fredag, januar 26, 2007

Snjo

Endeleg kom snjoen. Alltid like fin, alltid like fredfullt med det kvite teppet som legg seg overalt når berre vinden held seg vekke! Og det gjorde han to heile dagar. Måndags morgon låg snøen som eit heildekkingsteppe over tunet. Nesten så ein ikkje torer trø i det, då er det liksom med ein gong litt øydelagt. Spesielt domt er det når me kjem ut att frå stallen etter å ha moka der. Då vert det brune far eit stykkje ut på tunet. Men før me stig avgarde er det interessant å sjå om det er andre som har vore ute i nattens mulm og mørke og rusla over tunet. Jau, då. Der er små puselabbar på den gamle brunnhustrappa. Bøgvald og Olivia, tenkjer eg. Rett og slett litt trafikk frå holet i døra og bort i bedet, utan å sei meir om det. Mellom stalldøra og garasjen der traktoren står er det og spor. Det var Villmannen, eg såg han. Han bur i den gamle traktoren og så har han nok gjerne tenkt at det kan henda var varmare i stallen viss han kom seg inn der. Det gjorde han ikkje.
Kyrne likar å stå ute og lata snøen dryssa nedover seg. Berre stå og vera til. Lurt, tenkjer eg. Og så var det nokon av dei som hadde skjenekonkurranse heilt bort til grinda og heimatt. Ruene låg frosne som sjokoladetoppar ute på plattingen, til dess nokon trakka i dei. Kyrne har lite sans for kva som kan vera fint og ikkje. Eg tenkjer at ruer ikje nødvendigviis er fint, men dei er i alle fall finare når dei er urørde!
Bortom grinda møtte eg sauene. Der låg dei i sine "bol". Snøen hadde tint under dei så det var helst is i botnen på bolet. Og parler, mykje parler. Utruleg, dei må no visst finna mat, tenkjer eg. Litt blod i eitt spor. Det var høgre framklauva til Tilla. Det er nok skaren som har vore litt kvass. Dei må grava vekk snøen for å finn grastustane. Lett å sjå kvar sauene hadde rekkjet sitt. Koseleg, dei held fylgje og går ikkje inn på naboen sjølv om grinda sår open. Eg let ho att.
Oppe med Stemmen kjem det eit spor nedover og kryssar sauarekkjet. Reven! Der har han gjengje og luska. Eller kanskje han raskar som det står i songen? Oppe på vegen til Botnamarka gjekk revesporet føre meg. Og der hadde ein hare kome hoppande frå Mossige! Dette vart spennande. Heldigvis såg eg ikkje blod nokon stad. Då hadde turen vore øydelagd for meg òg, ikkje berre haren. Han hadde sikkert kome seg heim att før reven var ute på tur. Såg haren hadde stoppa ein stad og drive og pussa og klødd seg litt, viste merke etter knokane på bakføtene.
Og så var det mange myser som hadde vore ute. Nokon kom opp frå bekken, nokon frå ei tua med gamalt, vise gras og nokon frå gardhol. Ein plass var det to slike spor som møttest og så hoppa dei saman vidare, attmed kvarandre dei to mysene. Så koseleg, tenkte eg! Lukka på reisa!

Elles er å opplysa at budeia har meldt seg på spanskkurs! Startar onsdag 31.01.07! Lurer på korleis det er å læra språk når ein held på å verta eldre? Det vil visa seg!

17 Comments:

At 27 januar, 2007 17:20, Anonymous Anonym said...

Så bra at dåkke òg har fått litt snø. Her lave det jo ned fortida.
Måtte måka snø i ein time i dag. Det e ikkje sånn kjempe stort område me har å måka, men eg har jo ikkje fått med meg så møje trening heimante, så då går det jo ikkje så fort.
Spanskkurs hørtes interessant ut. Sko ønska eg hadde huska det eg lærte ein gong(va i Sør-Amerika med Fjellheim). Dei som går på Fjellheim dette året, reiste faktisk i dag.
Her har du et par gloser du kan øva på

Ku- vaca(uttales ba-ka)
Snø(subst.)- nieve(uttales niebe)
(fot)Spor- huella(uttales hoelja)

Koss det uttales må du ta med ei klyba salt. Det e som sagt ei stund siå sist eg snakka spansk....

 
At 27 januar, 2007 20:45, Blogger Islandur said...

Eg skal iallefall læra meg spansk til hausten, då skal eg óg til Bolivia med Fjellheim!

Men no regnar det ute. Snøen er vel vekke i morgon.

 
At 28 januar, 2007 17:13, Blogger Drusa og dei said...

Godt å kunna nokre ord på spansk før kurset startar. Eg er heilt blank som det heiter. V uttalast altså b, er det rett? Eigentleg gler eg meg, men det vert vel ikkje den store kompetansen av eit slikt kurs. Kjekt uansett, trur eg! (Ku heiter forresten bakka på filipinsk eller bisaya som språket heiter i Cebu-regionen. Spanjolane trur eg hadde Fil. som koloni i si tid.)

 
At 29 januar, 2007 09:35, Anonymous Anonym said...

Hei!
Sånn eg har forstått det ska v uttalast b,men det e visst forskjell på kossen b-lyden ska vera. Du lære det sikkert ittekvart....Ska du ut å reisa siden du går på spansk-kurs eller e det bare for gøy?

 
At 30 januar, 2007 12:55, Anonymous Anonym said...

Alle held me vel på å eldast, men det går godt å læra språk for det om...:)

 
At 30 januar, 2007 13:58, Blogger Drusa og dei said...

Har alltid hatt lyst å læra nye språk og syns det er utruleg spennande å snakka med folk frå andre land. Då er eg lite beskjeden, trur eg me kan seia. Prøver alltid å koma i drøs med dei som eg vert sitjande attmed på tog og buss o.l når me er på tur i utlandet. Spanskkurset har eg sikla på i fleire år og når det no ser ut til at familien skal på Spaniatur i sommar, då var det puffet som fekk meg til å senda påmeldinga. Eg gler meg. Veit at den spanske r -en er lettare for meg enn den franske. I morgonkveld startar me opp.

 
At 31 januar, 2007 23:35, Anonymous Anonym said...

Hei!
Eg skreiv tidligare i dag, men eg må ha gjort någe galt for det har vertfall ikkje komt med...
Greit å gå på spansk-kurs viss dåkke ska te Spania. Du får ikkje med bonden på dette her då...?
Trur det kunne vert nyttig for han òg...men han kan jo læra denne setningen, så komme han ganske langt: Lo siento, pero no entiendo!(Beklage, men eg forstår ikkje)
Hasta luego!

 
At 01 februar, 2007 11:33, Blogger Drusa og dei said...

Hei Jofrid!

Det var gildt å sjå at du har omsorg for ein gamal bondemann.

Det kunne sikkert vore nyttig og gildt å kunna litt spansk. Men nå er det slik at eg er litt travel om våren. Først og fremst på grunn av det eg gjer utanom garden. Og så har eg eit rimeleg godt forhold til budeia, så eg får flyta litt på henne. Ho er nå mykje flinkare enn meg i møte med framande, og særleg når ein er på tynn is og vaklande føter. Eg får prøva å klara meg med fransk, eller latin, - og gestikulasjonar. Det vert vel ei råd.

Helsing bonden.

 
At 01 februar, 2007 11:39, Blogger Drusa og dei said...

Hei Jofrid!

Så fint at du har omsorg for ein gamal bondemann.

Nå er det slik at eg er litt spesielt travel om våren.
Og så har eg eit slikt forhold til budeia, at eg får prøva å flyta litt på henne. Ho er nå mykje flinkare enn meg i møte med framande, og kanskje spesielt når me er på tynn is og vaklande føte.
Eg får prøva å klara med med fransk, kanskje litt latin, og masse gestikulasjonar. Eg trur dei er vane med slikt i dei himmelstrøka. Mykje lyd og mykje armar. Så får me sjå om det ikkje vert ei råd. Kanskje det kan verta nokre morosame situasjonar. Me får sjå!

 
At 01 februar, 2007 15:52, Blogger Drusa og dei said...

Ja, så er spanskkurset i gang! Og eg har sagt mine fyrste ord på spansk. T. d. Travajo en casa og Hablo norvegio, ingles y aleman! (Fransk kan eg òg litt, men det veit eg ikkje kva heiter.Trur ikkje eg kan seia at eg hablo det og ikkje tysk heller sikkert, litt betre det kanskje.)Det var ein som sa. Si på spørsmålet om han snakka spansk. Og vidare: Pero solo un poquito(trur eg). Høyrdest flott ut. Men nifst var det å seia noko høgt. Læraren snakka så fort og så var det ein lyd, j- en som var vanskeleg for meg, ein harkelyd i halsen. Me må berre øva og øva. Og så var me tre damer som trabajamos en casa. Vart det rett, skal tru?

 
At 02 februar, 2007 13:18, Anonymous Anonym said...

Du har jammen lært møje allerede syns eg.Hørtes heilt rett ud for meg...Kossen har det seg at dåkke kan så mangen språk? Marta har kanskje måtte læra seg då hu studerte te lærar eller...? Fransk og latin på bonden då? Imponert...har det med dyrlegeyrke kanskje? Vertfall latinen sikkert.
Har du(bonden) fast tid på dagen du e tilgjengelig og folk kan ringa etter deg, eller e det bare å ringa ka tid som helst på døgnet, når ein måtte trenga hjelp(med dyra)?
Har du heimakontor?
Nei, nå må eg springa te timen...har bare pause

 
At 02 februar, 2007 19:14, Blogger Drusa og dei said...

Hei igjen!
Dette er bonden.
Det er nå ikkje så imponerande som det høyrest ut.
Før i tida måtte ein ha tre språk utanom norsk, på gymnaset, som det heitte då. Engelsk, tysk, fransk. Latin forberedande høyrde med til veterinærstudiet i den tid. Det er avskaffa for lengst. Spansk og fransk er jo latinske språk, og mange ord har felles grunnstamme. Så då vert det heile litt lettare.

Så var det praksisen. Eg driv berre med store dyr, eller produksjonsdyr, om du vil. Ein vanleg gamaldags landsens praksis. Bøndene er kjempegreie å forhalda seg til. Innringingstid til kontoret om morgonen før 0900. Deler praksisen med tre andre. Døgnvakt tysdag og torsdag, og nokre helger, dersom ikkje Knut kjem heim og køyrer praksisen for meg. Sånn nokonlunde er rytmen. Det er jo eindel dagar eg vert ferdig til middag med runden me tek etter 0900. Dersom det er noko akutt, som kalving, mjølkefeber f.eks., må ein jo rykkja ut uansett tidspunkt på døgnet. Det har og sin sjarm, men kan vera slitsomt dersom det vert mykje nattearbeid. Om våren, i lemminga, vert det mykje nattekjøring, så det er greitt at det er roleg til andre årstider. Desember, januar og juni er dei rolegaste månadane.

Så eit spørsmål til denne unge dama p.t. i Tromsø. Kva studiar er det som opptek deg til dagleg. Vert du lærar, eller noko liknande?

Helsing frå Jæren i 7+.

 
At 03 februar, 2007 00:32, Anonymous Anonym said...

Trur ikkje det blir lerar på denne dama nei. Eg går 2. året på økonomi og vett ikkje heilt ka eg vil, men tenke vel mest på å bli regnskapsførar. Syns vertfall at regnskap e det kjekkaste faget me har hatt te nå. Denne terminen har me egentlig ganske kjedelige fag- mikroøkonomi, samfunnsvitenskapelig metode og statistikk,foretaksstrategi. Men det e vel ikkje meiningå at me bare ska ha det kjekt på skulen=)E meir glad i sånne fag der du kan setta to strek under svaret og så ferdig med det.
Praktisere budeia någe som lerar lenger?
Eg må forresten gratulera dåkke med sønnen som har forlova seg. Såg bilde i Dagen for ei stund siå og så tenkte eg: "Mon tru om ikkje det e ein i Undheims slekta". Har glemt å spørre Lars om det. Mor òg hadde sett bilde og syns det var noen veldig like trekk te bonden. Og tidligare syns eg å huska at det var ein Knut som hadde skreve på bloggen og då du nå nemte han, så e det jo bare nødt te å vera sønn dåkkars og han e forlova med Sildesotten viss eg ikkje tar altfor feil. Pinligt viss eg tar feil nå, men det trur eg ikkje at eg gjere.....
Hilsen fra Tromsø med 1+(hb det blir minus igjen snart).

 
At 03 februar, 2007 18:46, Blogger Drusa og dei said...

Nei, alt er rett. Og dei to, Knut og Silje, er også årsaka til spanskurset til budeia. Om du er god til å gissa, så knekker du også den nådå.

Nå er budeia reist til Sauda for å vera ilag med noko av slekta si der. Så då får eg svara på spørsmålet om ho praktiserar som lærar. Det gjer ho ikkje. Men ho er god å ha i fjoset. Det er viktigare for meg at ho stiller opp der, enn at ho er i arbeid elles. Ja, utan henne hadde me nå aldri vore på denne garden. Ikkje det at eg ikkje likar det. Men det var mykje å ta fatt i då me starta her for 12 år sidan. Så langt har det gått nokre millionar i minus. Slik er det dersom ein skal byggja opp noko i jordbruket. Store uttellingar, og inntektene kjem ikkje så fort. Ein må gjera ein ekstrainnsats i ein periode, for å få det til å sviva. Og det gjer eg med å køyra praksis. To yrke som er midt i blinken for meg.

Ha ei god helg, og takk så langt for alle koselege comments!
Bara hald fram.
Helsing bonden.

 
At 05 februar, 2007 00:22, Anonymous Anonym said...

Hei igjen!
Må sei eg syns det e kjempe koseligt å lesa når dåkke har skreve. Det e så gøy når eg ser det har komt et nytt innlegg eller kommentar...bare fortsett så lenge dåkke gidde.

Eg trur grunnen te at Marta går på spanskkurs e at dåkke ska bruka ein spansk prest i bryllupet og sidan alle ikkje vil forstå det som då blir sagt har Marta tatt på seg oppgaven som tolk. Det går bra viss du budeia e flittig med lesinga. God fantasi så seint på kvelden.....neida dåkke ska ha bryllup i Spania( men med norsk prest antar eg) Kor då henne(by)? Hørres spennanes ut.

Sp.mål til budeia: Har du hatt ei fin helg i Sauda?
Kan du fortella om ein vanlig arbeidsgdag på garden(morgen til kveld, inne som ute)?

Sp.mål til bonden: Kunne du tenka deg å fortella om ein dag du har køyrt praksis?

Ei lita gåte til slutt(hehe....gåter e gøy, vertfall så lenge du vett svaret sjøl):
Hva er det tristeste dyret i skogen?

Det blei litt av hvert her. Dåkke trenge ikkje svara på alt på ein gang=)

 
At 05 februar, 2007 20:15, Blogger Drusa og dei said...

Ein dag eg he kjørt praksis. Det æ mange det, ca 10.000.
Men eg kan fortelja om det som hende på lordag. Ein dag med lide praksis, men ganske dramatiske.
Fyst ein tur te ei ku som ikkje ville eda, og som hadde sjeda. Ingen spesielle funn udanom diaréen. Hu vart behandla med krit og eikebark. Eit gammalt middel mot sjeda. Dette vart løyst opp i 20 liter med vatn. Putta ned ein 2 meter lang armert slange inn jønå moen og ned i vomma. Slangen koblast te ei pumpa. Og så æ dæ bara å pumpa iveg til bytta æ tome. Ittepå fekk u Zantac som virka på magasår. (Hu hadde hatt ein tur med sjeda tidlegare, vorte goe, og nå fått tilbakefall). I tillegg fekk bonden Cimaltabletta te ittebehandling mot magasår.

Ein kalv som eg behandla mot lungebetennelse på fredag, hadde vorte ringare. Den skifta me medisin på. I dag (måndag) he han besna mykje, og var så frisk at han hoppa øve veggen i kalvaboksen.
Han slo seg visst ikkje, stod bara og såg seg om i fjoset.

Så va det jobben som eg kjem te å husa resten av livet. Det æ nogen slike innimødlå. Ei ku som sko ha kalva for 2-3 veker sidan, var nå kalvsjuk. Ingenting av kalven viste. Då eg kjende inn- skrekk og gru. Fosteret var daudt for mange dagar sidan, Tenne var lause, håret datt av, og klauene løsna som om dæ va kalosje. Kalven va full av gass, og det lukta intenst av råtne egg....- H2S-gass. Og som dæ æ slike gonger, kalven låg feil. fyst eit svare strev mæ å få tak i håve. Nasen peika ned mot juret, om du fostår. Så va det å få det ut slik at det var råd å kvitta seg mæ dæ (ska ikkje gå i detalja). Reiv av ein sålkjetting i kampens hete. Ittepå va det å få tak i framfødne. Dei låg innover i kua. Itte ein del svette, snudde dei bakøve slik dei ska. Sette på tau på dei og kopla til kalvejekken. Harde tak. Itte nogen minutt enda dette med at begge frambeina løsna frå kalven. Kalven var då halvveges ute. Så ein ny kjetting rundt kroppen på kalven, og ny jekking. Det enda med at kalven kløyvde seg på tvers slik at bakparten vart igjen i kua. Neste steg var å finna fram embryotomen. Den brukar me år om anna når ein må saga sund kalven inni mora. Men armane mine var i kortaste laget. Fekk likevel lirka ein sagtråd mellom bakbeina på kalven, og ut att. Embryotomen er to meterlange røyr som hindrar at sagtråden skal gjera skade innvendig i livmora til kua når me skal kløyva kalven. Denne siste operasjonen gjekk svært greit. Då kalva var kløyvd, var det berre å dra bakpartane ut. Men kua stakkar, var medteken. Det var eg og. Rett heim. Klærne av og i dusjen. Ytreklærne i vaskemaskinen.

Kanskje du og er medteken av ein slik historie. Haldigvis går det lenge mellom kvar gong. Fleire år sidan sist. Men eg har opplevd det ennå verre.

Helsing bonden.

 
At 05 februar, 2007 23:06, Anonymous Anonym said...

Huff det hørtes basje ud, både for dyrlege og ku. Eg kunne ALDRI blitt dyrlege, men jammen godt det e andre som vil. Men så e det vel ikkje akkurat dagligdags kost det du beskreiv her. Eg huske før då eg va mindre, då klarte eg ikkje sjå på ein sau som lemmde eingong. Det blei for sterk kost.
Heldigvis så e eg nå blitt bedre nå.....

 

Legg inn en kommentar

<< Home