torsdag, april 27, 2006

Tilla og Olivia

Tilla har fenge sine små og Olivia held på, rett og slett! Bøgvald var så drøsen i dag tidleg. Han sette seg til på skrivehylla og sat der og drøste når eg gjekk forbi. Eg trudde kanskje det var kome ei ny rotta, men det var ikkje det som stod på, sa han. Olivia var så løyen! Og no hadde ho gøymt seg vekk. Det stemde. For då eg hadde hatt ned silo til ungdyra og alle var i gang med å eta, kom Olivia smygande ut or høybrotet. Og at noko var på gang, det var tydeleg. På Voss snakka me om vassblaoso, og eg trur det var den som var komen. Olivia var svolten, trudde ho i alle fall, men det var ikkje lenge ho stod ved matfatet. Ho for innatt under remane til høyturka. Så langt, at eg såg henne ikkje att. Me får ta ein leiteaksjon i
ettermiddag. Det vert spennande. Viss eg klarer halda meg så lenge, då!
Tilla fekk sine små natt til sundag. Tre stykkje. Dei låg hulter til bulter så dyrlegen var inni og fekk ting til å høyra i hop og Tulla var fyrstemann ut. Ho var så lita. Og så var det så vanskeleg for henne å finna patten for ho trudde heile tida at han var mykje lenger oppe enn han var og med den stive nakken..., men det gjekk. Ho fekk to brør, Truls og Tormod. Dei er nokså mykje større, men snilde. Dei let Tulla få suga mest. Men alle får og er blide og glade. Tilla er ei utruleg snild mor. Ho kokra og humrar og passar så godt på dei. Trur ho kan telja til tre. Tysdag slepte me dei ut i lag med dei andre. Heilt opp på Bakkaleitet humpa dei etter mor si dei tre små skrottane. Men så kom regnet og austavinden og eg ville ha dei inn. Det tok si tid, men det gjekk. Der fekk dei suga og så la dei seg i den turre, gode halmen , mette og gode og sovna så godt. Alle saman, mor og barn. Fred på jorda!
Elles er våren på stadig frammarsj. Det grønkast og gror over alt. No ventar me berre på at kyrne skal ut og lufta seg. I dag har karane støypt platting utanfor inngangen, så om nokre dagar ligg det kanskje til rette for litt tjo og hei, kven veit?




Ha ein fin dag, gjerne med litt tjo og hei!

Kva er ei vassblaosa?
Og kva kallar me den andra blaoso?

5 Comments:

At 28 april, 2006 10:43, Blogger Drusa og dei said...

Som biletet viser fekk Olivia 4 ungar i går. To hannkattar, ein grå og ein svart, med skipsføter, ein med vanlege føter, kjønn ukjent. Meir fekk me ikkje sjå for då kom Olivia ( me kika på ungane medan ho var ute og åt) og eg trur beint fram at ho vart sint då ho såg at me hadde funne dei. For ho tok med seg den eine med ein gong og la han lenger inn under høyturka (sjå bilete)før eg fekk stappa på plass den enorme plastikkmassen over bolet hennar. Så håpar eg at ho roar det av med flyttinga. Uansett, dei kjem nok fram ein gong og det gler me oss til.

 
At 28 april, 2006 18:21, Blogger Drusa og dei said...

Absolutt helsa! Eg har hatt så lyst å vera med, men no får eg vera heime. Kåre seier at ungdommen må få vera i fred. Og det er sikkert sant!
Elles var svara heilt rette. Seier dei det same i Sogn og Hardanger som på Voss?

 
At 28 april, 2006 23:59, Blogger Sildesotten said...

Ja, sikkert kjekt for kattonga å sjå dagens lys på Tunheim =)Tenk så heldige, blir kjendisa på nette før di sjøl he sjans t å gliba m auene. Mange, mange år si eg he sitt kattonga på akkorat d der tiliga stadie der. Akkorat som någen små kjødpylse m pels på. Kansje litt tynnare någen.
D m vassblaoså vil eg prøva å trekka litt ner på bakken m å sei at eg trur d e den der ballongen m vatn så kjeme ud fysst.

....Og så fere me t Tromsø imåråtilig ja, whiii :)

 
At 22 januar, 2011 15:05, Anonymous Anonym said...

kss r lue k, [URL=http://www.evansporn.com]free xxx[/URL]. yzh h, rvb nryrmu|ohy xnntqqk l ap eo.

 
At 06 februar, 2011 19:21, Anonymous Anonym said...

hetx sqwhx [URL=http://www.katesxxx.com]video sex[/URL] yceyyw g zd a ixd

 

Legg inn en kommentar

<< Home