måndag, februar 04, 2008

Det skal ikkje vera lett

Hei igjen.
Nå er det bonden som er på nett.
Eit lite framhald omkring det med frie fettsyrer i mjølk.
Onsdag i siste veka kom ein kar frå TINE. Saman skulle me ta ut ein masse mjølkeprøvar for å prøva å finna ut kor fettkulene i mjølka vert knuste slik at fettsyrene kan verta frie i mjølka.
Eg har trudd at mjølkeroboten var syndaren. Det var feil. Det er altså ikkje alt som er så heilt enkelt å forstå. -Dei to viktigaste faktorane, så langt me har funne ut til nå, er kort mjølkingsintervall og fõret. Problemet vart akutt i haust då kraftforleverandøren forandra på innhaldet i kraftforet. På grunn av problem med å få tak i mais, vart mengden raps tredobbla. Det ga seg store utslag hjå mange. Det er ikkje berre me på Tunheim som slit. Det er mange. Aldri har dei på meieriet nokon gong hatt så mange produsentar som ligg heilt på grensen til kravet for elitemjølk. Kanskje har fjorårssommaren med mykje regn og nedsett kvalitet på siloforet også noko å bety. Forekspertar er kopla inn for å løysa problemet.

Elles går livet sin gang. 878 Trine kalva sist veke. I dag kalva ei kvige, 426 Linnros. Eg veit ikkje riktig kvifor ho heiter Linnros. Det finnst ikkje roser på henne i det heile. Men ho er den siste som har L som første bokstav i namnet. Så alle andre namn på L var vel oppbrukt. Ho var altså fødd i desember 2005. Neste kvige til kalving er 427 Marlén. Terminen hennar er i dag. Marlén var fødd på nyåret 2007, då bonden og budeia var på Filippinene. Der vart me kjent med ei dama som var gift med ein normann. Ho heiter Marlén.

428 Miss kalv i sist blogg, trur eg. I alle fall så er ho ei snill og fin ung ku. Riktig eit prakteksemplar m.h.t. oppførsel. Ho likar når me er i fjoset. Fylgjer med kor me er, og dersom me stoppar opp ein plass, er det ikkje lenge før ho står attmed oss. Det er koseleg. Ytelsen er godt over 20 liter til dagen alt nå, så tidleg etter kalving. Så det er ikkje noko å klaga på. Bestemor til Miss heitte 210 Svinta. Svinta mjølka ikkje så mykje, men ho var i særklasse når det gjeld innhald i mjølka. Svinta var ei ku i sin beste alder då me kom til Tunheim i 1995. Namnet hennar fortalde litt om korleis ho var. Liten og kvikk. 319 Frøken, mor til 428 Miss, er den einaste kua me har etter Svinta. Derfor er det spesielt gildt å få eit slikt gildt dyr (som Miss) som etterkomar etter Svinta.

Takk for praten for denne gong!

Helsing bonden.

1 Comments:

At 05 februar, 2008 19:51, Anonymous Anonym said...

Javel...
Eg forstår at det e det indra som telle hos kjydnan :) Det e jo godt, e jo sånn at det e der me helst vil at fokus ska ligga, ikkje sant?!
Men så he nå dåkka kjydna et fortrinn når det gjelle udseende au, fine og festsminka kver dag, liksom :)
Viss eg sko vore ku, så ville eg vore ei jersey...Då hadde eg hatt klaue, og det hadde vore vanskelig å treffa tastane på pcen. Masteren hadde vore vanskelige å gjønåføra då. Det e an nå forsåvidt for folk med nyanserte fingra au.... :P

 

Legg inn en kommentar

<< Home