onsdag, januar 17, 2007

Ei feststund

Det er nytt år. Livet ruslar som i fjor og godt er det. Me er friske og stort sett ved godt mot. Det same gjeld kyrne. Dei et godt og produserer godt. No fekk me akkurat tala frå husdyrkontrollen og det er interessant lesnad. Her er dei som har over 9 i feitt % og nærare 5 % i protein. Kjekt med høge tal. No skal alle data inn på lista på dataen i robotkontoret så me kan sjå kven som er best! Konkurranse der òg! Den som kjem høgast på energikorrigert mjølk kjem øvst. No er det Tilde. Ho mjølkar rundt 34 l og kjem opp i over 42 når litrane vert korrigert etter feitt over 4% og protein over 3.2 %. Vart dette forstålege for uinnvigde blogglesarar utan røynsle frå mjølkeproduksjon? Vonar det. Ikkje så farleg forresten.
Tilde er god venninne med Trine. Dei er jamgamle, var kalvar i lag, gjekk på same beitet då dei var kviger og no går dei saman i lausdrifta. Dei har kalva med 14 dagars mellomrom kvart år, no for tredje gong. Ser me Tilde så er det stor sjanse at Trine er i nærleiken. Trine kan vera sur med andre, men me ser aldri at ho er sur med Tilde. Tilde er alltid snill. No for tida klør ho så voldsomt. Ho stiller seg opp når eg går forbi på gangen, men då er det jo berre hovudet eg når og det er helst bakover det klør mest. Det forstår ikkje Tilde. Ho vil at eg skal koma oppi og ta med skrapa, det er det ho vil. Det gjer eg og av og til. Trine og Tilde er gode med kvarandre. Trine sleikjer Tilde, oppover halsen, på kjakane og oppi kruno og rundt auga. Alt er godt, ser det ut til. Men lenger bakover går ho ikkje, naturleg nok. Det er som ho seier: Godt du er her Tilde, du betyr mykje for meg, eg er glad i deg! Er det ikkje fint? Kanskje me kunne gje nokon ein "sleik" i dag, i overført tyding. Ein sleik kan vera så mangt. Det er tanken bak som er så fin, veit me! Og så er me folk heldige med det at me kan bruka ord, viss me finn dei, då. Det kan ikkje kyrne. Dei må bruka tunga på sin måte.


Ha ein fin dag der du er.

1 Comments:

At 25 januar, 2007 16:27, Blogger Drusa og dei said...

Ventar på kommentar til venninnene Tilde og Trine. Er det ingen som har ei god venninneerfaring å dela?

 

Legg inn en kommentar

<< Home