onsdag, september 19, 2007

Kattar og kalvar

Kalvane fyrst. På dei siste 16 timane har me fenge 4 kalvar. Kossagomma fekk ein stor oksekalv i går ettermiddag. Ho heldt til i Tuene med kalvinga og derifrå fekk kalven trillebåreskyss heim. Då kvelden kom og mørkret seig på, kom me på at me ikkje hadde sett Fjoma om ho var inne. Ho var dagalaus den 15. Budeia skulle ut og gje den nyfødde og såg etter Fjoma med det same. Men ho var ikkje å sjå inne. Ute var det stummande mørkt og bonden hadde endå til lagt seg. Det lyt våga seg, tenkte budeia. Me kan ikkje risikera at noko ligg flatt i mjølkefeber når morgonen kjem. Med sykkellykt i handa, vandra bonden og budeia ut på beitet for å leita etter Fjoma og i ei lita deld nedanfor drikkeplassen, der stod ho med ein fin liten kyrkalv. Ho skal heita anten Natalia eller Nortrud.
I dag var det Gerny sin tur. Ho skulle ikkje kalva før neste helg, men me såg i går at ho rigga seg til utover ettermiddagen. Eg skulle ut å sjå etter henne etter middag i dag og forstod fort at ho hadde kalva, for Kossagomma for omkring og spankulerte med ein svart kalv i føtene. Gerny var inseminert med Angus. Ho såg ikkje ut til å ta opp kampen om nokon morsrett og det forstod eg godt kvifor då eg nærma meg. Der låg ein fin liten kalv til, mørkebrun kyrkalv. Den andre var svart og oksekalv. Eg gjekk heim for å få assistanse til å få heim alt dette. Då kom heile bølingen etter meg. Kossagomma òg, med kalven, heilt inn kom dei, så eg klarde få han opp i ein stekkje. Seinare fekk me heim Gerny med den andre kalven i trillebåra. No har alle fenge mjølk og godt stell og alt er vel.
Kattane. Me har 5 kattar i skrivande stund. Det kan fort endra seg, då må det vel helst verta i i minus. Olivia er still going strong. Likeeins Bøgvald. Han såg litt skral ut i vår, men han har nok hatt ein god sommar for no er han ein velbygd og flott kar og med blank pels. Villmannen held seg heime hjå mor si enno. Han er ikkje kastrert så han fer nok avgarde ein vakker dag. Av dei fem ungane Olivia fekk i vår er det 2 att. Dei andre har kome vekk på ulikt vis. Den siste var sjuk ei stund og låg daud her ein dag. Dei andre to har me ikkje namn på. Trur kanskje Ingvil har, men i så fall har ho teke dei namna med seg til Tromsø! Den eine er hokatt, spraglete lik faren, men med skipsføter som mora. Den andre er hannkatt med små pusselankar som faren, men liknar Olivia i fargane. Han høyrer me aldri mel, men hokatten mel med ein gong me drøser med henne.
I så måte er kattar ulike, akkurat som folk.

Eit spørsmål: Av dei to kalvane me fekk i går, er den eine tantunge til den andre, samstundes som dei er sysken. Korleis kan det ha seg?

3 Comments:

At 20 september, 2007 14:25, Anonymous Anonym said...

Svar på spørsmål:
Kalvane e vel bare halvsøsken? Det må dei vel vera. Kalvane har felles far. Me kallar han Okse. Fjoma og Okse er foreldrene til Kossagomma. Fjoma og Kossagomma har nå fått kalv med Okse. Kalven til Fjoma er tante til halvbror sin(kalven til Okse og Kossagomme).
Stemmer det?
Det var ikkje eg, men nokre andre lyse hovuder som fant det ut. Eg bare sette namn på slektstreet og blei enige med meg sjølve at det kunne stemma.
Nå gjenstår det bare å sjå om fasiten er enig.

 
At 20 september, 2007 18:15, Blogger Drusa og dei said...

Dette var imponerande! Mange gode hovud i Tromsø, altså! Berre ein liten ting; trur ikkje Okse(han heiter Miguel) kan vera far til Kossagomma. Det er noko bonden er litt nøye med, at ikkje det vert innavl.

 
At 25 oktober, 2007 12:33, Anonymous Anonym said...

Nå vil eg ha ein ny rapport. Det er kjekt for oss her nord å få litt sørlig input. Det begynner å verta mørkt, og vanskeleg å stå opp.

 

Legg inn en kommentar

<< Home