Rotta og kattar
Me har rotter i fjoset. At her har vore småkryp som har rusla rundt i ulike rom når me ikkje er der, det har me hatt mistanke om. Litt lort har me sett, og to av kattane har sete på "post" på skrivehylla i strørommet. Spesielt Skogakattpuso og Bøgvald har vore trufaste på vakt. Me har trudd det var mus. Eg har aldri vore redd mus, syns tvertimot at det er noko fint med dei, men kanskje eg hadde hylt no viss det kom ei pilande mellom føtene. Det er slikt som kan koma med alderen. I alle fall unner eg kattane den middagen.
I gårkveld starta eg på ein oppreinskingsprosess i fjoset. Vindaugo på nord (jærsk presisering av "kor hen") var tilnærma svarte og med så mykje nedbør som me har hatt, har gjødselkummen nok å ta seg av, om han ikkje skulle få kaskadar frå høgtrykkspylaren òg. Så eg tok på hanskar, slo grønsåpa og salmiakk i bytta og fylte på vatn, og med ei god tvåga, stålskrubb og nal skreid eg til verket.
Kyrne tykte dette var eeineståande gildt. Dei flokka seg rundt meg og nasa på alt, til og med nede bytta. Ikkje trur eg det var fordi dei likar å ha det reint, men heller fordi dei er sosiale vesen. Brått var det som det rykte i flokken og kyrne skvatt til sides. Og der langs med flyterenna kom ei ROTTA! luskande. Fy og uff, tenkte eg. Så er det altså rotter her på garden. Eg trudde helst det var eit teikn på dårleg gardsstell og slarveskap. Og i mitt stille sinn tenkte eg at hadde eg hatt ei skrapa her så hadde eg .. ja. du fårstår sikkert kva eg tenkte. Men rotta pilte ned i enden av skraperenna. Eg vaska og vaska og skifte vatn og det vart så flott. Kyrne vart vist vane med at eg var der, så dei gjekk og rusla og somme la seg. Då skrapo (den automatiske)kom, stod eg klar me mi skrapa for å få den turre lorten ned i holet. Men nedi der sat det nok ei, for plutseleg kom rotto opp! Eg vart heilt forfjamsa, og sa berre oppatt og oppatt: Eg klarer ikje drepa deg! Endå eg stod med skrapo i handa. Men eg la skrapo mi oppå henne så då rotto gjekk vidare var ho i alle fall fortumla. Eg sprang etter Olivia. Ho låg og kvilte med familien rundt seg i farmorstolen, og med ein formektaleg stor mage var ho lite interressert i rottejakt. Eg sleppte henne ned rett bak rotto, men Olivia berre sprang vekk. I farten klarde ho klora meg skikkeleg. Rotto såg sitt snitt til å berga livet og smatt ned mellom ristene. Eg for ut att for å leita etter Skogskattpuso, og møtte henne på veg inn. Ho forstod opplegget med ein gong og sette seg på vakt ved ristene, og der sat ho i dag tidleg og. Rottesteiken trur eg ikkje ho har fenge, men det hadde eg verkeleg unt henne!
No har bonden stappa rottegift ned i eit hol og me har lagt ei plate over. Så får me sjå. Det var ei skakande oppleving for budeia, som de forstår. Rotta slapp med skrekken, men glasrutene på nord er så reine og fine, og dagsljoset strøymer inn. Det ser noko ikkje rotta der ho sit, men det ser eg. Og snart vaskar eg nok fleire glas.
Ha ein god dag!
Treng gode råd om rottejakt. Kva ville du ha gjort?
Eller kanskje du vil dela liknande erfaringar?

4 Comments:
Off, det hørtes ufyseligt ut med rotter, men det har eg GOD erfaring med! Hima har me rett så det rotter i kotte våras. Me pleie som oftast legga ut vanlige rottefeller, men der e ein ting de hate. Det har kome ein dings som ein feste på veggen som pipe konstant. Pipelyden e så høg at me ikkje hørre det, og rottene blir gale, og springe avgårde.
Kanskje dokke sko hatt det i fjøse dokkas?
Takk for tilbud om melkeglas i sist bloggings :) Stort å vinna ein konkurranse som eg egentlig ikkje he någe greia på. Mesten akkorat som å skraba på et flax-lodd.
Når det jelle rotte, så he eg troffe på ei i Bergen nå i vintar. Det va rett der langs Longegårdsvann. Eg va på vei te Salem tiligt ein søndags mårån. Det blei et sånt "magic moment". Både eg og rottå stoppa opp og bara såg kverandre inn i auene. Hu hadde svarte ronde kuleaue som det va sånn fint glimt i (sånn så Ivo Caprino sine figura he). Hadde ingen plana om å dreba o, men det va kanskje for d at eg bara fokuserte på auene... Vett jo egentli at f.eks halen e litt jesnare.
Ok.
Tips for å leva i lag med rottene: fokusèr på auene!
Tips for å kvitta seg med rotte: Engasjer någen katta som he podane godt planta på jorå (Lett tilgjengelig ressurs på Tunheim)
Hallao. Lenge sidan eg hadde vore her, men eg vart fort engasjert i rottejakta, for slikt har eg erfaring med. Eg tok eit ferskt kull på fersken i oppveksten, i ei dunge med varmt høy. Då var eg glad eg hadde gaffelen ved handa.. skal ikkje utdjupa det meir.
Det snør i Tromsø, og me reiser til Mongolia om 11 dagar. Der ventar 30 minusgrader =)
Lukka til med livet på Tunheim.
Kjekt med engsjarete og kommentarskrivande blogglesarar! Når det gjeld rotter, takkar eg for tips. Det med augene var utruleg (fint?). No såg eg mi rotta helst bakfrå og då likna ho på ein bitteliten miniatyrgris. Eg kjem nok ikkje til å senda noko rotta til dei evige jaktmarker, trur eg. Då satsar eg på kattane. At dei klarer det. Skogkattpuso(er vel helst eit samnamn, særnamnet hennar har Ingvil med til Bolivia. Eg hugsar det ikkje.) svinsar rundt i gangane og fjoset uansett kva tid me kjem der. Og kanskje har ho hatt ei rottesteik, og vil ha ei til? Ingen veit, det kan vera fleire rotter i mottinga eller kvar dei no held til. No har ho fenge med seg vetlasystera si, ho Sylvia, med skipsføter. Reknar med at ho har fenge beskjed om å ta mus.(for ho er omtrent så stor som ei rotta sjølv).
Kva meiner eg med mottinga, forresten? Ha ein fin sundag!
Legg inn en kommentar
<< Home