torsdag, september 23, 2004

Kalving

Ein stut er født. Stor og fin. Mor og eg gjekk ut på beitet etter morgonstedla med trillebåra. Etter ein skakande tur var kalven i bingen. Den fyrste driten kom. Den var seig og mørk, slik han skal vera. Bossi (hund) var begeistra over å oppdaga ein nyfødd kalv. Men vart kraftig skuffa då ho etter eit slikk i baken på kalven ikkje kunne finna noko kalvedrit. Eg hadde nemleg fjerna heile skiten. No ligg kalven i godt med halm, med varmepæra over seg. Elles skjedde det lite ekstraordinært, men 366 hadde seg ein liten blåtur inn med kalvegardane, ut i strørommet og gjennom brunnhuset tilbake til fjoset att. Det var nok kjekt, om litt skummelt; Ho måtte sleppa frå seg eitkvart halvvegs.

Dagens ku: 296 - Emma
Fordi: Fekk sin 5. kalv og leverte nydeleg oransje råmjølk.

1 Comments:

At 25 september, 2004 18:24, Blogger Drusa og dei said...

Me har vanleg båsfjos, så eg har ganske avanserte posisjoneringar av og til. Men me får roboten i gang om eit par veker. Utruleg spennande. Då vert det nok ein del å skriva om her, men lite sparking er eg redd.

 

Legg inn en kommentar

<< Home