onsdag, januar 17, 2007

Ei feststund

Så var det festen. Den gløymde me. Det vart så gripande med dei venninnene.
Dette var i går. Bonden låg på benken, litt samankrølla og drog lett. Budeia svinsa rundt med forskjelligt, litt rydding av joladukar og på med nye, flytte på kle osv. Eit ærende på vaskerommet og ein merkeleg lyd, fekk meg til å sjå ut. Og der ser eg Gina, Janna, Trine, Hege og Kvitsokk i fullt firsprang rundt kummen, bak garasjen. Ja, her var det fest, å du og du! Den vesle grinda låg flat, fritt fram. Eg formidla det eg såg til bonden, og før me kom ut var det ca. 30 kyr som hypsa seg rundt på kalvabeite. Og det var skikkeleg hypsing. Dei fryda seg over livet, endå til Tonje som akkurat hadde fenge kvesst klauvene og halta litt, gløymde alle problem og heiv seg til og hypsa seg i firsprang ho og. Me måtte lirka med mjøl i ei bytta for å samla dei inn til silo på forbrettet. Kalvabeitet som stod irrgrønt ser meir spettete ut i dag. Ja, dei nappa faktisk i grøne strå i går. Det er tydeleg at grøn bakke gjev stor grunn til gleda og fridomskjensla. Så flott! Med tydeleg kroppsspråk og lite hemningar vert det fort ei feststund av slikt..

19 Comments:

At 21 januar, 2007 21:39, Blogger Sildesotten said...

Så goe beskrivelse av hypsefesten :) Sko sitt di!

Nå e eg i Fløen, guttane sidde og ser på håndballspelara som springe i flokk. Hypsing?!

 
At 21 januar, 2007 22:58, Blogger Drusa og dei said...

Eg er redd den handballhypsinga er litt for alvorleg. Vanleg, naturleg hypsing kjem spontant av berre rein livsgleda,utan mål og meining og heilt uforpliktande. Høyrdest ikkje det godt ut?

 
At 22 januar, 2007 13:10, Anonymous Anonym said...

Vett ikkje om de hadde så møje å hypsa for dei håndballspelarane i går egentlig. Men her oppe e det all god grunn te det, for nå e sola komt tebars. I går såg eg hu. Et flott syn. Låg på netthinna lenge etterpå. Meir eller mindre behagelig det då... I går var altså den offisielle soldagen her i Tromsø. Då feirest det med solboller++(de profesjonelle bage sjøl, me andre går i butikken). Siden butikkane ikkje va oppe i går, tippe eg det e mange som tar feiringa i dag. De e ganske utspekulerte butikkane. Når det e mørketid så hette det mørketidsboller, og når sola kommer e det solboller. Det e jo bare vanlige berlinerboller(når det gjelder mørketidsbollene, så har de jo klart å puttta på litt mørk sjokolade på toppen då). Ka gjer ein vel ikkje for å få selga.
Drive dåkke med sånne triks på Tunheim òg(kanskje ikkje fyst og fremst med berlinerboller då)?
Har dåkke forresten någen gang vert i Tromsø eller Nord-Norge. Eg unne alle søringer ein tur te denne landsdelen. Me har jo et fantastisk vêr fortiå. Snø, kaldt og ikkje minst sol(bak skyene vertfall).

 
At 22 januar, 2007 15:09, Blogger Drusa og dei said...

Me har vore i Nord-Norge, ja. Budeia starta si lærarkarriere i Sørreisa og i løpet av dei to åra var eg til Tromsø to-tre gonger. Så laga det seg slik at han som er bonde her på garden kom til Heggelia for å avtena verneplikta og så gjekk det som det ofte gjer...No rår eg alle som kan velja å reisa til NN. Naturen er flott og folket er friskt og gjestfritt!

 
At 22 januar, 2007 15:31, Blogger Drusa og dei said...

Hei igjen. Dette er bonden. Var i NN i 7 mnd i si tid. Det har sett spor i livet mitt. Men ikkje nok med det. Budeia og eg var i NN sommaren 2005, Finnsnes. Og til Tromsø i oktober same året. Ikkje verst for to velvaksne. Men så har me nær slekt i byen. Og det forpliktar.

 
At 23 januar, 2007 21:06, Anonymous Anonym said...

Hei! Nå har eg komt på ei nye gåta. Syns den passa perfekt.
En hel og en halv,
en ku og en kalv,
hvor mange ben har de?
Det kan jo tenkast at det e ei kjente gåta for dåkke, men då får dåkke jo gleden av å svara rett ved første forsøk=)
Forresten så må dåkke sei i frå viss dåkk syns eg mase for møje.
Eg kan godt slutta og skriva så ofta. Tar gjerne et hint....om dåkke ikkje tør seia i frå her, kan dåkke jo gi beskjed til slektningen dåkkars i Tromsø...

 
At 23 januar, 2007 23:10, Blogger Drusa og dei said...

Allre for møgje. Bare koseligt. Den gådå kan eg, så eg ska ikkje røbe na.
Omtrent sånn som de(g).
Helsing bonden.

 
At 25 januar, 2007 15:00, Anonymous Anonym said...

Nå sitte eg på skulen og skrive på ei oppgava. Vett ikkje ka eg ska skriva, så eg e litt frustrert. Har egentlig mest lyst te å gå heim, men eg får nok bare holda ut ei stund te. Kjenne eg meg sjøl rett, så får eg ikkje gjort så møje då eg komme heima. Eg skrive om Herzbergs motivasjonsteori, men har ingen motivasjon sjøl(komisk).
Eg har tenkt på det, at det e egentlig ingen grunn for at eg sko vera anonym. Men siå eg e så glad i gåter(som dåkke sikkert har forstått) så e dåkke jo nødt te å løysa ei gåta for å finna ud kim eg e(viss dåkke ikkje vett det allerede då..?).
Viss dåkke finne ud ka navnet Jibb står for, finne dåkke ud kim eg òg e(viss det egentlig seie dåkke någe). Kvar bokstav i navnet(Jibb) har ein betydning. Det kan vera det va veldig vanskeligt(det avhenge av kor møje dåkke vett og ikkje....).
God fornøyelse=)

 
At 25 januar, 2007 16:22, Blogger Drusa og dei said...

Førnamn på J. Kan vera så mangt, og så går du i 2b!

 
At 25 januar, 2007 16:47, Anonymous Anonym said...

Tja, det va vel kanskje ikkje heilt rett alt... Jibb va navnet på den gamle hunden vår. Den blei på ein måte oppkalt etter noen.Hvor mange ble den oppkalt etter tro?
Eg vett dette va skikkelig vanskelig, men det ska det jo vera.
Sitte fremdeles på skulen....liga lite motivert=)Men jobben må gjerast.

 
At 25 januar, 2007 17:51, Blogger Drusa og dei said...

Kanskje vart den oppkalt etter fira persona. Satsa framleis på at J-en tilhøyre deg. Og så kan det henda du har tri sysken. Lenger trur eg ikkje at eg kjem ut frå opplysningane me har her frå bloggen. Men, du veit det er løye med det når me har nær slekt forskjellige plassar. Helsing bonden.

 
At 25 januar, 2007 18:00, Anonymous Anonym said...

Du har rett i det, at det e eg som begynne på J. Har tri andre sysken ja. Han eldste hette Bjarne. De to i midten kan du få prøva å gjetta sjøl. Det sko kunna gå an når begge er direkte oppkalt etter slekt på Undheim.

 
At 25 januar, 2007 18:24, Anonymous Anonym said...

Ein liten feilopplysning. Eg meinte de to minste. Men de e jo forsåvidt i midten i JIBB....

 
At 25 januar, 2007 18:50, Blogger Drusa og dei said...

Då trur eg det er Inger og Bernt!

 
At 25 januar, 2007 19:07, Anonymous Anonym said...

Det va kjempe rett. Nå har eg forresten komt heim. Orka ikkje sitta lenger på skulen. Får gjera resten heima.....
Kan du nå forklara meg dette berømmeliga slektsforholdet vårt.
Det eg vett e at mor e syskenbarn med Gudny, men hu e jo inngift i slektå dåkkars, så det bler jo ikkje någe slektsforhold der egentlig. Men eg har forstått at det ska vera någe menning greier ein plass. Har han Kåre Sigurd greia på dette her?

 
At 25 januar, 2007 23:00, Blogger Drusa og dei said...

Så er me inne på slekta. Jofrid, oldemor di, Gurina (gift med Gabriel), var tremenning med bestefar min. Far min var firmenning med Bernt (gift med Inger). Eg er altså 5 menning med mor di. Og du er seksmenning med slektningen vår i Tromsø.
Men så er det altså slik at eg alltid har trudd eg var firmenning med Gudny, syskenbarnet til Guri, og som er gift med bror min. Her er det Gabriel kjem inn. Og korleis det er, veit eg ikkje riktig. Men eg skal nok finna ut av det. Her er litt å tyggja på. Me får heller koma tilbake til dette, om det er ynskjeleg.
Helsing Kåre S.

 
At 26 januar, 2007 08:45, Blogger Drusa og dei said...

Hei, Jofrid.
Korrigering i frå i gårkveld. Det gjekk litt for fort i svingane. Eg tok eit slektsledd feil. Bestefar min var syskenbarn med Gurina. Far min og Bernt var tremenningar. Eg er firmenning med mor di. Og du er femmenning med Lars. Nå skal det vera rett, og er sånn eg alltid har fått forklart det.
Helsing Kåre S.

 
At 26 januar, 2007 10:37, Anonymous Anonym said...

Veldig greit med ein forklaring av det heila. Så sleppe me vertfall å setta han Tore på sporet på saken. Han har sikkert nok å gjera på...
Eg såg tidligare ein gong at dåkke hadde kåring av dagens ku. Kanskje dåkke ska begynna med ukas ku?
Det va ein ting te eg lurte på. E der ingen system for ka tid kyr kalve? Sauer som eg e vane med, lemme jo ein gong for året(på våren),så lenge me har kontroll med væren då. Men eg har hørt at du kan få kalver heila året....eller?

 
At 26 januar, 2007 12:36, Blogger Drusa og dei said...

Greit med spørsmål.
Ku og gris kan få avkom uavhengig av årstid. Dei andre dyreartane får helst avkom på den årstida det er mest gunstig for speddyra å veksa opp.
I eit driftsopplegg med robotmjølking er det greit med kalvinga spreidd over heile året. Lettare driftsopplegg med nokonlunde jamn mjølkeproduksjon.
Det medfører også at me har spedkalvar, som skal ha mjølkeforing i 2-3 mndr., nokonlunde heile tida. Det er både godt og ikkje fullt så godt. Ein får aldri pause frå kalvestell med dette opplegget. Med konsentrert kalving vil ein ha kalvestell 3-4 mndr. og fri for sånt arbeid resten av året. Det vert eit valg den enkelte må ta, tilpassa heile driftsopplegget.
Ha ein god dag!
Helsing bonden.

 

Legg inn en kommentar

<< Home