre grisalukt. Når sant skal seiast måtte eg ha opp vindaugo av ein annan grunn òg. Bossi dunsta noko forferdelg! Eg trur ho har liggjande nokre daude grisungar nedgravne einkvar stad. Ho er vekke stundevis og då spørs det om ikkje ho er og forsyner seg av lageret for slik luktar det i alle fall. Men no nærmar det seg fødsel. Vaskerommet er fjelga og vaska med grønsåpa. Madrassa er vaska, men det spørs om ikkje ho må bruka noko anna under fødselen. Ja, ja, dette er ein naturleg ting, seier Bossi. Berre slapp av! Ho har født 35 ungar før.
Så var det Evy. Ho er framleis i sjukebingen, men no et ho og mjølkar som berre det. Av og til står ho og tøyer seg under kjettingen og ser ut som ho lengtar inn i lausdrifta til dei andre. Me prøvde ein dag å sleppa henne slik at ho kunne gå i roboten og verta mjølka. Men det gjekk ikkje. Det går så seint for henne å føta seg at når dei andre svinsa rundt henne og fobi og dultar borti, då vart det til at ho berre berga seg opp på fyrste og beste bås og der vart ho ståande. No er for seg sjølv att. Det går best. Det er ein ting Evy set stor pris på og det er at eg kostar henne medan ho vert mjølka. Det ser så godt ut for det klør og det klør... og så har eg høyrt at kroppen skil ut noko godstoff under kløinga. Dei heiter endorfiner og dei verkar så godt på alt, både helsa og psyken, altså gjev det livsmot. Difor trur eg at det er viktig å gå med kosten og kosta og kosta på den kyra som er sjuk, og drøsa og drøsa med henne. Då vert alt så mykje lettare! Ha ein fin dag du òg!

4 Comments:

At 16 desember, 2005 12:08, Blogger Sildesotten said...

Tenkte på bloggen dåkka i fjose idag tiligt, va ei ku som trengde litt ekstra kløing. Ikkje bara for d atta hu va sjuge, men va ikkje heilt gira på å bli molkte rett å slett. Fødan (tednan) fòr i alle retninga. Trur eg klarte å mana fram litt livsmod hos hu itte kvert... :)Endorfinane svevde opp ront håve og lagte ein glorie ront håve vil eg tru.

 
At 19 desember, 2005 09:57, Blogger Sildesotten said...

Gratulera m 7 Bossi!! Ellar he dar kome fleire nå?

 
At 19 desember, 2005 20:47, Anonymous Anonym said...

Dar e ein te, men han var stiv då han kom.

 
At 20 desember, 2005 16:12, Blogger Drusa og dei said...

Og endå ein, men han og var faren. I dag for tre til så no er det fira att. Det ser ut til å vera meir passeleg for Bossi. I gårkveld var det mykje hyl og skrik og Bossi såg fór "yvegåvæ" ut. No har freden senka seg i vaskerommet, eg har vaska med grønsåpa og renska opp etter gårsdagen og det høyrest berre ein jamn, svak dur frå "iglene". Bossi ligg strekk ut og ser ut til å tykkja at alt er velstand. Og det er det jo!

 

Legg inn en kommentar

<< Home