onsdag, april 05, 2006

Nuskitusk og andre dyr

Nuskitusk er vekke. Sist blogg sakna eg henne og ho har ikkje vist seg sidan. Bøgvald var òg vekke halvannan dag, og då fekk bonden og budeia kalde føter. Då tenkte dei på det pulveret dei hadde lagt ut som ikkje er for kattar, men for dyr som dei likar å eta. Heldigvis kom Bøgvald att, men pulveret vart fjerna. Olivia kom stadig på døra dei dagane og skulle inn. Ei natt måtte budeia ut og sleppa henne inn til Bossi på vaskerommet. Olivia var litt lur for i tre-tida om natta stilte ho seg opp på verandaen rett under soveromsglaset vårt. Der stod ho og mjaua og jamra seg så eg tenkte at no skal du sjå det vert fødsel for det høyrdest slik ut. Men det vart ingen ting. No har det roa seg. Men Nuskitusk er borte, den koselege framtoningen og den lofsne pelsen. Ja, ja, slik er bondelivet; dei kjem og går heile tid. I går gjekk Greta og Emma. Kåre tok dei i transponderen og leidde dei ombord i bilen. Då gjekk dei fint innpå, berre dei slapp grima. Emma og eg kalla kvarandre for venninner. Kor har du da i dag, venindo mi, sa eg når me treftest. Og Emma hadde det stort sett bra, men no etter siste kalven har ho slite litt med klauver og bein. Ikkje mjølka ho så godt heller, vart berre drusteleg i hold. Men trist er det.
Frida kalva i dag. Stut. Me vilde hatt kvigekalv, men det vart det ikkje. No har han drukke 2 liter flott råmjølk med to desjar e-vitamin i. Då ligg det godt an.
Signe går det godt med. Me ser aldri at ho syg, men ho veks og teier stilt og då er ho fornøgd, tenkjer eg. Synnøve er litt sint enno, men om nokre dagar skal dei ut på bøen. Det vert kjekt. Både Signe og Svanhild kjem og skal verta klødde under haka og på halsen. Og så skal dei stanga litt på knyttneven min og når eg ristar ny halm oppi stekkjen, hoppar dei rundt og svingar bakenden høgt i veret og tykkjer livet er stort!
Ha ein god onsdag du òg med eller utan ny halm!

Spørsmål: Kor gamal vart Emma?

4 Comments:

At 05 april, 2006 13:02, Anonymous Anonym said...

Eg trur Emma vart fødd i 1998, antakeleg på våren/sommaren. Difor trur eg ho vart nesten 8 år.

Når det gjeld påska mi ser det ut til at det vil streikast i flyet mitt på fredag. Det kan då tyda på at eg vil kjøyra bil heilt heim, omtrent 200 mil. Omtrent 30 timar effektiv køyring. Tungt å tenkja på.

 
At 06 april, 2006 19:29, Anonymous Anonym said...

Trur Lars har ganske rett om alderen til Emma, og at han må ha god tur uansett framkomstmiddel..

No er det selskap hjå Sildesotten. Asle steikjer vaflar og me et. Jilt!

 
At 06 april, 2006 20:20, Blogger Sildesotten said...

Jillt ja :)

 
At 14 april, 2006 13:48, Blogger Drusa og dei said...

Ganske dramatisk sjå dei innante. Unnale au. Tenk, Helga så æ dotter te Drusa. At hu sko verta sånn; dæ hadde iallfall aldre eg trudd. Drusa vik te sides for adle. Og det sama kan me vel seia om Isabella, som æ syster te Helga. Og så æ dæ trist med Jutta au. Dæ æ i groen trist med adle me kjenne så dæ ikkje går heilt godt mæ. Gildt elles å høyra frå dokke.

 

Legg inn en kommentar

<< Home