søndag, september 16, 2007

Tilstandsrapport

Me har akkurat runda midten av september og merkar at mogonane er litt tyngre og kvelden kjem litt tidlegare. Særleg når det er skoddaskyer og regn, og det har det vore mykje av i det siste. Me har alt prøvd oss med å kveikja stearinljos og ein liten lyr i omnen for å varma oss opp og det er hausten på sitt beste! Når det gjeld gardsdrifta er det snart litt om å gjera å få slå tredjeslåtten, men til det er bakkane for blaute. Ungdyra hadde me tenkt skulle gå ute minst ein månad til. Me har endåtil nokre småkalvar som eg hadde planar om skulle få vera ute nokre dagar før innsett. Det er så godt dei får prøva seg ute når dei er små, elles kan det fort gå over stokk og stein til våren når dei då skal takla det. No spørs det om ikkje den treninga går i vasken. Det er ikkje kjekt å ha dei ut i regn og vind og dei berre vert ståande med kryl på ryggen og hutrar og frys. Nei, veret styrer me ikkje med og det er visst det beste, seier dei.
Sauene ser me lite til. Dei går oppi Bakken og er godt nøgde med det dei finn. Eg må berre telja dei kvite prikkane av og til. Åtta prikkar skal det vera. Tenk det! Snakk om å auka opp! Viss alle dei får lam til våren doblar me talet på sauer, berre på eitt år! Synnøve er reist. Det var trist å senda henne, men ho balte fælt med føtene og det er slikt som forverrar seg med åra. i alle fall gjorde det det for henne. Tilla og Svanhild var gjeldsauer og har gjenge på Nubbatoppen med verene i sommar. Sist veke tok me dei heim. Det var litt av ein kamp. Svanhild ville ha mjøl i bytta, men ho let seg ikkje fanga frivillig. Ho tok opp kampen med grunneigaren og det enda med at dei rudla om einannan på graset så ho låg og fikta med føtene i veret. Men bonden slepte ikkje. Og det er viktig. Me fekk både ho og Tilla opp i kassa. Veren ville òg , den eine som var att, men han måtte ut att. Han fekk visst koma heim til Torstein litt seinare på kvelden. Eg var opp i Bakken og snakka med sauene dagen etter. Jau, dei som hadde vore på ferie var aksepterte og tekne inn att i familien og varmen, såg det ut til. I november skal dei opp til Torstein. Der er veren.
Kyrne er friske og har det godt. Eg trur dei ville ha skrive under på det om du tok ein liten intervjurunde, svar på fira spørsmål. 1. Får du nok mat? 2. Er du frisk? 3.Har du nok plass til å områ deg på? 4. Er dei andre greie med deg? Fira viktige kriteriar for eit godt liv for kyr, vil eg tru.
Har slakta Isabella og om ei veke fer Tonje. Ho er stiv i baklemene og har veldig skrale klauver. Ho var mykje betre ei stund i sommar for Kåre hadde henne i klauvboksen. Han slipte ein del og limte på kalosjer på dei to innerklauvene bak. No har den eine dotte av og då haltar ho meir. No får ho ikkje fleire. 434 Marit, ei lita kvige, 1 år, må nok og fara den same vegen snart. Ho var tvilling med ein stut og viser seg å vera steril. Ho er så koseleg, så livet er ganske urettferdig. Me har 8 småkviger inne i lausdrifta no til inseminering. Dei er veldig koselege alle saman. Magna er litt forskrekkeleg, men ho kjem seg. Dei andre ruslar rundt, lette på føtene og vert puffa litt hit og dit av dei vaksne. Det gjer visst ingenting. Dei fer opp i liggjebåsane og der snur dei seg og står med hovudet fram og enden inn. Det viser seg om morgonane, då ligg det ein del ruer framme i ein del båsar og eit stort vått felt. Det vert det nok slutt på av seg sjølv etter som kroppane veks. 333 Mayso skulle ha vore heime no, men er oppe i marka enno med dei drektige kvigene.
Litt kalving er det òg. Laura og Laila er dei siste som har kalva og no har lært seg til å gå i roboten. Dei er så flinke og trivelege. Litt "fyre" dei til roboten når han driv og leitar etter spenane, men det går helst godt. Ofte kjem dei bort og skal drøsa litt når eg er i gang med skraping og strøing. Då må eg klø, det gjer så godt.
Så litt skrøyd (jærsk): Kine og Liselotte var til Seljord på missekonkurranse og gjorde reint bord! Dei vann sine klassar og til slutt vann Liselotte heile Dyrskuprisen som finaste kyri av alle! Fine sølvskeier i premie. Me seier at det å vinna betyr ikkje så mykje. Det er å vera i miljøet og å vera i den koselege jerseygjengen som betyr mest for oss. Og det er sant. Kyrne kom ikkje heim før nærare midnatt fredagskvelden. Då var bonden og budeia på plass og tok i mot dei. For dei var det nok viktigaste å finna fram til Roboten og få tøma seg, og til forbrettet. For ingenting er som maten me har heime!