torsdag, desember 01, 2005

Litt trist og litt kjekt og litt alvorleg

No er ho faren. Juice. Me måtte berre gje opp å få kalv i henne. Etter utallige forsøk( kanskje ørten) måtte ho fara på slakthuset. Eg har hatt sug i magen i lengre tid berre ved å tenkja på det. Det var noko som var grott att, sa inseminøren. Juice var dotter til Drusa. Ho hadde sånt "mossapeias-fjes" og stilte seg opp når me var ute i lausdrifta, me skulle drøsa med henne og klø litt. Nei, no må ikkje eg fortelja meir om det for no dryp det snart på tastaturet. . . !
Med Bossi går livet vidare. Magen veks og må snart kunna kallast vom. Den er no berre 16 cm over bakken. Men Bossi er i stabilt godt lag og utruleg svolten. Ein dag hadde ho begynt på nokre gamle kokte gulerøter som eg hadde lagt i komposten. Då må du vera svolten, tenkte eg. Kanskje er det berre to veker til "drallane" hennar kjem.? Eg kunne tenkt meg at ho var ein annan plass enn på vaskerommet med familien sin. Men det er jo ikkje ei varm årstid akkurat så kjellaren er kanskje for kald.
I kveld er det korøving og min tur til kaffi og matbete. Det lagar seg nok. Det lyser i stille grender, Det hev ei rose sprunge osv. gjev jolastemning og det gjer seg. Ha ein god førjolsdag!
Fekk akkurat telefon frå ei av damene i "konegruppa" vår. Ho ville me skulle støtta eit opprop "Nok er nok". Det gjeld Djupedal sitt framlegg om å sløyfa bordbøn, og med det avkristningstendensen som breier om seg. Initiativet kjem frå Linda Austnes frå Godøy. Underskriftene skulle vera inne før jol. På tide å setja foten ned, ikkje sant!? Og så tykkjer eg det er så flott at ein av deltakarane i gruppa kjem med innspelet om vår støtte i den saka. (Berre for å vera litt oppdatert og visa at me ikkje berre tenkjer dyr!)