søndag, september 26, 2004

Sundagsmorgon

Livet for Drusa og dei går sin vante gang om det er kvardag eller helg. På grunn av ombygginga av kufjoset, er det ikkje plass til alle inne. Dei er derfor ute dag og natt. Ikkje så godt når veret er surt.

Om morgonen klokka halv seks tuslar bonden bortover vegen for å henta heim kydne til molking. Grinda er attleten. Ikkje ei ku å sjå. "Koma kossane", ropar bonden. "Tass, tass" høyrest i sorpa. Ikkje akkurat som når "Han innante" skulle forklara lyden av eit kyss: "Som når kua dreg foten opp or eit sorpehol". Men bonden har høyrt det han skal. Kyrne er i bevegelse. Så godt at dei har føter å gå på så ein slepp å bera dei heim. Så er det berre å tusla heimatt. Idag er det grått og fuktig. Snart kjem dei inn fjosdøra. Først Gabrielle. Alltid lyst på mat. Silofôret ligg på fôrbretten, så det er berre å finna seg ein plass og fosyna seg. Så kjem den eine etter den andre. Irma er ei fin, sneddå kviga. Heilt lys i fargen, kremgul. Gerd er litt sur, men går med bestemte steg og finn ein bås. Best at sånne matroner har ein bås åleine. Ikkje alle får det nå når me har for få båsar. 24 kyr må finna seg i at 3 kyr deler 2 båsar. Ein del knuffing vert det. Dei gamle er suraste. Dei unge finn seg i det meste. Slik er livet.

I lag med mjølkekyrne går Gulla. Ho kalva i marka (på beitet) for ein månad sidan. Ein fin liten stutkalv. "Mors lille Ole". Far hans stammar frå Frankrike; Limousin. Det er ikkje plass til Gulla og Mors lille Ole. Dei ventar ute til dei andre kyrne er mjølka. Så slepp dei inn. Gulla likar å få kraftfôr og silofôr. Mors lille Ole bryr seg ikkje alltid om å vera med inn. "Mor kjem snart ut att", seier han. Og det gjer ho. Men snart er påbygget ferdig, og då skal alle kunna gå ut og inn som dei vil. Mors lille Ole skal òg det, dersom han oppfører seg fint. Men dersom han finn på å skita på forbrettet der alle skal finna maten sin, må han nok flytja til stallen. Me får sjå.

Dette var ei lita helsing frå "bonden sjøl". Mangt hender på Tunheim. Så det kjem nok meir herfrå. Mykje liv kan det verta når gjeldskreppene kjem heim frå beitet. Då skal dei på nytt finna ut kjev som er sterkast. Rangordenen er i stadig forandring. Dei nederst på rangstigen har lyst å klatra oppover. Det går ikkje utan kamp, ofte så sorpa skvett.