fredag, april 21, 2006

Vår

No er det vår! Endeleg kom han. Me har venta lenge og jærbuane har grua over kor seint alt vert og gjødselkummane står her proppfulle og sprekkeferdige. Men no er det altså slept laust! Det durar att og fram frå kumme til kjelva og det luktar sterkt! Der det er for blautt til å køyra på bakkane set me spruten på og køyrer på vegen. Alt vert sausa ned, bjørk og furu, tuver og steinar, tunrapp og sølvbunke, alt får sin del av vinterlageret for beitet skal verta godt, smiler bonden i skjegget. Ingen har tid til å ta skjegget i slike tider.
Lamming har kuliminert (fint ord?) for dyrlegen. Storparten av sauene har fått ut det som skal ut her i bygdene. Her heime ventar me på Tilla.. Ho har sikkert kome oppatt for no nærmar det seg to veker sidan ho skulle ha lembt. Og magen veks. Ryggsøyla ligg mellom to store "bollar".Ho og Olivia har størst mage her på garden (etter storleik på kroppen!). Olivia må ta sats for å koma inn gjennom holet i brunnhusdøra og Tilla har hatt vanskeleg for å koma seg på beina. Men ho kom seg ut i dag òg. I går måtte ho endå til springa ein stubbe. Ho og Synnøve var på veg heim frå Bakken då dei møtte traktoren med møkalass rett før dei nådde holet i gjerdet som dei skulle smetta gjennom. Men då dei møtte den kolossen, snudde dei tvert og la på sprang etter beste evne, kanskje me skulle sei dei rugga, i alle fall Tilla. Men dei kom seg heim då traktoren var faren.
Signe og Svanhild er kjempetunge, mora Synnøve, er vorte snill og døtrene er milde(spake) og kjem til meg for å verta klødde. Sist veke vart dei vegne, og var 10 og 11 kg med godt stoff. Valla og Velle til Vera veks dei òg. Snart skal dei merkjast.
Iselotte er dagalaus. Ho skulle ha kalva 18., men går enno. Ho var inseminert med kjønnsseperarert, men no når ho går over tida, vert bonden og budeia litt skepiske til om det har klaffa. I vår bransje er det gjevast med hokjønn, som kjent. Elles nærmar det seg tida då ungbeista vert slepte på beita. Det har me måtta sett langt etter så langt i vår, men i går fann me ut at kanskje om 2- 3 veker går det? Idag trur eg me seier 2!! Det grønkar på bøane og fuglane står på, like fælt som bøndene, berre at dei held seg i eit anna skikt. På den versletne jerseykua på vestmønet på løo sat ein starefar. Såg ut som han hadde stiv mustasje, men det var det ikkje. Han hadde planar, sa han og no skulle dei byggja hus. Så kjekt, sa eg og lukka til med strevet!
God vårdag til deg òg, om du er bonde, fugl eller noko anna!

3 Comments:

At 22 april, 2006 16:56, Blogger Sildesotten said...

Vår i Bergen au ja, men ikkje så mange saua å kjye så valse i gadene. Forstår dar e mange fine og søde med godt stoff på Tunheim ette å ha lest her, både dei m krølle og dei m meir jersey-look. Syns d e veldi godt jort at dåkke greie å ha navn på heile den jengen alså.

 
At 22 april, 2006 18:20, Blogger Drusa og dei said...

Ja, her er mange namn. Og i går kom 430 Mette! Iselotte er mora, altså. Me vart så fornøgde med kyrkalv!

 
At 22 april, 2006 18:27, Blogger Drusa og dei said...

Ja, dæ haure te å verta kossekalv. 351 Iselotte var jo inseminerte med kjønns-separerte sæd. Og sian me æ mest glae i jente, så va det altså sædcelle mæ x-kromosom som va i den dosen. Sållist æ livet i dag. Helsing bonden.

 

Legg inn en kommentar

<< Home